torsdag 11. september 2008

Plantepakking

Idag har mykje av dagen gått til pakking og sending av plantepakkar.
Kjekt å kunne dele plantane sine med andre hageentusiastar rundt i landet, enten det er plantar ein har frøsådd eller ein delar frå blandt dei som stadig utvidar seg i beda og treng "tuktast" litt.

Tabben eg oppdaga i dag under pakkinga var at eg hadde merka feil ein Sanguisorba minor som eg hadde lagt ut til bytte som S. canadensis, men så fant eg heldigvis orginallappen. Tida var knapp så skulle plantane komme fram i posten før helga måtte eg bare pakke og heller legge ved lappe i pakken eller gjere oppmerksom på tabben i PM til mottakarane i etterkant.
Kansje kjem eg då i same stoda som ein viss biskop..... "lettare med tilgjeving enn tillatelse"......?
Hmmmm..... eg vonar at plantane likevel får ein plass i dei hagane dei kjem sjølv om det er betydelig forskjell i høgda på dei to artane.


I det uvanlig flotte haustveiret vi har hatt i dag og
kosa humlene seg på Sedum telephium og andre attraktive haustblomstrande stauder og busker.





Buddlejane er på hell, men Admiralane har kost seg der i mange dagar og det er kjekt å sjå dei att, i fjor var det nesten ikkje ein å sjå etter at det for eit par år sidan var reine invasjonen på haustparten.




Så vil eg vise dåkke morgonstemning i går morgon med utsyn frå verandaen vår, samme posisjon som det vesle biletet lengst oppe til høgre i bloggen.
Her har dagslyset såvidt begynt å komme







Her har dagslyset såvidt begynt å komme




.




Det ser ut til å bli ein vakker dag ...



Sola kjem opp over Løkjaneset
vakkert.....

6 kommentarer:

Herdis sa...

Å så nydelege morgonstemningsbilder! Forstår at du er tidleg oppe. Forresten moro å få sjå fleire bilder frå hagen din!

tutta sa...

ja, savner litt heime ja.. må nukk innrømme det ja :S men det er heldigvis ikkje so langt heim om eg får akutt heimsjuke da :p

nefertiti sa...

Ja, nå har jeg altså drukket to glass rødvin, og når jeg ser på bildet av sedumen m/ humler, så ser jeg noe som minner meg om turen til Disneyland i vår.

...hvor humlene da liksom er øynene... ;-)

hajal. sa...

He he he .... ja som kjent kjem det an på auga som ser, nefertiti..... ;-)

Janne sa...

ååå, den nydelige utsikta!!!! *SAAAAAKNAR*

Unknown sa...

heisann,så det er her jeg skal få vite hva som skjer i hagen.(ler)..stort sett når jeg ser hiusbonden ute,er det bare bakenden jeg ser so stikker opp blant planter og grønt.
men det er da virkelig kjekt at han har en hobby som han trivest med..
lykke til med bloggen din,stor klem