onsdag 23. mars 2011

Våren er på veg

Den eldste blåveistua mi av vanleg blåveis Hepatica nobilis har mange knoppar som no kjem litt etterkvart.


Etter å ha vore vekkreiste nokre veker i anledning nytt barnebarn som kom til verda i Valdres. - (ein staut og flott gut) kom vi heimatt til nesten bar mark forrige torsdag og nokre dagar etter var heile hagen snøfri. Snøklokkene stod i fint flor og både det som er gledeleg å sjå og det ein helst ville sleppe å sjå (alt som skal ryddast vekk i beda) kom til synes.

Fredag fekk eg meg ei fin økt og rydda vekk i Peonbedet, der store, svulmande raude knoppar bryt seg opp til lyset og bare ventar på sol og varme.....
Ekstra gledeleg var det óg at trepionen har overlevd denne svært kalde vinteren, som vart innleia med fire veker hard barfrost før snøen kom, står frisk og fin klar til ny dyst. Den MÅ flyttast til ein varig plass denne våren - eg må bare finne ut kvar fyrst...

Vi har hatt to svært så nedbørsrike dagar her i vest no noko dei fleste sikkert har sett i nyhetene, men i går var det lange periodar med opphald og då såg eg meg snitt til å ta med fotoapparatet for å knipse bilder av blåveistuene mine som no står med store knoppar.
Litt sol og varme no så står dei i fullt flor.


Dei ungarske blåveisane er to år gamle i hagen min og her er den fyrste blomstrknoppen i år av den rosa utgåva.

Her er det den kvite sorten ' Weinreichs Weize' som kjem med fleire knoppar.



Her den lyseblå sorten 'Weinreichs Blaue'
- Hjortane som har hatt tilhald her om natta mykje av hausten og vinteren har takka for opphaldet ved å legge att "gjødselkuler" - greit nok, men eg er ikkje verre enn at eg hadde klart å gjødsle beda mine sjølv dersom dei holdt seg i skogen der dei høyrer heime!



Til slutt sorten 'Konny Greenfield' - ein nydeleg flott utgåve av Ungarsk blåveis som eg gled meg til skal openbare seg.

No gjeld det bare at det som er att av vinter ( for den kjem nok heilt sikkert igjen både ein og fleire gongar før han må gje seg) ikkje vert av slikt slag at den gjer skade på dei flotte knoppane som gøymer på så mykje visuell glede.

torsdag 24. februar 2011

Endelig eit livsteikn frå Nordåker

Ja no er det snart to månader sidan sist eg gav lyd i frå meg på bloggen og då syntes eg det var på tide at eg fekk til noko igjen så de ikkje trur eg har avandast...hehe....
Vel, livet går sin gang, men aktiviteten er det mindre med. Nakken har komt seg utruleg bra etter nakkebrotet i haust takka være god oppfølging med fysioterapeut og eigentrening.
Fråvære av energi og dei andre plagene som boreliosen medfører er det verre med......
Legane seier at det det er tida som skal gjere susen no - eg har fått den behandlinga dei KAN gje meg så det så! - Her er det bare å smørje seg med god tolmodighet og gjære det beste ut av det!

Den siste tida har vi hatt eit eventyrleg veir med flott vintersol som blenkjer i bakkane, og med skaresnø er det flott å gå tur på skogsvegen like forbi oss her. Hærleg å komme seg ut på trimtur og nyte den flotte vintersola og få litt ekstra lys i vintermørkret.

Det kalde veiret har gjort at alle fjellskjæringar er rikt dekorerte med isjuklar over alt, kunstnerisk oppbygde på naturen sitt eige vis. Vakkert å sjå på når ein veit at det renn vekk av seg sjølv når veiret tillet det.


Frå skogsvegen er det flott utsikt innover fjorden som slike dagar ligg roleg og fin

Her ser vi fjellet Vindfylla på andre sida av fjorden

Inst i fjordarmen her ligg Nordfjordeid næraste handelsstaden vår når det skal handlast anna enn melk, smør og andre daglegvarer.

Det finst isformasjonar i alle variantar. .... her ein einsleg stav

.... her eit heilt isberg .....

No får eg håpe at eg får til litt oftare innlegg i bloggen min etterkvart enn det har vore i det siste. Etterkvart vårast det no litt etter litt og då vert det meir å skrive om ialle fall sjølv om ikkje aktiviteten her er så stor.
Faktisk så sådde eg ein del staudefrø i forrige veke og fekk satt ut til stratifisering. Det var ein del Clematissortar, nokre liljer og tja...hugsar eg meir då ?
Eg har ein del Meconopsis frø og som skal såast, men dei trur eg at eg ventar med.

Eg trur alle bilda er klikkbare så bare klikk i veg og nyt vinterbilda. ;)

fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Eit år går fort og året 2010 er ikkje noko unntak i så måte.
For meg har det vore eit nokså spesielt år ettersom eg har gått sjukmeld sidan august 2009 med diagnosen boreliose (ein bakterie forårsaka av flåttbitt for X antalll år sidan).
Dette fører til mange fysiske plager som energiløyse, mykje verk i kroppen m.m. og tilstanden vart ikkje betre då eg i slutten av september var uheldig å gli på sleipt gras og falle utfor ein liten mur, landa på nakke/skulder med resultat nakkebrot og kompresjon øverst i ryggen.
Eg må seie meg utruleg heldig som slapp frå det med "skrekken" - utruleg heldig er eg som ikkje hamna i rullestol etter nakkebrotet - marginane var på MI side denne gongen.

Hagestell som er ein av dei store hobbyane mine har for det meste lege på vent dette året i påvente av betre tider, noko som speglar seg av i blogginnsatsen min dette året.
Derimot har eg hatt utruleg mykje glede av den andre hobbyen min slektsgransking.
Dessverre fann PC'en min det for godt å ynskje meg god jul med svart skjerm i slutten av november så dei siste vekene har eg hatt ein "lånepc" så både slektsforsking og det meste anna eg vanlegvis fordriv dagane med har måtte ta pause ei stund. Pc'en min er til reparasjon og eg reiknar med at det "bare" skjermen/skjermkortet som har takka for seg så eg ser fram til å få att min eigen pc snart.

Jula har vi tilbrakt roleg i heimen, med mykje god mat og drikke slik skikken er.
Denne jula hadde vi yngste dattera og sambuaren heime, samt den ca 4 mnd gamle katten Ziggy.
Den siste sytte for å skape liv og røre i heimen så tom. katten vår Solo på 8 år tykte det var øye moro å ha julegjestar i hus.

Den uvanleg kalde november og desember har no gått over i mildveir og regn, og skal vi tru meterologen skal det bli høve til å få lufte seg skikkelig iløpet av den siste kvelden dette året.
Eg trur eg skal forholde meg roleg i sofakroken denne kvelden òg - nyte den gode varmen frå kaminen samt god mat og drikke.

Då vil eg ynskje alle eit GODT NYTT ÅR og takke for det gamle som om nokre timar ebbar ut.
Måtte alle mine venner og kjende få eit like harmonisk og fredeleg nytt år som desse to på biletet under!


Her strekkjer Solo og Ziggy ut etter ei runde "stova rundt" i full fræs som oftast endte i ein vennskapleg "brytekamp" under spisebordet.

mandag 11. oktober 2010

Druehausten og turgåing

Litt av utsikta frå "kvilebenken" i Nipsene der mine daglege turar har sitt endepunkt.




No i det siste har vi hatt mange gode stunder med heimelaga druer frå drivhuset. God kvalitet på druene vart det i år i forhold til i fjor då det meste av druene rotna vekk i det svært fuktige veiret vi hadde då.
Den gulgrøne sorten heiter Himrod og er søte og gode dersom dei får henge til dei er godt modne. Problemet er ofte sprekking med påfølgane soppangrep som sprer seg raskt så ein må passe på kvar dag og plukke vekk så snart ein der ei drue som får brunfarge.


Den andre sorten eg har veit eg ikkje namnet på, men det er nok ei typisk vindrue med tjukt skal og inneheld nokså mykje syre og bittersmak. Ikkje alle druene like mykje, nokre kan tom. være nokså gode på smak. Eg for min del held meg til dei gulgrøne ettersom eg får plage med magesyra ved å ete dei blå, men vakre er dei både i skåla og i taket i drivhuset! ;)




Ellers har eg hatt mange fine skogsturar i finveiret i det siste på mi faste rute langs skogsvegen på eit lite stykke av "Nordsjøløypa" som vart opna her i bygda tidlegare i sommar.


Parti frå skogsvegen der eg går tur. Fjellet i bakrunnen heiter Troda (eller Storetroda) og er 954 moh. - eit populært turmål for mange både sommar og vinter.

Langs skogsvegen er det mykje og mangt å studere, som steinar og berg pent dekorerte frå naturen si side med ymse slags mose og lav. Som det berget på bildet over .....

....eller i fuktige grøftekantar der torvmosen lyser mot oss i og er slett ikkje mindre prydeleg enn mange plantar ein plantar i hagen. Likeeins med desse moseartane som veks side om side på bildet under. Den mørk grøne heiter bjørnemose, men den andre arten veit eg ikkje namnet på.
Kansje nokon av lesarane mine kan gje meg eit hint ? ;)

På "endestajonen" på turane mine er det utplassert ein benk i tilknytting til "Nordsjøløypa" og der sit eg og nyt utsikta (det øverste bildet) før eg vender nasa heimover igjen.
Ikkje så veldig lang tur, men lang nok for meg i den situasjon eg er no. Det gjer iallefall godt både for kropp og sjel å gå tur, og godt å ha eit mål for turen.
Også bildet under har eg teke frå der min endestasjon er på dagsturane mine. Vi ser fjorden innover mot Nordfjordeid.

God haustferie til dei som har det denne veka og nyt hausten og fargane dei som har høve til det.

onsdag 6. oktober 2010

Hoya - Porselensblomst


Hoya er ei spennande planteslekt der den mest kjende er Hoya carnosa eller Voksblomst som den vert kalla på norsk. Det er lettstelte plantar som tåler godt at eigaren reiser frå dei ei stund eller tillet seg å "gløyme " dei ei stund.
Vi har hatt Hoya i våre glaskarmar i fleire omgangar, men dei vert av og til angripne av ullus og skjoldlus og då ryk dei rett ut om vi ikkje klarar å få bukt med problemet.

No har vi hatt ein art her eit par år som eg trur er ein Hoya carnosa 'Compacta'
Den veks seint, har "skrudde" blad og hadde nok heilt sikkert teke seg bra ut som hengande om den hadde hatt meir enn desse to rankane vårt eksemplar har.
Vi har plassert den i selskap med ei due og der ser den ut til å like seg for no kvitterer den med ein blomsterklase. Godduftande som den er (særleg om kvelden) er det meir enn bare pryd for auga.
I drivhuset har eg hatt ståande ei potte med ein variegert sort av Hoya carnosa, stiklingar tekne frå dattera vår sin plante i Valdres. Ein plante ho fekk av oss for to og eit halvt år sidan då vi var på besøk der.
Den var det no på tide å ta i hus for eg har ikkje varme i drivhuset mitt.
Den er meir av den klatrande sorten når den fyrst kjem i gang og kan etterkvart dekke eit nokså stort areal, eller ein kan lage eit espalier til den og feste den til det - vi får sjå etter kvart som den veks til.



For mange år sidan hadde eg eit flott eksemplar av Hoya bella - liten voksblomst som eg fekk av mormora mi. Den misste eg dessverre under eit stort ullusangrep, men den ynskjer eg meg igjen. Ein virkelig flott Hoya med rik blomstring og godduft som kan fylle eit heilt rom.

tirsdag 28. september 2010

Ukjent tre frå Rhodos


Dette treet har eg fått frå ei hagegalvenn som fortel at frøa var hausta på Rhodos, men vi kjenner ikkje til kva slag tre det dreiar seg om.
Er det nokon som kan identifisere det for oss hadde eg vorte svært glad.
Det ser ut til å være fullt hardført her for eg har overvintra det ubeskytta i potte i kaldt drivhus i to vintrar og den siste vinteren er absolutt noko av det kaldaste vi har hatt på lang tid.

Nydelege haustfargar har det iallefall og vil verte eit flott prydtre med tida, men det hadde vore kjekt å vite kva ein kan forvente seg i høgde, og kva jordforhold osv. det helst likar før ein vel ut vokseplassen.


Resultat:
Då trur eg vi har fått slått fast at treet heiter Koelreutheria paniculata (på dansk Kinesetre)
Dette treet brukte fornemme Kinesiske slekter til prydtre på familiegravplassen sin las eg ein eller anna stad på nettet.
Vert ca 10 m. høgt, trivst best på grusblanda jord og er svært tørketålande.

Takk til Orchis som klarte å overbevise meg om atdet er dette treet (til slutt ;) )


lørdag 25. september 2010

Knall og fall........

Lange skuggar minner oss om at hausten er kommen og den mest aktive hagesesongen snart er over.

Denne hagesesongen har forøvrig ikkje vore så aktiv for min del pga. boreliosen eg har kjempa med det siste året og no har den fått nok ein stoppar på ubestemt tid.
Årsaka er at eg tysdag gleid på sleipt gras, falt stygt utfor ein meters høg mur, ned i ei veggrøft og slo nakken, armen og skuldra og vart sendt i ambulanse til sykehuset på båre og med nakkekrage. Jau då, på MR og røntgen viste det nakkebrudd, men ikkje brot ellers i kroppen. Men nervebanene i skulder og arm har fått seg skikkelig bank.
Så var det sengeleie og vidare undersøkelsar m.a CT -skanning og bilda vart sendt vidaresendt til ekspertgransking på Haukeland.
På fredag kom svaret tilbake frå Haukeland og då var meldinga: javisst var det brot mellom 6. og 7. nakkevirvel, men brotet var av gamal dato så eg kunne bare ta av kragen og reise heim....... :-O .......
Hæ?????
sa eg, kan ikkje hugse at eg nokon gong har hatt SÅ vondt i nakken at eg kan ha brote den tidlegare i livet...
(Madammen og eg har i etterkant komme fram til at det må være slik at eg i eit tidlegare liv fall utfor ein stad og brakk nakken og då har eg også forklaringa på min høgdeskrekk... ) :))))))

Så sit eg her då kraftig forslått, vondt i nakke, skulder og arm.
venstre peikefinger er nummen og nedsatt kraft i, men eg har full bevegelse i den. Det verste er nervesmerter i venstre armen som plutselig høgg til som knivar og varer frå nokre sekund til nokre minutt og eg veit aldri når dei høgg til. På dei virkar heller ikkje smertestillande så eg får no bare leve med dei til nervane har hela seg sjølv. Det gjer dei visstnok kansje om nokre dagar, men det kan og ta inntil nokre månader før alt er normalt igjen, sa legen.Ja ja, når fyrst uhellet var ute så var eg kjempeheldig tross alt. Det kunne lett vorte skikkelig fatalt fall denne gongen. Så kan ein seie at det var ikkje lurt å gå der akkurat då det var SÅ sleipt og glatt, eller at eg burde hatt andre sko på meg osv.... men det er ALTID lettast å sjå i etterpå-klokskapens lys.

No har vi fått att fineveiret og det skal visstnok vare ei heil veke fram i tid så eg får prøve å "nyte" rekonvalesensen til å nyte haustsola med å gå små turar så ofte eg orkar i nærmiljøet, men eg kjem nok til å halde meg stortsett til vegar med fast dekke eller grus den næraste tida.

God helg til alle og pass dåkke på haustlege sleipe og glatte underlag.