onsdag 24. februar 2010

JIPPI !!!

Det manglar ikkje på snø denne vinteren, men vi skal ikkje klage. Her er det ikkje meir enn ca 40 cm på bakken, mange andre stadar har dei mykje meir og får jamt påfyll.
No har vi hatt 11 dagar samanhengande utan nedbør men idag fekk vi ei lita lett snøbyge nett so mykje at vi vart påminna om at det ikkje er heilt tomt der oppe.
Mange stadar høyrer eg at dei er alvorleg redde for mangel på vatn etterkvart m.a. i Bergen og eg trur nok at held denne vinteren fram lenge KAN det bli realiteten andre stadar og. Grunnvasstanden på Vestlandet er visst betydeleg redusert las eg for litt sidan.
For ikkje å snakke om reservane i kraftmagasina - straumprisen er sjokkerande kva spotmarkedet angår og fastprisen er og på god fart oppover.
Men det finst håp...........


Under kjeglegrana min skjuler det seg eit håp om at under alt dette kvite er det aktivt liv tross i kulden.



Den fyrste snøklokka har begynt å vise farge og er eit kjærkomme vårteikn - det går på fram i år og.

lørdag 20. februar 2010

Aurikkelblomstring i kjellaren





Ja det er langt mellom innlegga i denne bloggen for tida.
Helsesituasjonen er uforandra og denne veka har ikkje vore den beste i så måte, men det finst og gleder i kvardagen slik som aurikkelblomstringa i kjellaren.



No har to av dei Show-Auriklane som eg sette inn i kjellaren før jul komme i blomst.
Dei står under vekstlys i eit uoppvarma rom der einaste varmekjelda er er eit vekstlysarmatur og to djupfrysarar som gjev frå seg litt varme - nok til at det held seg på plussgrader uansett kor kaldt det vert ute. Og ute er det framleis vinter.

No har snøen lege konstant sidan 19. desember og det er det svært lang tid sidan vi har opplevd på våre kantar. Nett no har vi 42 cm snø "på flat mark " som det heiter ( her skal vi leite lenge for å finne FLAT mark!!!!)
Idag viser temperaturmålaren minus 6,5 grader som er nokså kaldt her hos oss, etter at vi har hatt ein periode med litt mindre kulde.


Fjellet som vi ser bak her heiter Troda eller Storetroda og er eit populært turmål både sommar og vinter. Det er nok flotte forhold å gå på ski til toppen av Troda denne vinteren for dei som er interessert i denslags. Personleg har eg aldri likt meg på ski.




Fleire Show-Auriklar er i knopp i kjellaren så eg håpar det vert fleire spennande opplevingar når dei opnar knoppane sine om eit par veker.

Ellers har eg meldt meg på ein import av auriklar og blåveis frå Tyskland ilag med andre blåveiselskarar på Nordic Hepatica forum
http://www.hepatica.org/phpBB3/index.php
Det vert vel den store invisteringa i hageplantar dette året reiknar eg med. Ellers får eg satse på å ta meg av alle dei frøplantane av stauder eg ikkje fekk prikle i sommar som var. Håpar dei fleste har overlevd vinteren og er klar for prikling til våren.

Sola har vi no hatt sidan 2. februar og i år har vi vore heldige å fått sett mykje til den også dei fyrste to vekene, ikkje kvart år det er så mange soltimar på denne tida.

Her ser vi dei fyrste solstrålane på den fyrste soldagen 2. februar 2010.

Eg ynskjer alle ei god helg!