Eg høyrde i radioen idag om ein episode på Eldresenteret på Ål i Hallingdal der ein elg sprang gjennom ei glasrute og inn på eit pasientrom der han tilslutt vart avliva .
Heilt sikkert eit stort sjokk både for elgen, bebuararne og dei tilsette.
Det "måtte" eg bare kommentere på min måte!
Her er heile historia frå Nrk Buskerud:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/buskerud/1.6954378
Elgen på Ål
Det vart no vel noko til hending på Ål
då skogens konge sprang rett mot sitt mål
og gjennom den blanke ruta
så glassplint og rammeverk spruta.
Han hadde høyrt gjete at der var det flott,
å sleppe å fryse - det må være godt!
han hadde nok grunda på dette
om det var det einaste rette.
Han samla seg krefter og rennefart tok
og hamna til slutt bak ei dør i ein krok
der kunne han snart kjenne varmen,
men skjønte ikkje heilt seg på larmen.
Han høyrde det prata og dører som slo
men litt etter litt vart det stillhet og ro,
han saumfarte kvar ein tomme
på det nyokkuperte rommet.
Så brått opna døra seg sakte på glytt,
han stirra nyssgjerrig for dette var nytt
og då kom ein smell så det susa
og elgen seig saman og dusa.
Skal tru om den elgen får oppfølgt sin draum
om varme på kroppen av kommunal straum
og såleis på middagsfat hamne
for alle dei slitne og gamle ?
Viser innlegg med etiketten Elg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Elg. Vis alle innlegg
onsdag 20. januar 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)