Viser innlegg med etiketten Is. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Is. Vis alle innlegg

fredag 17. februar 2012

Snøklokketid


Under kjeglegrana har snøklokkene blomstra sidan tidleg i Janauar, der står dei lunt og godt og beskytta mot snø. Om jorda frys til og telen ligg i marka dei fleste stadane i hagen har dess det lunt og godt.



Då har vi komme over midten av februar i år og, skal seie tida går fort mot vår og sommar igjen.
Her har snøklokkene vore i blomst i fleire veker alt. Periodevis over og under snøen. Heldigvis har vi vore forskåna for dei store snømengdene til no denne vinteren, så alt i alt må eg seie denne vinteren har vore fantastisk flott. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje likar snø iallefall.

Snøklokkene derimot er noko av det finaste eg veit - iallefall no på denne tida når det ikkje er noko anna som blomstrar utanom snøklokka og av og til ein og ennan Primula som år om anna kan framvise ein blomst no og då gjennom heile vintteren dersom veirforholda tillet det.


I morelltrebedet blomstrar snøklokkene flott. Ellers dukkar dei opp mange stadar i hagen etterkvart som dei er klare til det. Somme stadar ligg det fortsatt flekkar med snø og is og for all del det kan enno komme mykje snø denne vinteren, men den verste og mørkaste tida av vinteren er no snart forbi (håpar eg)!



Nokre meter nedanfor drivhuset går den gamle eigedomsgrensa vår. No er gjerdet nedteke og eg ryddar kratt og tre litt no og litt då. Den øverste delen av den nye stykket er der plass til nokre frukttre som etter plana skal flyttast der til. Eg har nokre ståande på foreldra mine sin eigedom, men der er hjorten så fæl å rasere dei kvar haust at det er ikkje stas i det heile.
Plana er då å flytte desse trea ned til det nye stykke vårt når eg har fått rydda krattet og forhåpentligvis får jamne litt slik at eg kan slå det med klipparen.
Resten av det nye stykket er så kupert og bratt at det nyttar ikkje å slå med klippar. Der får eg plante til med div. busker og lage stiar og tråkk slik at ein i allefall kan ta seg fram med trillebår og liknande reidskap om nødvendig.
Ting tek tid - iallefall når ikkje helsa er som den skal. Eg har iallefall nok å styre med dei dagane eg har ork til å holde på ei økt eller to.



Her er eit parti frå det nye stykket vårt, bildet teke i fjor fjø eg starta rydding av kratt og runnar.
Ikkje så mange vekene no til kvitveisen står i full blomst i bakkane igjen.

torsdag 24. februar 2011

Endelig eit livsteikn frå Nordåker

Ja no er det snart to månader sidan sist eg gav lyd i frå meg på bloggen og då syntes eg det var på tide at eg fekk til noko igjen så de ikkje trur eg har avandast...hehe....
Vel, livet går sin gang, men aktiviteten er det mindre med. Nakken har komt seg utruleg bra etter nakkebrotet i haust takka være god oppfølging med fysioterapeut og eigentrening.
Fråvære av energi og dei andre plagene som boreliosen medfører er det verre med......
Legane seier at det det er tida som skal gjere susen no - eg har fått den behandlinga dei KAN gje meg så det så! - Her er det bare å smørje seg med god tolmodighet og gjære det beste ut av det!

Den siste tida har vi hatt eit eventyrleg veir med flott vintersol som blenkjer i bakkane, og med skaresnø er det flott å gå tur på skogsvegen like forbi oss her. Hærleg å komme seg ut på trimtur og nyte den flotte vintersola og få litt ekstra lys i vintermørkret.

Det kalde veiret har gjort at alle fjellskjæringar er rikt dekorerte med isjuklar over alt, kunstnerisk oppbygde på naturen sitt eige vis. Vakkert å sjå på når ein veit at det renn vekk av seg sjølv når veiret tillet det.


Frå skogsvegen er det flott utsikt innover fjorden som slike dagar ligg roleg og fin

Her ser vi fjellet Vindfylla på andre sida av fjorden

Inst i fjordarmen her ligg Nordfjordeid næraste handelsstaden vår når det skal handlast anna enn melk, smør og andre daglegvarer.

Det finst isformasjonar i alle variantar. .... her ein einsleg stav

.... her eit heilt isberg .....

No får eg håpe at eg får til litt oftare innlegg i bloggen min etterkvart enn det har vore i det siste. Etterkvart vårast det no litt etter litt og då vert det meir å skrive om ialle fall sjølv om ikkje aktiviteten her er så stor.
Faktisk så sådde eg ein del staudefrø i forrige veke og fekk satt ut til stratifisering. Det var ein del Clematissortar, nokre liljer og tja...hugsar eg meir då ?
Eg har ein del Meconopsis frø og som skal såast, men dei trur eg at eg ventar med.

Eg trur alle bilda er klikkbare så bare klikk i veg og nyt vinterbilda. ;)