Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg

søndag 10. januar 2010

Berre eit lite ynskje....



Ja no klarte eg det ikkje lenger - eg bare MÅTTE poste eit innlegg med litt vårleg lengsel på bloggen min.
Eg vart " forleda" til å skrive eit lite dikt når eg såg at det var så mange på facebook som gav uttrykk for at dei lengta mot litt varmare tider og vårdrag i lufta - det drog meg med også.

Vinter er flott det når snøen ligg så stabil og fin som no, men det er kulden eg personleg ikkje taklar. Lungene protesterar allereide ved to-tre kuldegrader og hittil har eg brukt eit tjukt og godt sjal å puste gjennom når eg går ut for å varme opp lufta eg pustar inn, men no vurderar eg å gå til anskaffelse av ei såkalla varmemaske ( er det "Jonasmaske" det heiter? ).
Her hos oss har det vore nede i litt under - 12 på det kaldaste, men nede i bygda på dei lavaste plassane har det vore nede i under - 20 og det er det svært mange år sidan sist. Og enda lenger sidan det har halde seg SÅ kaldt så lenge.
Akkurat no ligg gradestokken på - 6,5 og det er det "varmaste" han har vore sidan juleveka trur eg.

På foringsplassen er det hektisk aktivitet med småfuglar som et seg mette på solsikkefrø, restar av epler og kokte poteter og anna vi har lagt ut til dei.
Dei eg har registrert etter at vi kom heimatt frå juleferien er Kjøttmeis, blåmeis, spettmeis, granmeis, raudstrupe og svarttrast. No gjeld det å fore godt så dei og kjem seg gjennom den strenge vinteren, så får eg forhåpentligvis hjelp av dei til plukking av uønska insektsinvasjon til sommaren som takk for maten.


Eg vil ha mildveir

Kulden han biter og nasa vert raud
eg fyrer i omnen og klagar mi naud.
No vil eg snart ha litt mildveir mot land
slik vi er vandt til ved Nordsjøens strand.
Eg vil sjå krokus og løvetann spire
å gå her og fryse det er ikkje pire!
Svarttrastesongen den lengtar eg til,
eg vil ha vår snart - eg vil, ja eg VIL!




Ser at mange har starta med såing m.a. av tomatfrø, trur eg ventar ei tid enno. Trur ikkje det vert så mykje såing på meg denne sesongen, det spørs korleis helsa utviklar seg utover. Håpar at det snart går rette vegen igjen på det planet og!

Ha ein fin søndag alle saman.

fredag 17. april 2009

Glimt frå hagen

Veksten i Peonbedet mitt er i god gang og i vinter har alle peonane mine overlevd unntatt ein som var litt pjuskete og svak då vinteren kom.
I pionbedet mitt har eg 14 forskjellige peonar - dei fleste silkepeonar , men og nokre andre.
I potter har eg ståande 5-6 peonar som skal plantast i bedet denne våren. Det er i ferd med å fyllast opp der, men eg skal nok finne plass til nokre til.



Pulmonaria 'Samurai' som eg kjøpte under "Hollandsimporten" for to år sidan trivst godt og har god spreiingsevne. Flottast er den igrunnen seinare på sommaren etter at eg har klipt den tilbake og den kjem med store flotte sølvfarga blad.


Podophyllum x hexandrinum (P. emodi) - Himalayafotblad er ein artig skapning - dekorativ både når den kjem opp om våren, under den få dagars varige blomstringa og seinare når den kjem med raude paprikaliknande frukter.



Miniprimulaen Primula warshenewskiana passar godt i fjellhagen der den ikkje kjem vekk blandt større konkurrentar.



Pulsatilla vernalis -Mogopen min kjem med to store og flotte knoppar. Fyrste gong den skal blomstre denne vakre høgfjellsplanten, Sjølvsagt har den fått plass i ei sprekk mellom tilrettelagde steinar i fjellhagen, med rikelig skjellsand innblanda - kalkrikt som han likar det.
Eg undrast på om han vil opne blomane sine idag. I går kveld såg eg såvidt i det kvite så eg trur dagen er inne idag om sola klarar å kløyve det tynne slørlaget av skyer som dekker nett no.

Pinsliljene mine er utsprotne idag så no går det i rekordfart - nesten altfor fort syns eg.

Alle bileta er tekne for 5 dagar sidan.

I går var eg til augespesialist for kartlegging og kontroll.
Idag er det gravferd - så må eg kansje på jobb i kveld.
Har arbeidshelg og så eg har ikkje fri før fredag om ei veke .... dei andre dagane vert det ikkje så store innsatsen i hagen ettersom jobben stel det meste av krefter i denne kroppen.

Ynskjer alle ein fin fredag! :)

PS!
Kl. 10.06: Har vore inne og retta namnet på Primulaen det er bilete av det er IKKJE P. dedeana som eg feilatig skreiv, men P. warshenewskiana - rett namn er viktig!

søndag 5. april 2009

Morgonstemning


Gull over Gullskòra



Eg sit her ei tidleg morgonstund og ventar på at dagslyset skal sige på. Etter mi meining den aller flottaste tida på døgnet, særleg no på denne tida. Opnar eg varandadøra og slår av radioen har eg den flottaste konserten eg kan tenke meg - i ein tretopp sit svarttrasta og tonar ut dei vakraste vårlydane eg veit. Det er for mørkt til at eg ser han, ja for det er hannen som syng så vakkert.

Litt etter kvart vaknar dei andre småfuglane og rundt i busk og kratt og det vert eit rikhaldig lydbilde, tom. tjelden nede i fjæra skvaldrar og kjempar for å oppretthalde teritoriet sitt.
Men over dei alle tonar det ein solist - svarttrasta.
Eg opnar varandadøra meir for å høyre den vakre vårsongen betre, det får våge seg at det vert litt kald trekk, eg har jo gensar å ta på meg....


Etterkvart som det sig på med litt dagslys skimtar eg konturar av landskapet meir og meir - fjorden og fjella - der kjem Skjæret til synes og i ei lita lysstrime.
Skjæret - ein liten holme midt på fjorden ved inngangen til Davikbukta som vert overfløymd ved flo sjø. Like ved sida står det eit oppmurt seglingsmerke måla i svart og kvitt til varsel for sjøfarande om at her er det ei grunne ein ikkje bør komme nær.



Ser eg nedover hagen frå min ståstad på verandaen - ja eg har flytta meg heilt ut no med kaffekoppen min - må nyte både fuglesongen og den kommande dagen i fullt mon,
ser eg det lysnar i ein krans av blomstrande påskeliljetuer kring Morelltrebedet der Primula og krokus blømer så fint.
Der gjel hanen og frå hønsehuset, når eg tenkjer meg om har eg høyrt han heile tida, men den er eg så vandt å høyre at eg legg ikkje merke til det. Det er dei andre lydane eg er konsentrert om no.....




På himmelen hausar det seg opp skyer som ser mørke og truande ut. dei skifter stadig formasjon der dei seglar over himmelkvelven og skapar sitt eige landskap. Ein mild bris frå sør ruskar litt i sjøoverflata og får krusningar til å gje liv i fjorden og.

No har det blitt så lyst at eg ser bøar og hus innover i bygda - strimene etter aktivitet av traktor og gyllevogn for eit par dagar sidan er og eit ekte vårteikn - og lukta som mange hatar som pesten, men som vi som arbeider med og lever av denslags ikkje reagerer noko på høyrer og med.



Det er vår i lufta, i fjæra, på bøane og i skogen og løftar ein blikket mot fjellet ser ein tydeleg at det smeltar og vert mindre og mindre snø dag for dag der og !



Etterkvart vert det fullt dagslys og sola fargar skyene i gull - det lyser gull over Gullskòra

God palmesøndag til dåkke alle.