Viser innlegg med etiketten sola. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sola. Vis alle innlegg

søndag 25. september 2011

Sommaren som rann vekk

Då er det vel på tide å blåse liv i ein altfor lenge "sovande" hageblogg.
Denne sommaren må eg innrømme at hagen har vorte forsømt, dels på grunn av helsetilstanden og dels på grunn av prioritering på andre områder.
Veiret denne sommaren har som alle veit vore mildt sagt våt og miserabel for ein hageentusiast og hagelysta har i stor grad vore fråværande, iallefall i periodar.

Store delar av sommaren har dette vore utsikta vår, noko som ikkje bidreg positivt til det helsemessige når ein plagast med muskel og sjelettplager:

Men inn i mellom har det vore små lysglimt som gjev grunn til optimisme også på veirfronten...





Vi bur ikkje slik til at vi ser solnedgangen, men vi har desto meir glede av fagre soloppgangar og særleg på denne tida på året kan det være svært vakre morgontimar å glede seg over dersom overgartnaren viser godsida til.



og når skyene etterkvart forsvinn skin sola og gyllar fjorden



Nokre få dagar har til og med vore retteleg så fine - her ser dåkke indre delen av bygda eg bur i - Davik


Alle bileta er tekne frå veranden vår no i løpet av September.

lørdag 20. februar 2010

Aurikkelblomstring i kjellaren





Ja det er langt mellom innlegga i denne bloggen for tida.
Helsesituasjonen er uforandra og denne veka har ikkje vore den beste i så måte, men det finst og gleder i kvardagen slik som aurikkelblomstringa i kjellaren.



No har to av dei Show-Auriklane som eg sette inn i kjellaren før jul komme i blomst.
Dei står under vekstlys i eit uoppvarma rom der einaste varmekjelda er er eit vekstlysarmatur og to djupfrysarar som gjev frå seg litt varme - nok til at det held seg på plussgrader uansett kor kaldt det vert ute. Og ute er det framleis vinter.

No har snøen lege konstant sidan 19. desember og det er det svært lang tid sidan vi har opplevd på våre kantar. Nett no har vi 42 cm snø "på flat mark " som det heiter ( her skal vi leite lenge for å finne FLAT mark!!!!)
Idag viser temperaturmålaren minus 6,5 grader som er nokså kaldt her hos oss, etter at vi har hatt ein periode med litt mindre kulde.


Fjellet som vi ser bak her heiter Troda eller Storetroda og er eit populært turmål både sommar og vinter. Det er nok flotte forhold å gå på ski til toppen av Troda denne vinteren for dei som er interessert i denslags. Personleg har eg aldri likt meg på ski.




Fleire Show-Auriklar er i knopp i kjellaren så eg håpar det vert fleire spennande opplevingar når dei opnar knoppane sine om eit par veker.

Ellers har eg meldt meg på ein import av auriklar og blåveis frå Tyskland ilag med andre blåveiselskarar på Nordic Hepatica forum
http://www.hepatica.org/phpBB3/index.php
Det vert vel den store invisteringa i hageplantar dette året reiknar eg med. Ellers får eg satse på å ta meg av alle dei frøplantane av stauder eg ikkje fekk prikle i sommar som var. Håpar dei fleste har overlevd vinteren og er klar for prikling til våren.

Sola har vi no hatt sidan 2. februar og i år har vi vore heldige å fått sett mykje til den også dei fyrste to vekene, ikkje kvart år det er så mange soltimar på denne tida.

Her ser vi dei fyrste solstrålane på den fyrste soldagen 2. februar 2010.

Eg ynskjer alle ei god helg!

søndag 1. februar 2009

Då har eg sådd "hagetrolla"


Såsøndag igjen og idag har eg sådd m.a. "Magnars hagetroll" - Eriophyton wallichii som eg fekk tak i frå Euroseeds i Tsjekkia. Det skal no bli spennande å sjå om eg lukkast med dei.
Dei er frå Nepal og India og veks i høgder på 2700-46oo moh. i Himalaya
Rota er brukt i naturmedisinsk samanheng til styrkedrikk las eg på ein nettstad.

I natt har det vore frost. Ikkje meir enn ned i - 1,o men kaldt nok, og idag har det ikkje vorte varmt nok til å ta rimet som hadde lagt seg med natta.
No har eg ein fridag att, så er det atter 8 dagar med jobb og veirmeldingane tyder på at det skal bli kaldt og fint veir slik at vi får sjå sola. Den kjem inn stoveglaset vårt den 3. februar og då skulle det bli på tysdag, men akk eg er nok på jobb den velse tida sola sola er farmme. Men eg som jobbar i ein annan del av bygda der sola ikkje kjem for ut i mars kan iallefall sjå heimatt og sjå kor finte ho skin ut i bakkane. :)
Håpar det ikkje vert altfor kaldt då for barfrost er ikkje særleg godt for plantane som har hatt ein slik lang mildveirsperiode.

Dei frøa eg sådde har eg alle fått frå Euroseeds, han har ei spennande frøliste må eg seie :
http://www.pavelkaalpines.cz/seed-list.htm

Androsace dasyphylla
A. sarmentosa
A. sempervivoises
A. spinulifera
Corthusa brotherii
D. hispida
Eriophyton wallichii - "Magnars hagetroll"
Fritillaria drenovskii
F. gracilis
Pulsatilla albana
Saxifraga kartilaginea
S. ferndinandi-coburgi
S. scardica

I posen med Pulsatilla albana låg det eit frø som avgjort ikkje var Pulsatillafrø som eg sådde i ei potte for seg, det skal bli spennande å sjå kva som skjuler seg i det.


No har eg fått i meg middagen - sosekjøt var det idag, ein av mine favorittar - sau sjølvsagt!