torsdag 12. mai 2011

Årets fyrste Peonen i blomst



Så er den fyrste peonen i blomst. Eg har mista namnelappen så eg er ikkje sikker på kva det er for ein art, men det er ein frøsådd sak. Truleg er det Paeonia veitchi, men eg er ikkje sikker for denne er bare ca 50 cm høg og den andre eg har som eg veit er P. veitchi er 70 cm høg. Eg veit ikkje om den arten kan variere så mykje i høgde. No er riktignok den lave 4-5 år yngre så det kan no ha litt å seie også. Dessutan syns eg det er litt forskjell i bladverket og, men det og kan ha litt med alder å gjere.

På biletet under ser vi den eg veit er P. veitchi som eg fekk som liten frå Toveve på hagegal for nokre år sidan og den har vakse seg jamt og trutt større og kraftigare for kvart år og i år kan eg telle 32 blomsterknoppar som no er begynnt å vise farge.


I år er det for fyrste gong knopp på Svovelpeonen (P. mlokosewitchi) også, frøsådd og etter det eg har forstått kan den variere litt i farge så den er eg spent på, men det tek ei god stund enno før den viser farge.

Det mest gledelege er at alle peonane eg kjøpte ved Kinaimporten i fjor har klart vinteren og er i god vekst. Dei var litt seine før dei begynte å vegetere så eg var litt i stuss om dei kom igjen i det heile.

Ein annan spennande Peon er den frøsådde trepeonen eg fekk frå Bina på Hagegal for nokre år sidan. Til no har den bare stått der og ikkje blomstra, men i år er det masse knoppar på den. Eg flytta den tidleg i vår og det ser den ut til å ikkje ha teke skade av heldigvis.

Så vil eg vise bilde av den flotte japanske lønnen min med namnet 'Orange Dream' nydelig bladverk både vår og haust.

Her er dei nye blada i ferd med å folde seg ut.....


No er dei pålag fullt utvikla flotte blad og flotte fargar....

Så litt på avstand så ein ser forma på busken. Ein slik lønn får plass sjølv i ein svært liten hage.

fredag 29. april 2011

Dufta av nyslega plen...

Idag har eg slege plenen for fyrste gong i år ... å så godt det luktar av nyslege gras og etter den fyrste slåtten er alltid lukta av nyslege plengras den aller beste. Dertil vinsten ved at hagen med eitt ser meir velstelt ut når plenen er klipt (Sjølv om langt ifrå alt er på stell ellers i hagen)!
Ei anna lukt som brer seg er pinsliljene som har slått ut i full blomst iløpet av dagen, ikkje rart så varmt og drivande det er i veiret no om dagen.

Ellers blomstrar mangt og mykje no etterkvart. M.a. Himalayfotblada (Podophyllum), den fylte Soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex), Blodrota (Sanguinaria) Tulipa urumiensis, Muscari og mange sortar Narcissar m.m. , men meste stolt er eg av Fritillariaen på bildet under - sådd hausten 2007 og planta under svarthyllen som gjer at den har det nokså tørt etter at lauvet er komme på hyllen, det trur eg er eit lurt trekk samt rikeleg med næring frå tidleg vår. Eg hadde ikkje venta at den skulle komme i blomst enno. Eg har også to andre Fritillaria som står med knoppar frå same årgang.


Ellers blomstrar fleire av auriklane mine og under er nokre av dei som no er i blomst. Det som er mindre kjekt i år når det gjeld auriklar er at "barnehagebedet" der eg hadde alle frøplantane som eg sette ut er herpa av hjorten i løpet av hausten og vinteren. Berre nokre er att der dei var planta resten et borte vekk eller eg finn ein og annan hist og her med inntørka røter på stadar dei "ikkje høyrer heime".



Dei siste dagane har eg omgjort "øvre morelltrebed" til blåveisbed og fått planta ut ein del blåveisplantar som var frøplantar i fjor og året før. Også orkideane Cypripedium og Brudespore (Gymnadenia) har fått plass i det bedet, kalkelskarar som dei er.

Ellers er tida for alt som har overvintra inne som skal ut i friluft igjen. m.a har Apeskrekkplantane mine klart vinteren fint, men må belage seg på fleire år enno i potter før dei er store nok til utplanting på det nye stykket vårt som foreløbig er fullt av kratt av hatl, hegg, lønn, or, bjørk og spisslønn (huff, der har eg ein langvarig og stor jobb å gjære og med min innsats for tida er eg redd det kan ta laaang tid å få rydda området)
Akkurat no er det store kvite tepper av kvitveis på det stykket. Her eit bilde frå nokre dagar sidan.På innefronten vil eg vise fram den flotte Cliviaen min som eg fekk av ein slektning for nokre år sidan. Tidlegare i vår var det masse blomster på den, men kom eg ihug å ta bilder av den då ...?
No kom den med eit lite etterflor og då nytta eg høve til eit bilde av den.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg! :)

mandag 25. april 2011

Hypertufatrauet mitt

Hypertufatrauet som eg lagde på kursdet i fjor vår står no i fullt flor no. Dei fleste har overlevd denne kalde vinteren som vart innleia med ein mnd.streng barfrost i november før snødekket kom.


Eg håpar at det som har klart seg vil vokse godt denne sesongen slik at til neste vår vert den enno flottare.

Draba, Primula og Androsace er i blomst....
nens Takløk og sedum gjer seg ofte betre utan blomster....


Hypertufatrauet som eg lagde på kurset i fjor. Eg skal nok lage fleire slike når eg får "ånda" over meg!


I kveld måtte eg bare lage ein prøveblogg for å sjå om eg får alt tilå fungere på den nye PCen min og det ser det ut til at det gjer. :D

fredag 1. april 2011

Årets fyrste........

Hepatica x media 'Buis' var raskast i blomst i år - vakker!


Idag har eg putla på med oppreinsking i hagen etter vinteren. Gamalt lauv og fjorårsvekst som skal på komposthaugen vart samla saman og transportert vekk i det fine vårveiret.
Det var ein hærleg følelse å ha jord under neglene igjen etter ein lang vinter og ekstra stas var det at eg hadde ein av dei få dagane med kroppen i nokonlunde form slik at eg fekk utnytte fineveiret til litt våronn.
Blåveisane og krokusane hadde sin fyrste dag med opne blomar og det er ein merkedag kvart år.
I år var det Hepatica x media 'Buis' (over) og H. transsylvanica f. rosea (under) som var fyrst ute med opne blomar, men dei andre er ikkje langt unna heller.


Hepatica transsylvanica f. rosea - rosa Ungarsk blåveis


Krokusar er det fleire sortar og artar som står i blomst -over trur eg det er Crocus tomasianus

Crocus saturnus - ein av dei flottaste krokuane syns eg.


Også påskeliljene er i rute og viser store knoppar no.
Ein utruleg flott dag med god temperatur, sol - iallefall fyrst på dagen, livlig fuglesong i busk og kratt og sannelig surra det ei humle kring meg og - også det den fyrste av året.

onsdag 23. mars 2011

Våren er på veg

Den eldste blåveistua mi av vanleg blåveis Hepatica nobilis har mange knoppar som no kjem litt etterkvart.


Etter å ha vore vekkreiste nokre veker i anledning nytt barnebarn som kom til verda i Valdres. - (ein staut og flott gut) kom vi heimatt til nesten bar mark forrige torsdag og nokre dagar etter var heile hagen snøfri. Snøklokkene stod i fint flor og både det som er gledeleg å sjå og det ein helst ville sleppe å sjå (alt som skal ryddast vekk i beda) kom til synes.

Fredag fekk eg meg ei fin økt og rydda vekk i Peonbedet, der store, svulmande raude knoppar bryt seg opp til lyset og bare ventar på sol og varme.....
Ekstra gledeleg var det óg at trepionen har overlevd denne svært kalde vinteren, som vart innleia med fire veker hard barfrost før snøen kom, står frisk og fin klar til ny dyst. Den MÅ flyttast til ein varig plass denne våren - eg må bare finne ut kvar fyrst...

Vi har hatt to svært så nedbørsrike dagar her i vest no noko dei fleste sikkert har sett i nyhetene, men i går var det lange periodar med opphald og då såg eg meg snitt til å ta med fotoapparatet for å knipse bilder av blåveistuene mine som no står med store knoppar.
Litt sol og varme no så står dei i fullt flor.


Dei ungarske blåveisane er to år gamle i hagen min og her er den fyrste blomstrknoppen i år av den rosa utgåva.

Her er det den kvite sorten ' Weinreichs Weize' som kjem med fleire knoppar.



Her den lyseblå sorten 'Weinreichs Blaue'
- Hjortane som har hatt tilhald her om natta mykje av hausten og vinteren har takka for opphaldet ved å legge att "gjødselkuler" - greit nok, men eg er ikkje verre enn at eg hadde klart å gjødsle beda mine sjølv dersom dei holdt seg i skogen der dei høyrer heime!



Til slutt sorten 'Konny Greenfield' - ein nydeleg flott utgåve av Ungarsk blåveis som eg gled meg til skal openbare seg.

No gjeld det bare at det som er att av vinter ( for den kjem nok heilt sikkert igjen både ein og fleire gongar før han må gje seg) ikkje vert av slikt slag at den gjer skade på dei flotte knoppane som gøymer på så mykje visuell glede.

torsdag 24. februar 2011

Endelig eit livsteikn frå Nordåker

Ja no er det snart to månader sidan sist eg gav lyd i frå meg på bloggen og då syntes eg det var på tide at eg fekk til noko igjen så de ikkje trur eg har avandast...hehe....
Vel, livet går sin gang, men aktiviteten er det mindre med. Nakken har komt seg utruleg bra etter nakkebrotet i haust takka være god oppfølging med fysioterapeut og eigentrening.
Fråvære av energi og dei andre plagene som boreliosen medfører er det verre med......
Legane seier at det det er tida som skal gjere susen no - eg har fått den behandlinga dei KAN gje meg så det så! - Her er det bare å smørje seg med god tolmodighet og gjære det beste ut av det!

Den siste tida har vi hatt eit eventyrleg veir med flott vintersol som blenkjer i bakkane, og med skaresnø er det flott å gå tur på skogsvegen like forbi oss her. Hærleg å komme seg ut på trimtur og nyte den flotte vintersola og få litt ekstra lys i vintermørkret.

Det kalde veiret har gjort at alle fjellskjæringar er rikt dekorerte med isjuklar over alt, kunstnerisk oppbygde på naturen sitt eige vis. Vakkert å sjå på når ein veit at det renn vekk av seg sjølv når veiret tillet det.


Frå skogsvegen er det flott utsikt innover fjorden som slike dagar ligg roleg og fin

Her ser vi fjellet Vindfylla på andre sida av fjorden

Inst i fjordarmen her ligg Nordfjordeid næraste handelsstaden vår når det skal handlast anna enn melk, smør og andre daglegvarer.

Det finst isformasjonar i alle variantar. .... her ein einsleg stav

.... her eit heilt isberg .....

No får eg håpe at eg får til litt oftare innlegg i bloggen min etterkvart enn det har vore i det siste. Etterkvart vårast det no litt etter litt og då vert det meir å skrive om ialle fall sjølv om ikkje aktiviteten her er så stor.
Faktisk så sådde eg ein del staudefrø i forrige veke og fekk satt ut til stratifisering. Det var ein del Clematissortar, nokre liljer og tja...hugsar eg meir då ?
Eg har ein del Meconopsis frø og som skal såast, men dei trur eg at eg ventar med.

Eg trur alle bilda er klikkbare så bare klikk i veg og nyt vinterbilda. ;)

fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Eit år går fort og året 2010 er ikkje noko unntak i så måte.
For meg har det vore eit nokså spesielt år ettersom eg har gått sjukmeld sidan august 2009 med diagnosen boreliose (ein bakterie forårsaka av flåttbitt for X antalll år sidan).
Dette fører til mange fysiske plager som energiløyse, mykje verk i kroppen m.m. og tilstanden vart ikkje betre då eg i slutten av september var uheldig å gli på sleipt gras og falle utfor ein liten mur, landa på nakke/skulder med resultat nakkebrot og kompresjon øverst i ryggen.
Eg må seie meg utruleg heldig som slapp frå det med "skrekken" - utruleg heldig er eg som ikkje hamna i rullestol etter nakkebrotet - marginane var på MI side denne gongen.

Hagestell som er ein av dei store hobbyane mine har for det meste lege på vent dette året i påvente av betre tider, noko som speglar seg av i blogginnsatsen min dette året.
Derimot har eg hatt utruleg mykje glede av den andre hobbyen min slektsgransking.
Dessverre fann PC'en min det for godt å ynskje meg god jul med svart skjerm i slutten av november så dei siste vekene har eg hatt ein "lånepc" så både slektsforsking og det meste anna eg vanlegvis fordriv dagane med har måtte ta pause ei stund. Pc'en min er til reparasjon og eg reiknar med at det "bare" skjermen/skjermkortet som har takka for seg så eg ser fram til å få att min eigen pc snart.

Jula har vi tilbrakt roleg i heimen, med mykje god mat og drikke slik skikken er.
Denne jula hadde vi yngste dattera og sambuaren heime, samt den ca 4 mnd gamle katten Ziggy.
Den siste sytte for å skape liv og røre i heimen så tom. katten vår Solo på 8 år tykte det var øye moro å ha julegjestar i hus.

Den uvanleg kalde november og desember har no gått over i mildveir og regn, og skal vi tru meterologen skal det bli høve til å få lufte seg skikkelig iløpet av den siste kvelden dette året.
Eg trur eg skal forholde meg roleg i sofakroken denne kvelden òg - nyte den gode varmen frå kaminen samt god mat og drikke.

Då vil eg ynskje alle eit GODT NYTT ÅR og takke for det gamle som om nokre timar ebbar ut.
Måtte alle mine venner og kjende få eit like harmonisk og fredeleg nytt år som desse to på biletet under!


Her strekkjer Solo og Ziggy ut etter ei runde "stova rundt" i full fræs som oftast endte i ein vennskapleg "brytekamp" under spisebordet.