Åbo er det svenske namnet på byen (og kansje mest kjendt i Noreg ) frå den tid Finland låg under Svensk herredømme, men finnlendarane likar helst at vi seier Turku ( som rimeleg kan være...!!!).
Turku er Finlands femte største by med ca 177 000 innbyggarar og Finlands eldste by, grunnlagt på 1200-talet.
Fram til 1812 var det hovudstaden i Finland.
I byen finst det utruleg mange gamle og staselege bygg og mange attraksjonar for dei som er historisk interesserte, og for dei som er hagegale er det sjølvsagt med eit besøk i botanisk hage som ligg eit stykke utanfor byen. Der var eg sommaren 2008 (kansje eg skal lage eit innlegg med bilder derifrå og ).
Domkyrkja i Turku er gamal. Den var påbegynt på slutten av 1200-talet.I ein storbrann i byen i 1827 fekk store delar av byen omfattande skadar, deriblandt den staselege domkyrkja som då måtte gjennomgå omfattande restaurering.
Julafta kl.12.00 er det århundrer lang tradisjon (truleg frå den tid byen var hovudstad) at borgarmeisteren erklærer jula for offisielt opna frå domkyrkjetrappa. I tillegg til vakker korsong og eit militærorkester som spelte julesongar. Dette vart kringkasta på finsk TV og det var oppmøtt nokså mange tusen menneske på domkyrkjeplassen som overvar dette såg vi.
Hadde eg visst det skulle eg ha teke meg ein tur og fått opplevelsen med meg for det var ikkje meir enn ca 20 min å gå frå der vi budde.
Byen Turku/Åbo er delt i to av ei elv/kanal som er sjølve livsnreven i byen. Mykje av friarealet ligg langs denne kanalen og ein ser stadig massevis av folk som spaserer langs kanalen i allslags veir både sommar og vinter. Langs kanalen ligg det mange reataurantbåtar fortøygde ved kanalsidene og ein del av dei var i full drift no i jula og såg eg tiltross for at dei alle låg innefrosne.
Her ser vi nedover elva/kanalen frå den nederste av bruene.
Her er utsikta oppover elva frå samme brua. Tre av desse bruene var både for bilar og gåande/syklande traffik fram og tilbake frå ein esida til den andre, medan den fjerde kun var for gåande.
Av dei mange gamle og staselege husa i byen var Handelsbanken. staseleg bygg syns eg.
Plana var at vi skulle ta eit besøk på Oldtidsmuseet som låg like ved elva ca 15-20 min å gå frå der vi budde. Dette hadde vi planlagt laurdag den 3. januar ettersom vi las på nettet at dei hadde ope kvar dag 11.00-19.00, men då vi kom fram hang det oppslag på døra om at det var stengt i jule- og nyttårhelga og opna igjen for publikum den 5. januar - avreisedagen vår !!!!Madammen var innom der sommaren 2008 ( den dagen eg var i botanisk hage) og der var det svært mykje å sjå for den som er historisk interessert. M.a foregår det utgravingar av den gamle byen under noverande gatenivå og publikum hadde adgang mens utgravingane foregår - det hadde vore spennande å fått med seg, men slik gjekk det ikkje.
Eg hadde også planer om å ta bilder av dei flotte, gamle 1 1/2 etg. husa som var mange stader i byen - dei fleste malte i rosa, grøn, blå og gule pastellfargar. Men så pådrog eg meg halsbetendelse på laurdagen då vi skulle på museet så eg måtte halde meg innendørs resten av tida der borte. Dei husa hadde ein spesiell apell til meg må eg seie dei såg så koselege ut.
Noko av det som imponerar meg er alle dei store, flotte trea som pryder byen, både i gamal og ny bebyggelse. Det er tydeleg at byen set mykje inn på å ta vare på grøne verdiar.For den som har lyst å være turist i Turku er det rikeleg muligheter med attraksjonar av både det eine og det andre m.a eit gamalt slott frå 1200-talet som vi enno ikkje har "gjett oss tid til" å sjå nærare på med vi er der, men det kjem nok fleire høver reiknar eg med.
Det går daglega båtruter til/frå Stockholm for dei som vil reise med eigen bil, sykkel eller bare vil følge båten. Dei som har teke den turen anbefalar reisa.





