På vegen passerer vi Nord-Europas høgste frittståande fjellklippe, Hornelen 860 moh, eit av dei flottaste fjella i Nordfjord. Velkjend både frå Snorres kongesagaer og ymse andre stader i litteraturen.
Smalsarhorn var det gamle namnet på fjellet, og Snorre fortel at Olav Tryggvason i si tid klatra i fjellet her. Mange sagn og segner knyter seg til dette spesielle fjellet og før i tida meinte dei at jonsok- og julafta samla heksene seg på toppen der og heldt fest med fanden sjølv. Dit kom dei ridande på sovlar (sopelimar).
Jakob Sande er ein av dei som har skreve om Hornelen i eit av dikta sine, og han beskriv fjellet slik i fyrste verset:
Djevlesvart, vill som ein trollkatedral
sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval.
hyler åt Satan ein kald koral
når nordvesten bryter på........
Utvilsomt kan Hornelen og landskapet rundt bidra til å framkalle både det eine og det andre når nordvesten og vindar frå andre himmelretningar iblanda med regnelingar feiar over landskapet seine haustkveldar......
Heldigvis var det ein flott haustdag i går - ikkje skyfri himmel, men sola vermde godt likevel og gjorde søndagsturen til ein flott opplevelse.
PÅ Knuteholmen traff vi kjentfolk og vart med og fekk plukke oss ein stor pose med epler frå ein gamal, velvaksen apal.
Hagemessig i går: pakka tre byttepakkar.
Hagemessig i dag : hausta nokre tomatar 'Green Grape' - dei er virkelig gode og dei bør dåkke prøve om dåkke vil smake gourmettomat !!