Hoya er ei spennande planteslekt der den mest kjende er Hoya carnosa eller Voksblomst som den vert kalla på norsk. Det er lettstelte plantar som tåler godt at eigaren reiser frå dei ei stund eller tillet seg å "gløyme " dei ei stund.
Vi har hatt Hoya i våre glaskarmar i fleire omgangar, men dei vert av og til angripne av ullus og skjoldlus og då ryk dei rett ut om vi ikkje klarar å få bukt med problemet.
No har vi hatt ein art her eit par år som eg trur er ein Hoya carnosa 'Compacta'
Den veks seint, har "skrudde" blad og hadde nok heilt sikkert teke seg bra ut som hengande om den hadde hatt meir enn desse to rankane vårt eksemplar har.
Vi har plassert den i selskap med ei due og der ser den ut til å like seg for no kvitterer den med ein blomsterklase. Godduftande som den er (særleg om kvelden) er det meir enn bare pryd for auga.
I drivhuset har eg hatt ståande ei potte med ein variegert sort av Hoya carnosa, stiklingar tekne frå dattera vår sin plante i Valdres. Ein plante ho fekk av oss for to og eit halvt år sidan då vi var på besøk der.
Den var det no på tide å ta i hus for eg har ikkje varme i drivhuset mitt.
Den er meir av den klatrande sorten når den fyrst kjem i gang og kan etterkvart dekke eit nokså stort areal, eller ein kan lage eit espalier til den og feste den til det - vi får sjå etter kvart som den veks til.
For mange år sidan hadde eg eit flott eksemplar av Hoya bella - liten voksblomst som eg fekk av mormora mi. Den misste eg dessverre under eit stort ullusangrep, men den ynskjer eg meg igjen. Ein virkelig flott Hoya med rik blomstring og godduft som kan fylle eit heilt rom.