tirsdag 19. januar 2010

Den rosa haien

Vinterlyset kan være flott også her i vest, og for nokre dagar sidan (fredag) var det flotte morgonfargar over landskapet .


Ofte er det mange rare formasjonar på skyene som kan sette fantasien i sving.
Er ikkje dette ein hai kansje ?

Den rosa haien på veg nordover.

torsdag 14. januar 2010

Litt om Turku by ( Åbo)

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg vil eg vise noke vinterlege bilder frå Turku (Åbo) som er ein flott , gamal by i vårt naboland i aust.
Åbo er det svenske namnet på byen (og kansje mest kjendt i Noreg ) frå den tid Finland låg under Svensk herredømme, men finnlendarane likar helst at vi seier Turku ( som rimeleg kan være...!!!).

Turku er Finlands femte største by med ca 177 000 innbyggarar og Finlands eldste by, grunnlagt på 1200-talet.
Fram til 1812 var det hovudstaden i Finland.
I byen finst det utruleg mange gamle og staselege bygg og mange attraksjonar for dei som er historisk interesserte, og for dei som er hagegale er det sjølvsagt med eit besøk i botanisk hage som ligg eit stykke utanfor byen. Der var eg sommaren 2008 (kansje eg skal lage eit innlegg med bilder derifrå og ).


Domkyrkja i Turku er gamal. Den var påbegynt på slutten av 1200-talet.
I ein storbrann i byen i 1827 fekk store delar av byen omfattande skadar, deriblandt den staselege domkyrkja som då måtte gjennomgå omfattande restaurering.
Julafta kl.12.00 er det århundrer lang tradisjon (truleg frå den tid byen var hovudstad) at borgarmeisteren erklærer jula for offisielt opna frå domkyrkjetrappa. I tillegg til vakker korsong og eit militærorkester som spelte julesongar. Dette vart kringkasta på finsk TV og det var oppmøtt nokså mange tusen menneske på domkyrkjeplassen som overvar dette såg vi.
Hadde eg visst det skulle eg ha teke meg ein tur og fått opplevelsen med meg for det var ikkje meir enn ca 20 min å gå frå der vi budde.



Byen Turku/Åbo er delt i to av ei elv/kanal som er sjølve livsnreven i byen. Mykje av friarealet ligg langs denne kanalen og ein ser stadig massevis av folk som spaserer langs kanalen i allslags veir både sommar og vinter. Langs kanalen ligg det mange reataurantbåtar fortøygde ved kanalsidene og ein del av dei var i full drift no i jula og såg eg tiltross for at dei alle låg innefrosne.


Her ser vi nedover elva/kanalen frå den nederste av bruene.


Her er utsikta oppover elva frå samme brua. Tre av desse bruene var både for bilar og gåande/syklande traffik fram og tilbake frå ein esida til den andre, medan den fjerde kun var for gåande.


Av dei mange gamle og staselege husa i byen var Handelsbanken. staseleg bygg syns eg.


Plana var at vi skulle ta eit besøk på Oldtidsmuseet som låg like ved elva ca 15-20 min å gå frå der vi budde. Dette hadde vi planlagt laurdag den 3. januar ettersom vi las på nettet at dei hadde ope kvar dag 11.00-19.00, men då vi kom fram hang det oppslag på døra om at det var stengt i jule- og nyttårhelga og opna igjen for publikum den 5. januar - avreisedagen vår !!!!
Madammen var innom der sommaren 2008 ( den dagen eg var i botanisk hage) og der var det svært mykje å sjå for den som er historisk interessert. M.a foregår det utgravingar av den gamle byen under noverande gatenivå og publikum hadde adgang mens utgravingane foregår - det hadde vore spennande å fått med seg, men slik gjekk det ikkje.

Eg hadde også planer om å ta bilder av dei flotte, gamle 1 1/2 etg. husa som var mange stader i byen - dei fleste malte i rosa, grøn, blå og gule pastellfargar. Men så pådrog eg meg halsbetendelse på laurdagen då vi skulle på museet så eg måtte halde meg innendørs resten av tida der borte. Dei husa hadde ein spesiell apell til meg må eg seie dei såg så koselege ut.


Noko av det som imponerar meg er alle dei store, flotte trea som pryder byen, både i gamal og ny bebyggelse. Det er tydeleg at byen set mykje inn på å ta vare på grøne verdiar.


Solnedgang i Turku - biletet teke frå verandaen til dattera vår.

For den som har lyst å være turist i Turku er det rikeleg muligheter med attraksjonar av både det eine og det andre m.a eit gamalt slott frå 1200-talet som vi enno ikkje har "gjett oss tid til" å sjå nærare på med vi er der, men det kjem nok fleire høver reiknar eg med.
Det går daglega båtruter til/frå Stockholm for dei som vil reise med eigen bil, sykkel eller bare vil følge båten. Dei som har teke den turen anbefalar reisa.

søndag 10. januar 2010

Berre eit lite ynskje....



Ja no klarte eg det ikkje lenger - eg bare MÅTTE poste eit innlegg med litt vårleg lengsel på bloggen min.
Eg vart " forleda" til å skrive eit lite dikt når eg såg at det var så mange på facebook som gav uttrykk for at dei lengta mot litt varmare tider og vårdrag i lufta - det drog meg med også.

Vinter er flott det når snøen ligg så stabil og fin som no, men det er kulden eg personleg ikkje taklar. Lungene protesterar allereide ved to-tre kuldegrader og hittil har eg brukt eit tjukt og godt sjal å puste gjennom når eg går ut for å varme opp lufta eg pustar inn, men no vurderar eg å gå til anskaffelse av ei såkalla varmemaske ( er det "Jonasmaske" det heiter? ).
Her hos oss har det vore nede i litt under - 12 på det kaldaste, men nede i bygda på dei lavaste plassane har det vore nede i under - 20 og det er det svært mange år sidan sist. Og enda lenger sidan det har halde seg SÅ kaldt så lenge.
Akkurat no ligg gradestokken på - 6,5 og det er det "varmaste" han har vore sidan juleveka trur eg.

På foringsplassen er det hektisk aktivitet med småfuglar som et seg mette på solsikkefrø, restar av epler og kokte poteter og anna vi har lagt ut til dei.
Dei eg har registrert etter at vi kom heimatt frå juleferien er Kjøttmeis, blåmeis, spettmeis, granmeis, raudstrupe og svarttrast. No gjeld det å fore godt så dei og kjem seg gjennom den strenge vinteren, så får eg forhåpentligvis hjelp av dei til plukking av uønska insektsinvasjon til sommaren som takk for maten.


Eg vil ha mildveir

Kulden han biter og nasa vert raud
eg fyrer i omnen og klagar mi naud.
No vil eg snart ha litt mildveir mot land
slik vi er vandt til ved Nordsjøens strand.
Eg vil sjå krokus og løvetann spire
å gå her og fryse det er ikkje pire!
Svarttrastesongen den lengtar eg til,
eg vil ha vår snart - eg vil, ja eg VIL!




Ser at mange har starta med såing m.a. av tomatfrø, trur eg ventar ei tid enno. Trur ikkje det vert så mykje såing på meg denne sesongen, det spørs korleis helsa utviklar seg utover. Håpar at det snart går rette vegen igjen på det planet og!

Ha ein fin søndag alle saman.

torsdag 7. januar 2010

Jula i Turku (Åbo)

Som sikkert dei fleste veit tilbrakte madammen og eg jul- og nyttårshelga hos mellomste datter med familie i Turku (Åbo), Finland.
Vi kom heimatt på tysdag (5.01) og er no sånn nokonlunde komne på rett kjøl igjen etter reisinga.


Norsk/finsk juletre på den innebygde varandaen

Heile tida var det kuldegrader der og bortsett frå mandag og tysdag i romjula - mandag regna det og tysdagen var det våt snø som kom.
Det var ikkje meir enn 10-12 cm snø den tida vi var der men laurdag den 2. jan var det ned i -18 grader og det var kaldt.
Denne dagen skulle madammen og eg på museumsbesøk og eg pådrog meg halsonde og forkjølelse sjølv om eg tok alle forholdsreglar med hensyn til god påkledning og pusting gjennom eit tjukt ullsjal. Dessutan var museet stengt og opna ikkje før avreisedagen vår!

Skulle nok ha holdt meg innandørs den dagen ja !


Den store hendinga for familien denne jula var var vesle Solveig sin ankomst. Natt til søndag 27. desember kom ho til verda- stor og flott jente på 52 cm og 3735 gr.

Besta fekk være med på fødselen og stolt var ho nok då ho fekk klippe navlestrengen til den fyrste datterdattera.
Solveig og mamma kom heim frå sjukehuset allereide etter 1 1/2 døgn og gleda var stor i heimen både for far, besteforeldrer og ikkje minst storebror Mikael (20 mnd).


Ein stolt besten kosar seg med Solveig på sofaen ein av dei fyrste dagane.





Her er det Mikael og besten på sofaen ilag med Hoppsidaisy det er nok Drømmehagen på dvd som opptek Mikael og Hoppsidaisy.

Alle vennane i Drømmehagen er dei store heltane til Mikael for tida og til jul fekk han pakke ut Hinkelpinkel "i lys levane live" - det var bare å trykke på ein knapp så både prata og dansa han !



Han fekk også Hoppsidaisy og den vart sussa så ansiktet var heilt vått.



Ein dag vi var på byen fant vi også "Makkapakka" og kjøpte den til han - trur nok at Makkapakka er den han likar best av alle. (gløymde å ta bilde av Makkapakka)


Skal komme tilbake til meir bilder frå Turku i nytt innlegg seinare i bloggen.


søndag 27. desember 2009

Eg er blitt Besten på nytt!

Hei alle saman.

Som nokre kansje veit er madammen og eg på juleferie i Turku, Finland (Åbo) og håpte i den anledning at vi skulle få med oss den store familiebegivenheten dette året - nemlig det tredje barnebarnet vårt sin ankomst før vi skal tilbake til Norge den 5. januar.
Det greide vi - terminen var i går og jenta kom idag tidleg velskapt og fin vel 5 om morgonen.
Ekstra kjekt var det at Besta fekk være med på fødselen, det sette ho stor pris på!

Ellers er det vinter her og 4-5 minusgrader og 10-12 cm snø, men det er "heilt andre kuldegrader" enn dei vi opplever heime så det er fint å gå tur i Turku by uten at kulden bit for mykje og ein pådreg seg luftvegsinfeksjonar som eg har lett for når det er kuldegrader.
Vi bur nær sentrum og frå blokka der vi bur er det 5 min rolig spasertur ned til elva som delar byen i to. Turku er den eldste byen i Finland og var tidlegare hovudstad så her er mykje flotte gamle bygningar å sjå. Eg har teke ein del bileter, men dei må eg vente med å presentere til etter vi har komme heimatt til min eigen PC.

Ellers vil eg ynskje alle ei riktig fin romjul.

fredag 11. desember 2009

Endelig ei oppdatering

Biletet her er frå ein flott morgon siste dagen i oktober


Ja no er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min og avlagt rapport - og det bevisst ettersom eg er redd for at det bare hadde vorte syting og klaging over tingenes tilstand og det er ikkje det eg vil bruke bloggen min til !
No har eg imidlertid fått så mange "påminningar" om manglande oppdatering at eg syns eg må gje lyd ifrå meg etterkvart! ;)

Som eg gav inntrykk av i mitt forrige innlegg (å hjelpes - det var jo i begynnelsen av Juli det!!!)
trudde eg at "varmebølga" som reid oss då ein 14 dagers tid hadde teke "duen" av meg -
det skulle vise seg å være ubegrunna!
Det var heilt andre aktørar enn varmen som var årsaka til at eg stadig følte meg verre og verre i form nemleg det farlegaste dyret vi har her til lands - FLÅTTEN.
Det viste seg etterkvart at boreliose var årsaka til at eg var som eg var.
Eg som trudde at eg var "overarbeidd" gjekk til legen i midten av august - midt i ferien - då var eg så dårleg at eg innsåg at dette måtte være noko som ikkje retta seg berre med total kvile og fråhald frå fysiske utskeiingar.
Legen fant fort ut at sterke dosar penicilin måtte til mot boreliose, i tillegg var verdiane av immunforsvaret nokså lave.
Legen sa alt ved fyrste konsultasjon etter at boreliose var påvist at eg måtte reikne med at dette kunne ta tid å rette opp i .
Kort fortalt så går eg fortsatt sjukmeld, med mykje smerter og energilaus.

Nokre dagar med søraustkuling har vi hatt både i november og desember, men ikkje skadeveir.

Hagen har eg ikkje gjort noko med sidan begynnelsen av Juli månad og den ser ut deretter!! :(
Av same grunn har eg holdt meg stort sett vekke frå både hagegal og dei hagegale sine bloggar i heile haust. Eg merka at det var best for psyken å ikkje følge med på alt dei andre hagegale foretok seg, planla og drøymde om.
No er imidlertid ei gryande lyst til å delta litt igjen begynt å røre seg kjenner eg - saknet har vore der !! ;)

Eg fekk klipt plenen eit par gongar i august/september -seinare har det vore hjorten som har teke seg at den biten - aldri har hjorten vore så nærgåande som denne hausten. Daglege (nattlege) besøk av 2-3 stk som beita så nær huset der var noko å beite på - alle eplene var det hjorten som tok seg av -sjølvsagt før dei var klare til hausting. Og i brunstpreioden var det brøling natta lang, av og til høyrdest det mest ut som han stakk haudet inn soveromsglaset og ropte - det vart lite søvn av slikt !!
Heldigvis er det lite skade han har gjort bortsett frå lerketreet mitt som fekk seg ein smell - ellers er det stort sett bare trakkskadar i bed og ikkje minst i fjellhagen.
Drivhuset mitt vil eg ikkje nemne - det vert ein storjobb å reingjere og reinske opp når eg ein gong får krefter nok til å starte på det. Håpar imidlertid det meste har overlevd der sjølv om stellet har vore minimalt dei site månadane. Det vart svært mykje soppangrep der med det våte veiret vi hadde haust og eg som ikkje var i stand til å halde det i sjakk etterkvart.

--Staudesåing vert det ingen ting av denne hausten/vinteren reiknar eg med, har vel nok arbeid til våren å prikle stauder som har stått heile sommaren uprikla i såpottene sine og evt nye som måtte spire.

Vel det var nok syting og klaging - ferdig med den ! :)

Vi bur slik til at sola er borte frå 10. november til 2. februar - her ein av dei siste dagane sola skein her hos oss anno 2009

***** ****** *****

Tida i haust har eg brukt mykje til min andre store hobby - slektsgransking -
Det har vorte mange, mange timar (dagar) med blading i skanna kyrkjebøker, digitaliserte folketellingar og no det siste tilgjengelige - skanna skifteprotokollar som er utlagde på nettet.
Kva skulle eg ha gjort utan det velsigna nettet ? - Utruleg interessant - og så er det så mykje god hjelp å få på div slektsforum når ein står fast og like kjekt er det å kunne hjelpe andre som står fast enten med tyding av meir eller mindre forståeleg hansdskrift eller hjelp til å leite fram dåp, vigsler eller andre aktuelle spørsmål - akkurat som på hagegal !!! :)

Ellers har det vorte turgåing langs skogsvegen som går utover i marka her når forma har tillete det. Vi har hatt mykje flott veir på seinhausten med mange fine dagar i oktober og november og heilt til no i desember, det har vege opp for den samanhenganede våte perioden frå 10. Juli til 10. oktober med nesten dagleg regn og væte.

Ellers ventar vi med spenning og forventning på å bli besteforeldrer igjen - det kan skje kva dag som helst det no fram mot jul, så det vert stor stas å komme til Finland om ei god veke å helse på som vi seier på Davikemål ; eit flånkande nytt familiemedlem.
Ikkje ein gong Nissen kan trylle fram ei slik julegåve!




Dette biletet er teke frå utkikksplassen min når eg går tur i skogsvegen. Her ser vi litt av Davik.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg. Håpar det vert meir jamt med innlegg her og etterkvart!

fredag 3. juli 2009

Utslått av varmen

No har vi lagt bak oss juni månad godt og vel og mange har ferie i desse tider.
Sjølv har eg ikkje ferie før i august og det passar meg godt.
Juni månad var nedbørsfattig, bare 28 mm kom det og det er langt under "normalen" og ikkje meir enn ein skapeleg renveirsdag her på Vestlandet.
Jonsokdag begynnte varmen og den har holdt seg til no og etter mange dagar med 24 grader og over føler eg meg heilt utslått av varmen. Slik varme taklar eg ikkje. Ikkje er eg i stand til å jobbe i solsteiken og når sola har gått ned om kvelden har eg ikkje energi til nokon innsats då heller. Nattesøvnen er og minimal.
Hagearbeid vert kun det mest nødvendige vatninga av det som er mest utsatt. Det får bli som det blir, reiknar med at det meste klarar seg uansett til det vert svalare og meir levelege forhold etter helga. Håpar bare vi får ei god rotbløyte for det trengst virkelig no over alt.
Tordenveiret som feia over landskapet mandagskvelden etterlet seg bare 1,5 mm og brannutrykning pga skogbrann ikkje så langt herfrå.

I hagen blomstrar det i alle fargar, mange er ferdig med blomstringa og byr fram modne frø medan andre nett har komt i blomst.
Idag vil eg heller vise eit par andre ting eg har som blomstrar nett no m.a. Rottehalekaktusen:


Denne Rottehalekaktusen (Aporocactus) eg fekk frå Inger Karin i 2006 har flotte blomster no





Denne Phyllocactusen blomstrar og fint no, den og har eg fått som bytteplante frå hagevenner på hagegal.



Ellers er det fint med ikkje blomstrande plantar og som dette graset Scirpus 'BronzeForm' syns eg er dekorativt ilag med plantar med andre bladformer.


To av Brudesporane eg fekk i fjor kom utruleg nok med blomster i år. Dei har eg valgt å dyrke i potte iallefall inntil vidare.

Også Solopus syns det vert vel varmt i solsteiken og kviler seg for det meste av dagen i skuggen i høgt gras innlagt ein og annan drikkepausen og jakt etter markmus og andre vilt i grasjungelen.

Uff ja det vart kansje vel mykje syt og klag i dette innlegget, men reiknar med at eg vert i betre humør når temperaturen vert meir "normal" ....
Kos dåkke med varmen dåkke om tåler den ! :)