onsdag 16. juni 2010

Meconopsis betonicifolia 'Lingholm' - Blå Valmuesøster

Sjå kor flott den er! :)



Stor var skuffelsen i vår då eg oppdaga at den blå valmuesøstera mi var daua etter vinteren. Bare tilsynelatande rotne plantedelar var igjen der den har stått dei siste tre åra.
Då eg var med Vågsøy Hagelag på tur til Ålesund i mai kjøpte eg meg ei ny valmuesøster på Viddal Gartneri i Spjelkavik, denne gong av typen 'Lingholm'

'Lingholm' er etter det eg forstår eit samlebegrep av fleire svært like variantar av Meconopsis betonicifolia - altså ikkje den reine arten og heller ikkje ein spesifik sort.

Hos meg har iallefall denne 'Lingholm' større blomster enn den eg hadde frå før som skulle være den reine arten M. betonicifolia.
Meconopsis betonicifolia veks vill i Tibet, vestre delar av Kina (Himalaya) og i Burma .
Den trivst best på næringsrik, lett fuktig jord i halvskugge. Om den står i full sol kan det bli for varmt for den og den vantrivst. Hos meg står den stort sett i skugge til ut på ettermiddagen så den får bar eit par timar sol og ser ut til å trivsat med det.
Eg har også kvit Valmuesøster (M. betonicifolia 'Alba') som kjem i blomst om nokre dagar den har to eller tre knoppar i år.


Stor var gleda idag så eg oppdaga små spirer frå der rota til den gamle valmuesøtra mi stod, den eg trudde var død iløpet av vinteren. Då er det håp om at den òg blomstrar til neste år dersom den veks godt iløpet av sommaren og står over neste vinter.

mandag 14. juni 2010

Peonblomstringa er igang


På laurdag starta Peonblomstringa i hagen min og fyrst ute er denne eg fekk frå Tove i 2007, som eg trur er ein Paeonia veitchii. (Korriger meg om det er feil! )
I år har den 20 blomsterknoppar.

P. veitchii stammar frå Kina og finst som denne med enkle blomster, halvfylte blomster og fylte blomster i fargane kvit , rosa, margenta og raud i ymse variantar. I tillegg har det eit vakkert bladverk - idet heile ein Peon det er lett å bli glad i.



Eg har samla Peonane mine i eit opphøgd bed. Ved planting spanderer eg på dei ein neve beinmjøl og eit godt lag hønsegjødselkompost i botnen av hola og minst 50 cm djupt plantehol og det ser det ut til at Peonane set veldig stor pris på. I år ser dei svært frodige ut og dei fleste kjem med godt med blomster.

Om eit par dagar kjem neste Peon i blomst og eg skal prøve å presentere alle i tur og orden etterkvart dei blomstrar.

fredag 11. juni 2010

Løvetann - Taraxacum


Dei fleste hageeigarar prøver vel å fjerne løvetanna frå hagen sin.
I min hage veks det mange løvetannplantar utan at eg ser raudt av den grunn.
M.a. brukar eg blada til foring av kyllingar når eg har det. Eg snittar opp løvetannblad og køyrer dei gjennom ein elektrisk grønsakskuttar, det vert framifrå fôr som kyllingane set stor pris på frå dei er ei vekes alder og utover.


Bildet over viser den kvite løvetanna - Taraxacum albidum som er viltvoksande i Eurasia, Korea og Japan.
På engelsk har den fått namnet White dandelion/Japanese dandelion og på japansk Sirobana tanpopo .
Den vert ca 30 cm høg og veks på omlag tilsvarnde tilhøve som den vanlege norske løvetanna.

Skjønt den "vanlege norske løvetanna" - Taraxacum officinalis - er eit omfattande begrep.
Visste du at det finst ca 240 underartar av løvetann her i landet, og mange av dei er ukjende anna enn i Noreg?
Går du deg ein fjelltur finn du løvetann langt til fjells - du ser det er løvetann, men om du studerer den nøye er den både mindre og litt forskjellig frå den som står langs grøftekantar, natureng og plener i lavlandet og studerer du nærare dei du finn i lavlandet er der små forskjellar i bladform og blomster som gjer at botanikarane skil dei frå kvarandre.

Eg har to forskjellige løvetenner i hagen min ( i tillegg til den norske viltvoksande) det er Taraxacum albidum og T. pseudoroseum. Den siste har mykje breidare og ikkje så tannete blad som den på bildet.
Fargen på T. pseudoroseum er lys rosa med ein gyllengul midte - denne veks vill på grasslettene i Kina og Sentralasia på 2000-3000 meters høgde.

På varandaen har madammen ein plante av kvar av desse to i kvar si potte og nett no står T. albidum på det finaste i full blomst på verandaen. (bildet)
T. pseudoroseum hadde eit par blomster tidleg i mai, men ser ikkje ut til å komme med meir blomster foreløbig.
Vi er svært nøye på å plukke av blomstrane etterkvart som dei er avblomstra for vi vil ikkje ha desse til å sjølvså seg i hagen, det får holde med dei gule norske.

Eg har eit par år sett etter frø til den Færøyiske løvetanna - Taraxacum faeroense, men det ser ut til å være vanskelig å få tak i frø av den. Den har mørkt bladverk og raudorange blomster.
Den hadde det vore stas å fått tak i.

Løvetannplanten har i tidlegare tider vore mykje brukt som medisinplante mot diverse plager og du kan bruke heile planten. M.a. veit eg dei som brukte rota som kaffeerstatning under 2. verdskrigen og eg veit fleire som lagar vin av blomsten. Den skal visstnok være nokså god på smak.

onsdag 9. juni 2010

Blomstring 1. Juni 2010 - del 3

Morelltrea stod i full blomst 1. juni - seint i forhold til det vi har vore vant dei siste åra - vakkaert den korte tida det står på.


Tredje og siste delen om det som blømer i hagen min pr. 1. juni i år er herved presentert.
Bilda er klikkbare.
Alle desse plantane veks i det eg kallar woodlandet mitt - no ser det ut til at eg omsider skal få meg eit "skikkelig" woodland, men meir om det seinare
Det nederste delen her er nokså fuktig og der trivst mange av desse plantane godt i halvskuggen.


Fylt Soleihov -Caltha palustris 'Multiplex' trivst godt i den lett fuktige delen av woodlandet.

Rhododendron impeditum har etterkvart fått det trangt på vokseplassen sin så det spørs etterkvrt om eg må flytte enten den eller nokre av dei som er i nærleiken.

Sibirmuregull- Waldsteinia ternata - ein krypande bunndekkar som har fine glinsnde blad. Den trivst nær sagt over alt både i sol og skugge.

Flekklungeurt - Pulmonaria saccharata har rosa flotte blomster som er særs godt likte av humlene. Når dei er avblomstra skjær eg ned alt bladverk og nytt bladverk veks hurtig ut att og har stor prydverdi med dei sølvgrå spettane på. I forkant ser vi blada av Heuchera ' Dales Strain' den Heucheraen eg set aller mest pris på.


Primula chungensis veks vill i Sørvest-Kina og Aust Himalaya og trivst godt i fuktig og humusrik jord. I år har den sådd seg veldig i woodlandet så det er tydeleg at den trivst godt der den står.
I bakkant ser vi Acer shirasawanum 'Aurea' ein flott japansk lønn.

Primula eg har fått frå ei hagevenninde på sørlandet - frisk og flott farge

Hylomecon japonica - japansk valmue trivst godt i litt fuktig og næringsrik jord. Blomstringstida er forholdsvis kort og den visnar ned tidleg etter blomstring, men er likevel vel verdt å ha i woodlandet.

Kvite småhjerter - Dicentra formosa 'Alba' likar seg godt der det er halvskugge og litt fuktig jord og lyser godt opp etter at sola har flytta seg så den står i skuggen.

Brunstorkenebb -Geranium phaeum 'Samobor' har eit vakkert bladverk, med flotte brune teikningar på og med brunfiolett blomster. Dei sjølvsår seg lett og kvart år dukkar det opp mange frøplantar rundt om i nærområdet.

Ballblomen er ein kjær forsommarblomstrande staude. Til venstre er det Trollius europaeus - den vanlege ballblomen som ein finn viltvoksane mange stader i landet og t.h. Trollius x cultorum 'Orange Globe' - ein av dei mange hybridane som finst. Denne syns eg har ein varm gulorange farge og ein av dei beste.

søndag 6. juni 2010

Blomstring 1. Juni 2010 - del 2


Eg fortset med dokumentasjon av blomstringa i hagen min 1. juni. og nett no er "sølvkanppane" på det flottaste under det gule morelltreet og her har det selskap av mellom anna Astilboides tabularis, lungeurt, martagonliljer og hasselurt m.m.


Primula elatior-hybridane er fortsatt i blomst og lyser fint opp i "Øvre morelltrebed"



Løytnantshjertene er i full blomst og eit par -tre dagar etter kom dei kvite løytnantshjertene og i blomst.

Denne Euphorbiaen er fargerik og flott no på denne tid men er farleg å "sleppe alus" i eit vanleg bed då den sprer seg sterkt med underjordiske utløparar så denne har fått seg eit eige bed ved sida av drivhuset der han forhåpentligvis ikkje kan spre seg til andre stadar.
Bildet rettferdigjer ikkje den fargeprakten planten oppviser på langt nær....


Alpeakeleia er ei av dei flottaste akeleiene etter min smak - 20- 25 cm høg og tett vekst samtidig er den utruleg blomsterrik. og høver godt både i fjellhagen og i vanlege bed.

Vårlyngen held ut blomstringsperioden.I forkant er det lodnetimian og bakerst er det røsslyngen som eg har klipt tilbake. mange av røsslyngen som står nærast vegen har i vinter fått store vinterskadar av ein eller annan grunn.

Rhododendron 'Baden Baden' er truleg over 40 år gamal og er ein av overlevningane etter dei forrige bebuarane i hagen vår. Sjølv har eg klipt den radikalt tilbake to gongar den tid vi har vore her.

Nokre tulipanar er på hell, men dei seintblomstrande liljetulipanane som eg syns er dei aller flottaste av alle tulipanar står fortsatt i fin kondisjon.

Blomstrande rips - Ribes sanguineum er ei flott busk med ein frisk og fin farge i blomstringstida
Det finst forskjellige nyansar i fargen, men denne syns eg er veldig flott.

Weigela middeldorfiana - gul klokkebusk er meir gul enn det bildet viser - flott, men gjer mindre av seg enn Raud klokkebusk.

Morelltreet stod på det flottaste 1. juni - no ei knapp veke seinare har mesteparten av blomane takka for seg og forhåpentligvis har humler og villbier gjort jobben sin så det vert bra med bær både til folk og fugl i år òg!

torsdag 3. juni 2010

Gyllespreiarsong

Idag las eg ein artikkel på nettet ang. gyllespreiing og fant ut at eg skulle lage min eigen "Gyllespreiarsong" - eller eit varsel om at no er det spreiing på gang!

Den er skriven på dialekt, men eg reiknar med dei fleste forstår likevel.

Etter at eg hadde laga den fant eg ut at den kan syngast til "Tante Sofie-songen" frå Kardemommeby.

GYLLESPREIARSONG


I år lyt kommen tømast heilt, det sikkert e og visst
eg kan kje gå å spare di, no e det siste frist.
No lyt eg bare pøse på og spre i vilden sky
so dar bli plass te fyllje på te hausten att på ny.
De veit det e ennj møkajobb det her eg no ska gjer,
men du og du kor godt det e for bønen dette her.
Å de ska sjå kor groren veks og markja grønkast snart
og mate lyt vi allje ha det e klinkande og klart.
So difor mine venner no med blide auge sjå
at eg kjem rundt med gyllevogn med møkasupa på.
Det ve no kansje lukte litt det er slekt so føle med
men ittepå det verte grønt og gromt som bare det.

onsdag 2. juni 2010

Blomstring 1. Juni 2010 - del 1




Ja tida går fort og no er vi alt komne eit par dagar ut i Juni månad. Naturen går sin gang og i hagen avløyser dei ymse plantane kvarandre i blomstring - nokre i lenger og nokre i kortare periodar.
Dei typiske vårløkane er på hell - dei fleste av dei, men enno blømer perleblomsten, klosterklokkene, ruteliljer, pinsliljer og nokre tulipanar.
Denne gongen vel eg å presentere bilda frå fjellhagen fyrst.
Går alt vel kjem tekst og bilder på rett plass........ og det gjorde det ikkje !!!!!!!
I dag er redigering av tekst og bilder i bloggen heilt umulig ...ikkje anar eg kva som er årsaka. Trur nesten det er betre å fjerne teksten ved kvart bilde.