onsdag 24. september 2008

EIN FLOTT HAUSTDAG


Idag starta dagen opp med lavt skoddedekke og ryggonde (frå i går) så humøret var ikkje på topp på morgonen som ventande kunne vere, men det tok seg betydelig opp utover dagen.
Etter å ha planta nokre plantar i woodlandet fant eg ut at eg skulle nytte opphaldsdagen til å kløyve ein del vedkubbar eg har hatt ståande og peike nase til meg i lenger tid og det skulle ikkje meir til før sola fann fram smilet, reiv seg eit hol i skoddedekket og bretta til sides.
Etter at eg hadde kløyvd ved eit par timar i flott solskin med den elektriske vedkløyvaren stod det plutselig ein ukjend mann ved sida av meg og lurte på om eg hadde bruk for jord......
Dei holdt på med muring i nabolaget og hadde litt overskotsmasse som dei ikkje hadde nokon plass å gjere av, så han hadde teke seg ein tur "på lukke og fromme" for å sjå om det var noko som kunne vere interessert i jord, noko eg sjølvsagt takka ja til på flekken, det er ikkje kvar dag ein får slikt tilbod !
Når dei ut på ettermiddagen kom med "jorda" viste det seg at det var for det meste grastorv og stein.... men stein har eg bruk for, og grastorva skal eg nok og få brukt på eit eller anna vis og.....

Så kom postdama med pakke frå Solfrid på hagegal med spennande plantar og liljeløk.
Tusen takk Solfrid, dei skal få sine utvalde plassar alle saman. Spennande å sjå om eg klarar å overvintre Alternatheraen ... kansje eg skal ta i bruk eit av dei tomme akvaria eg har ståande.
Hadde ein Alternathera i akvariet då eg hadde dei i drift med fisk og det heile, men det var ein anna sort.

Eg fekk kløyvd all veden og stabla den inn i vedskjulet så eg var godt fornøgd med dagens innsats. Ryggondet er for det meste jaga på dør - bøy og tøy gjorde nok underverk denne gongen.... ja ikkje heilt då, men han vart no ikkje verre iallefall......

I hagen blomstrar det enno mange stadar og bileta eg viser idag var tekne i går føremiddag.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Så fint at det finnes slike vennlige folk! Men jeg hadde nok blitt litt skremt om noen plutselig sto over meg på den måten... :-)

Unknown sa...

Jøss.. så heldig du var!
Men har du primula eller aurikler, nå?

hajal. sa...

Anita:
Eg jobbar med klokker med radio på øyrene og då skal folk komme temmelig nær meg før eg oppdagar dei når eg kløyver ved. Kan jo av og til få meg ein liten støkk ja når eg står i eigne tankar.....

Charlotte:
Ja,enkelte av elatior-primulaene og auriklane blomstrar no for 2. gong i år - ikkje uvanleg det når det er milde haustar, og slik veiret har vore denne hausten er det ikkje rart dei vil vise seg fram !

Unknown sa...

Imponert over hvor mye som blomstrer oppe hos deg fortsatt!
Rygger må bøyes og tøyes. Dessverre. ;-)