Då er eg kommen til det siste kapittelet i seiren om blomstrande stauder i hagen min den 1. mai i år. Har sett i ettertid at det er eit par eg har oversett m.a. kvit Arabis men den kjenner vel alle til så det er nok å bare skrive namnet. Det er utruleg kor fort det veks og utviklar seg no om dagen sjølv om temperaturen ikkje er noko å skryte av for årstida.
Omphalodes verna - vårkjærminne er ein plante som eignar seg både i sol og skugge og er fin å bruke der ein vil ha noko som skal bre seg raskt og være heildekkande.

I fjellhagen har eg forskjellige "miniplantar" slik som
Draba sphaeroides (over) og
Draba rigida (under). planteslekt Draba har ca 300 forskjellige artar, og dei fleste liknar mykje på kvar andre i vekst og blomst. Det er ypperlege plantar å bruke i fjellhagen då dei dannar små puter ellar tepper og trivst godt i grus/sandblanda jord.

Ei anna plantelekt i same kategori som Draba er
Androsace som er ei planteslekt med ca 100 artar. Dei veks i Alpine områder i Asia, Europa og Nord-Amerika. Dete bildet vart ikkje særs vellukka, men det syner iallefall korleis eg har planta den i sandblanda jord mellom stein med eit godt topplag med grus over, trur eg skal ha på meir sand og singel på toppen etterkvart og.
Androsace carnea ssp. brigida ( eg trur det skal være det rette namnet) ) heiter denne arten

Bergenia er ei planteslekt som klarar seg både i sol og skugge.
Dette er sorten
'Bessingham White' 
Denne Bergeniaen heite
' Rosie Klose'
Den blå Lungeurten -
Pulmonaria angustifolia har ein frisk blåfarge som lyser godt opp om våren. Humlene er svært flittige i lungeurtgruppene på solrike vårdagar så det er nok rikeleg nektar å hente der.

Her er det Flekklungeurt -
Pulmonaria saccharata som har masse lyse flekkar på blada.
Eg har også to andre lungeurtar i hagen min Rød lungeurt ( P. rubra) som er ein del kraftigare i veksten enn dei andre og med raude blomster og ein med sølvfarga blad med sortsnamnet 'Samurai' .
For flekklungeurten og ' Samurai' sin del er det blada som er pryden, får dei får lov å blomstre vert fargen i blada nokså blasse og mindre dekorative så dei skjær eg ned nokså tidleg for å få opp nye og dekorative blad.

Den siste som får være med i biletgalleriet denne gongen er vårlyngen
Erica carnea. Syns dei er flotte, særleg i kombinasjon med stein .