Viser innlegg med etiketten borelia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borelia. Vis alle innlegg

søndag 24. januar 2010

Auriklar - verdt å vente på til våren


I dag har eg sete og drøymt meg vekk i ymse linkar på nettet med Primula, Hepatica, Saxifraga, Anemonella og ymse anna og kjenner at lengselen mot vårteikn og vårlege aktivitetar vert meir og meir påtrengande. Då er det godt å ha både internett og eigne bileter å trøyste seg med.
I år vert det ikkje staudesåing på meg (trur eg). Eg har rikeleg med uprikla stauder i drivhuset og ute som eg ikkje fekk gjort i sommar av helsemessige årsaker. Desse håpar eg å klare å ta meg av når våren kjem.
Når det gjeld helsa er den ikkje betre, blodprøvane viser at boreliabakterien har byggt seg opp att med høge verdiar og dei kvite blodlegemene er under det nivået dei bør være så eg reiknar med at det snarleg vert ein ny kur for å prøve å ta knekken på styggedomen.
Energinivået er labert og dei andre symptoma har komme att med full tyngde så eg får no bare vente og sjå kva som skjer med vidare behandling osv.
Trasig er det å gå slik mnd. etter mnd., men som eg seier er det dei som har det verre!




Idag har eg lyst å vise fram nokre av dei Aurikkelbileta eg har (har sikkert vist nokre av dei før i bloggen min, men det er vel ei stund sidan så det kan takast att denne gongen og.

Mange av dei har eg sådd sjølv, nokre har eg fått frå andre hageeigarar i området her og nokre er bytteobjekt frå andre hagegale venner som meg rundt om i landet.



Nydelig farge på denne lilla syns eg.


Denne brungule meinar eg at eg fekk hos ei dame i nabobygda ein gong rundt 1990.

Denne lilla og gule er det mange her i bygda som har i hagane sine og er sjølvsagt komen frå ein av dei hagane.


Eg sår aurikkelfrøa i såjord med iblanda litt meir sand. Såtida er frå november til "ut på vinteren", men dei bør helst få nokre veker med temperaturar mellom 0 og 4 grader - så set eg dei ut - kuldegrader er vel strengt tatt ikkje nødvendig.
Eg prøvar å så så tynt at eg kan la dei få 2-3 blad før eg priklar dei, men dei kan sjølvsagt priklast tidlegare og, men ein må være varsam så ein ikkje skadar dei. Det er lett å rive dei sund dersom ein ikkje løyser dei godt nedanfrå under prikling, og då er det lett å få soppangrep i såra. Om så skjer dusjar eg dei med ei oppløysing av Atamon som ein får i daglegvarehandelen.
Ofte sår eg i jordbærkorger for at dei skal få god plass. Eg priklar også i jordbærkorger, dei syns eg er praktiske å arbeide med.


Ein delikat raud variant


Ein heilt mørk lilla variant.


Såååå lekker farge, minner meg om sitronfromasj....
Mange av auriklane har ei utsøkt god duft under blomstring og eg syns særleg mange av dei gule luktar særs godt. Korleis det var med denne varianten hugsar eg ikkje nett no.




Reint kvit aurikkel

Dei to siste eg har bilete av idag er frå Show-aurikkelfrø eg har kjøpt frå det franske firmaet BARNHAVEN. Dei har frø av mange lekre auriklar og andre Primula artar og vel verdt å ta seg tid å besøke på nettet for Primulaelskarar.
Mange andre stadar og er det råd å få tak i aurikkefrø og for dei som er ekstra interesserte i auriklar og andre Primula artar er Dansk Primula Klub ein fin plass å teikne medlemskap og knytte kontakt med likesinna.


Eg er spent på dei av denne sådden som ikkje har blomstra enno skjuler. Før vi reiste på "juleferie" tok eg desse Auriklane inn i kjellaren under plantelyset der i så og seie uoppvarma rom for eg var usikker på herdigheta til desse Showauriklane, og det var sannelig bra så kaldt som det etterkvart vart!
No står fleire av dei med knoppar og om nokre veker vil dei syne kva dei gøymer på - eg gled meg stort til dei viser farge!


Den siste her var eg ekstra stolt over å ha fått fram. Grøn, brun og gul med rikeleg melering ( (det kvite "mjølet") på blomst og stilk.

Så håpar eg at min vesle presentasjon av auriklar har sett litt vibrasjonar igang hos andre og som ventar på vårteikn og blømande tider igjen om nokre få månader.

fredag 11. desember 2009

Endelig ei oppdatering

Biletet her er frå ein flott morgon siste dagen i oktober


Ja no er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min og avlagt rapport - og det bevisst ettersom eg er redd for at det bare hadde vorte syting og klaging over tingenes tilstand og det er ikkje det eg vil bruke bloggen min til !
No har eg imidlertid fått så mange "påminningar" om manglande oppdatering at eg syns eg må gje lyd ifrå meg etterkvart! ;)

Som eg gav inntrykk av i mitt forrige innlegg (å hjelpes - det var jo i begynnelsen av Juli det!!!)
trudde eg at "varmebølga" som reid oss då ein 14 dagers tid hadde teke "duen" av meg -
det skulle vise seg å være ubegrunna!
Det var heilt andre aktørar enn varmen som var årsaka til at eg stadig følte meg verre og verre i form nemleg det farlegaste dyret vi har her til lands - FLÅTTEN.
Det viste seg etterkvart at boreliose var årsaka til at eg var som eg var.
Eg som trudde at eg var "overarbeidd" gjekk til legen i midten av august - midt i ferien - då var eg så dårleg at eg innsåg at dette måtte være noko som ikkje retta seg berre med total kvile og fråhald frå fysiske utskeiingar.
Legen fant fort ut at sterke dosar penicilin måtte til mot boreliose, i tillegg var verdiane av immunforsvaret nokså lave.
Legen sa alt ved fyrste konsultasjon etter at boreliose var påvist at eg måtte reikne med at dette kunne ta tid å rette opp i .
Kort fortalt så går eg fortsatt sjukmeld, med mykje smerter og energilaus.

Nokre dagar med søraustkuling har vi hatt både i november og desember, men ikkje skadeveir.

Hagen har eg ikkje gjort noko med sidan begynnelsen av Juli månad og den ser ut deretter!! :(
Av same grunn har eg holdt meg stort sett vekke frå både hagegal og dei hagegale sine bloggar i heile haust. Eg merka at det var best for psyken å ikkje følge med på alt dei andre hagegale foretok seg, planla og drøymde om.
No er imidlertid ei gryande lyst til å delta litt igjen begynt å røre seg kjenner eg - saknet har vore der !! ;)

Eg fekk klipt plenen eit par gongar i august/september -seinare har det vore hjorten som har teke seg at den biten - aldri har hjorten vore så nærgåande som denne hausten. Daglege (nattlege) besøk av 2-3 stk som beita så nær huset der var noko å beite på - alle eplene var det hjorten som tok seg av -sjølvsagt før dei var klare til hausting. Og i brunstpreioden var det brøling natta lang, av og til høyrdest det mest ut som han stakk haudet inn soveromsglaset og ropte - det vart lite søvn av slikt !!
Heldigvis er det lite skade han har gjort bortsett frå lerketreet mitt som fekk seg ein smell - ellers er det stort sett bare trakkskadar i bed og ikkje minst i fjellhagen.
Drivhuset mitt vil eg ikkje nemne - det vert ein storjobb å reingjere og reinske opp når eg ein gong får krefter nok til å starte på det. Håpar imidlertid det meste har overlevd der sjølv om stellet har vore minimalt dei site månadane. Det vart svært mykje soppangrep der med det våte veiret vi hadde haust og eg som ikkje var i stand til å halde det i sjakk etterkvart.

--Staudesåing vert det ingen ting av denne hausten/vinteren reiknar eg med, har vel nok arbeid til våren å prikle stauder som har stått heile sommaren uprikla i såpottene sine og evt nye som måtte spire.

Vel det var nok syting og klaging - ferdig med den ! :)

Vi bur slik til at sola er borte frå 10. november til 2. februar - her ein av dei siste dagane sola skein her hos oss anno 2009

***** ****** *****

Tida i haust har eg brukt mykje til min andre store hobby - slektsgransking -
Det har vorte mange, mange timar (dagar) med blading i skanna kyrkjebøker, digitaliserte folketellingar og no det siste tilgjengelige - skanna skifteprotokollar som er utlagde på nettet.
Kva skulle eg ha gjort utan det velsigna nettet ? - Utruleg interessant - og så er det så mykje god hjelp å få på div slektsforum når ein står fast og like kjekt er det å kunne hjelpe andre som står fast enten med tyding av meir eller mindre forståeleg hansdskrift eller hjelp til å leite fram dåp, vigsler eller andre aktuelle spørsmål - akkurat som på hagegal !!! :)

Ellers har det vorte turgåing langs skogsvegen som går utover i marka her når forma har tillete det. Vi har hatt mykje flott veir på seinhausten med mange fine dagar i oktober og november og heilt til no i desember, det har vege opp for den samanhenganede våte perioden frå 10. Juli til 10. oktober med nesten dagleg regn og væte.

Ellers ventar vi med spenning og forventning på å bli besteforeldrer igjen - det kan skje kva dag som helst det no fram mot jul, så det vert stor stas å komme til Finland om ei god veke å helse på som vi seier på Davikemål ; eit flånkande nytt familiemedlem.
Ikkje ein gong Nissen kan trylle fram ei slik julegåve!




Dette biletet er teke frå utkikksplassen min når eg går tur i skogsvegen. Her ser vi litt av Davik.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg. Håpar det vert meir jamt med innlegg her og etterkvart!