mandag 15. september 2008

Hornelen

Igår var vi, madammen og eg, på søndagstur til Kalvåg, ei perle ytterst på Bremangerlandet der vi åt middag på Knuteholmen, ein gjennomført marin restaurant på bryggekanten. Oppbygd i og på ei gamal sjøbud og med marine rettar på menyen. Koselig stad der vi har vore mange gongar før på søndagstur ein god times køyring frå der vi bur.
På vegen passerer vi Nord-Europas høgste frittståande fjellklippe, Hornelen 860 moh, eit av dei flottaste fjella i Nordfjord. Velkjend både frå Snorres kongesagaer og ymse andre stader i litteraturen.Hornelen sett frå foten av Rugsundbrua.

Hornelen sett frå Skatestraumen


Smalsarhorn var det gamle namnet på fjellet, og Snorre fortel at Olav Tryggvason i si tid klatra i fjellet her. Mange sagn og segner knyter seg til dette spesielle fjellet og før i tida meinte dei at jonsok- og julafta samla heksene seg på toppen der og heldt fest med fanden sjølv. Dit kom dei ridande på sovlar (sopelimar).

Jakob Sande er ein av dei som har skreve om Hornelen i eit av dikta sine, og han beskriv fjellet slik i fyrste verset:

Djevlesvart, vill som ein trollkatedral
sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval.
hyler åt Satan ein kald koral
når nordvesten bryter på........

Utvilsomt kan Hornelen og landskapet rundt bidra til å framkalle både det eine og det andre når nordvesten og vindar frå andre himmelretningar iblanda med regnelingar feiar over landskapet seine haustkveldar......

Heldigvis var det ein flott haustdag i går - ikkje skyfri himmel, men sola vermde godt likevel og gjorde søndagsturen til ein flott opplevelse.
PÅ Knuteholmen traff vi kjentfolk og vart med og fekk plukke oss ein stor pose med epler frå ein gamal, velvaksen apal.

Hagemessig i går: pakka tre byttepakkar.
Hagemessig i dag : hausta nokre tomatar 'Green Grape' - dei er virkelig gode og dei bør dåkke prøve om dåkke vil smake gourmettomat !!

4 kommentarer:

Harryford sa...

Imponerende saker det der! Over 800 meter! Bringer meg i tanker om Hamarøyskaftet i en annen dikters rike, Hamsun! Den er vistnok bare 612 m høy, men likevel imponerende!!! Joda har vært der - men ikke helt på toppen da!!!

(http://www.nordlandturselskap.no/neted/upload/attachment/site/group1/Hamaroyskaftet.pdf)

Nja - er vel ikke helt fornøyd med det tekniske mulighetene her!!! Linken virker jo ikke!!!

RandiF sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
RandiF sa...

Vi hadde også tenkt oss til Kalvåg søndag og ete middag, men fordi vi hadde litt trøbbel med ein motor i Skatestraumen valde vi å gå heim. Angrar berre på at vi for heilt til Selje, skulle til Amdam, men der var det stengt for sesongen. Så det hadde vore mykje betre om vi hadde gått til Kalvåg, gått tur til Kjerringhalsen og ete middag etterpå. Då hadde vi jo treft dokke og. Men men, slik blei det ikkje......

Men Hornelen passerte vi jo to ganger, og den er skikkelig imponerande, enten vi ser den på avstand eller om vi passerer rett under den....

Mariann S sa...

Huska eg var so imponert over Hornelen når eg var lita, når vi tok hurtigruta til Bergen :)