søndag 28. september 2008

NYSNØ I FJELLET

Ikkje nytt bilde men dei flaumstore elvane er omlag slik dei var her i går ettermiddag. I går i middagstider auste det kraftig ned i fleire timar og elvar og smågroper vaks fort opp overalt.
I tillegg var det i periodar kraftig vind, men heldigvis har eg ikkje oppdaga skadar av korkje vinden eller vatnet her hos meg.
I går kveld var det hagl i bygene og i dag tidleg lyste nysnøen mot meg på fjelltoppane og temperaturen i dag tidleg var 4,5 grader.
I dag tidleg var sola framme eit lite bel, men det varte ikkje lenge før regnbygene kom jagande igjen, men idag har han vore måteleg med nedbøren, faktisk lange periodar med opphald også .

I det veiret som vi hadde i går var det ikkje å tenke på å gå i hagen å arbeide så då vart det fram med PCen og slektsprogrammet for å legge inn nokre av dei mange namn og årstal eg har i permane mine, og no som det er forholdsvis bra mange digitaliserte kilder ute på nettet tek det si tid med kvar person når ein skal verifisere dei opplysningar ein har om fødsel, dåp konfirmasjon, ekteskap, død osv..... desto kjekkare når ein er grundig frå starten.

I hagen er det enno mykje som blømer, men det spørs om det ikkje fekk seg ein du no når vi fekk dette kalde veiret. Men så lenge snø og kuldegrader held seg på betryggande avstand frå hus og hage skal eg vere fornøgd.
Eigentleg kjenner eg at hagesesongen er lang nok no, så inspirasjonen til eit aktivt hageliv minkar og det kan vere kjekt å pusse støvet av meir vinterlege sysslar og.
Har kjøpt meg nokre nye løk som skal ned, ikkje mange, men dei er der og det skal gjerast, men denne veka vert det neppe. Arbeidstida mi den kommande veka tilseier at det ikkje vert hagearbeid i tillegg og til helga skal vi til Beito ein tur og då lyt ein vel ha vinterskodd bil og for å komme seg fram.

Eno er det agurk og tomaten 'Green Grape' i drivhuset ellers er det fullt av plantar som må overvintast - nokre inne, nokre ute og nokre i drivhuset, men eg reiknar med at det er lenge til frost og snø når ned i lavlandet her hos oss.

Enno er det nokre roser som blømer i hagen her
og Compassion har fått eit skikkelig etterflor no
på hausten. Dette er eit bilete frå i fjor.

9 kommentarer:

akoen sa...

Det var snø i fjellet her også i dagtidligt. Det går nok faretruande mot vinter ja. Vi har lov å være litt hagetrøtt no. Det har vore ein lang hagesesong i år.

Lurer ellers på om du ikkje vil ha nokre planter hos meg?

hajal. sa...

Ja det var plantar tilgode hos deg ja..... skal sjå på det eller skal vi vente med det til våren igjen ?

Unknown sa...

Vi på innlandet skulle få snø over 1000 meter. Vinden fra vest har gjort at været holder seg varmere om natta enn da månen var stor.
Pellizene mine står ute ennå, kremt.

Mariann S sa...

Såg nysnøen i fjella her óg (innover mot Ørsta/Volda - her er fjella 'for lave' endå heldigvis...)).

Det blir meir og meir pc-haging for kvar dag ;-)

Harryford sa...

Ja så var du først ute med nysnøen - i år og - og for meg er det greit! ;-)!!!

Strålende vær her, 18 grader og sol - deilig! Vært slik i 2 uker nå, men til mandagen er det visst slutt! Det er ferien også!!!!

hajal. sa...

Anita her vil eg tru at snøfallet kom ned til ca 800 moh.

Mariann:
PChaging kan vere interessant nok det og, iallefall inspirerande.

Harryford:
Dei 18 gradene er dåkke vel unnt, har hatt inntrykk av at dåkke har hatt like mykje regn i sommar/haust som vi har hatt fineveir.
Feriane har eit eige lag å gå fryktelig fort....

Berit sa...

Var en tur på fjellet her i går. Hvitt mellom høstfargene, men bare et lite dryss. Pent, men litt skremmende...

potentilla sa...

Vinterdekkene er på, men helt nødvendig er det vel ikke....
Og løkene kom ikke i jorda.

Anonym sa...

Dei er kvite toppane her og. Vinteren nærmar seg med lange skritt no.
Eg er litt mett og lei av hagelivet for i år, så det er nok på tid å avslutte for vinteren - trur eg;-)