fredag 7. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 4

Då er eg kommen til det siste kapittelet i seiren om blomstrande stauder i hagen min den 1. mai i år. Har sett i ettertid at det er eit par eg har oversett m.a. kvit Arabis men den kjenner vel alle til så det er nok å bare skrive namnet. Det er utruleg kor fort det veks og utviklar seg no om dagen sjølv om temperaturen ikkje er noko å skryte av for årstida.


Omphalodes verna - vårkjærminne er ein plante som eignar seg både i sol og skugge og er fin å bruke der ein vil ha noko som skal bre seg raskt og være heildekkande.
I fjellhagen har eg forskjellige "miniplantar" slik som Draba sphaeroides (over) og Draba rigida (under). planteslekt Draba har ca 300 forskjellige artar, og dei fleste liknar mykje på kvar andre i vekst og blomst. Det er ypperlege plantar å bruke i fjellhagen då dei dannar små puter ellar tepper og trivst godt i grus/sandblanda jord.


Ei anna plantelekt i same kategori som Draba er Androsace som er ei planteslekt med ca 100 artar. Dei veks i Alpine områder i Asia, Europa og Nord-Amerika. Dete bildet vart ikkje særs vellukka, men det syner iallefall korleis eg har planta den i sandblanda jord mellom stein med eit godt topplag med grus over, trur eg skal ha på meir sand og singel på toppen etterkvart og.



Androsace carnea ssp. brigida ( eg trur det skal være det rette namnet) ) heiter denne arten


Bergenia er ei planteslekt som klarar seg både i sol og skugge.
Dette er sorten 'Bessingham White'


Denne Bergeniaen heite ' Rosie Klose'

Den blå Lungeurten - Pulmonaria angustifolia har ein frisk blåfarge som lyser godt opp om våren. Humlene er svært flittige i lungeurtgruppene på solrike vårdagar så det er nok rikeleg nektar å hente der.

Her er det Flekklungeurt - Pulmonaria saccharata som har masse lyse flekkar på blada.
Eg har også to andre lungeurtar i hagen min Rød lungeurt ( P. rubra) som er ein del kraftigare i veksten enn dei andre og med raude blomster og ein med sølvfarga blad med sortsnamnet 'Samurai' .
For flekklungeurten og ' Samurai' sin del er det blada som er pryden, får dei får lov å blomstre vert fargen i blada nokså blasse og mindre dekorative så dei skjær eg ned nokså tidleg for å få opp nye og dekorative blad.


Den siste som får være med i biletgalleriet denne gongen er vårlyngen Erica carnea. Syns dei er flotte, særleg i kombinasjon med stein .

7 kommentarer:

Alexia sa...

Deilige bilde Hajal :D. Gleder meg vilt til det starter her også :)

RandiF sa...

Den kvite Bergeniaen var knallfin. Sikle....Kor fikk du tak i den?

hajal. sa...

Alexia:
Håpar det var den siste rest av vinter veirmeldingane bar bod om hos dåkke og i kveld.

Randi:
Når eg skulle sjå etter på merkelappen var den sporlaust vekke så det hugsar eg ikkje i farten, men trur det er ein bytteplante frå ein eller annan. Den er flott, men eg syns det har vore litt lite fres i den.

Kristin Aurdal sa...

Jøss som det blomstrer hos deg da. Her er det kuleprimula, primula, snøklokker og noen løkblomster som jeg ikke husker navnet på som blomstrer. Krokusen synger på siste verset og vårkjøreminne blomstrer for første gang i min hage. Nydelig blomst som jeg nok kommer til å bruke som bunndekker flere plasser.
Kjekt å se på bildene dine - da ser jeg hva jeg har å glede meg til :-)

Mariann S sa...

Utrulig mykje flott som blomstrar hos deg :) Det er ei so deilig tid dette her. I går var det nesten sommar :) Første plenklipp er unnagjort :))) Men... veret er vekslande gitt, i dag regnar det igjen. God helg inni Davikja :)

hajal. sa...

New Dawn/Mariann:
Takk for det begge to! Etter mi meining er dette den aller flottaste tida på året og eg har ein forkjærlighet for vårblomstrande plantar noko hagen min ber preg av merkar eg.
I ettermiddag har eg og plan om å starte plenklipparen for fyrste gongen i år.

Ah09 sa...

Så ufattelig mange flotte planter du har !!! Jeg har laget til et fjellhagebed nå, skal bli spennende å se om jeg finner noen flotte til å ha oppi der på senteret her, bildene dine inspirerte, jeg har notert flittig ;)