lørdag 15. mai 2010

Award


Denne pokalen har eg fått som award fra Berit http://beritshage.blogspot.com/ - Tusen takk til deg! :)


Denne utmerkinga går ut på å svare på sju spørsmål om hagen din og samtidig sende den vidare til 7 nye bloggarar.

1. Hvorfor hager du ? - Eg kan ikkje tru anna enn at det er medfødt, som smågut rappa eg erter frå kjøkkenskuffa til mamma og planta ute rundt eldhuset, og lagde meg små "potetåkrar" i alle hemmelighet - det var min fyrste hage!

2. Hva hadde du sagt eller gjort dersom du kom hjem fra ferie og fant ut at en "reality"-serie fra TV hadde omkalfatret hagen din ?
- Det kjem an på kor omfattande "skadene" var - hadde dei fjerna plantane mine hadde eg vorte temmelig forb..... (dei som kjenner meg godt hadde gått i dekning..... hehe)!!!!!!!

3. Hvilken plante begjærer du aller mest - hvilken er på sikletoppen akkurat no ?
- Hmmmm....det var vanskelig, det er mange det! Ein av dei som står høgt på lista er "Magnar sitt hagetroll" - Eriophyton wallichii.
4. Hvilken plante er du hittil blitt mest glad over å se igjen over vinteren ?
- Oi, det var virkelig vanskelig....

5. Hva har du i drivhuset ?
- Av ting eg dyrkar i drivhuset er to drueplantar, så er der mange prikleplantar av stauder som var sådde i fjor, nyprikla blåveis i nokså stort antall og div. liljer i potter.
Snart skal tomatplantane inn.

6. Hva er det mest plagsomme du har i hagen og hvorfor ? - Det må være Hagedjevelen (Skvalderkål, hanefot m.m.) som har vore i hagen her sidan forrige eigar. Den driv eg kontinuerlig krig mot der eg ikkje aksepterer at han er. Der eg ikkje har bed let eg han bare få holde på ....

7. Hva er det du er mest stolt over i hagen ?
- Det og er vanskelig å velge, men eg trur det må være den flotte gullregnen som veks seg stadig større og flottare for kvart år. Eit høgdepunkt i hagen når den står i blomst.

Då kjem eg til det mest vanskeligste - å velge ut sju nye som fortenar å bringe pokalen vidare.
Det er jo så mange flotte og interessante hagebloggar frå heile landet så kva skal ein velge ?
Mange har vel alt hatt den og, men eg får bare velge ut sju utan hensyn til kven som har fått pokalen før - ein vandrepokal kan som kjent vinnast fleire gongar ;)
Rett frå min grunne hukommelse listar eg opp følgande sju bloggar i alfabetisk rekkefølge:

- Elsas blogg - alltid kjekt å følge med på årets gang i den rikholdige hagen til Elsa. Kjekke er også innlegga hennar om gamle merkedagar og gamle veirmerke.

- Lene i Fredrikstad - Flott blogg som alltid er interessant å sjå innom kva som rører seg i hagen og kompostbingen til Lene.

- Mariann (Sunnmørshagen min) - Frisk og fin blogg med mange flotte bilder til inspirasjon og glede.

- Mari_ (Bakkane): Fin blogg der ho fortel om både hagen sin og hønseflokken sin to interesser vi har felles.

- Miamaria (Hagedagblogg) - Ein blogg som er verdt å ta turen innom kvar gong - alltid noko interessant å finne der og !

- Potentilla (Småsnutter fra et ugressparadis) : Frisk blogg der ein som regel får opne latterdøra av eit eller anna friskt innspel.

- Primula's hage Flott blogg som fortel om hagedyrking i Troms. Gled meg til dei mange flotte hagebilda når våren kjem der nord! :)



Då vil eg ynskje alle ei god langhelg og ein god 17. mai !

onsdag 12. mai 2010

Hagelagstur til Ole Jonny Larsen i Ålesund

Ein vintergøn vekst ifrå New Zealand - Aciphylla alpina - den hadde lange nåleliknande blad som var nokså kvasse i enden.



Søndag den 9. mai var eg ilag med Vågsøy Hagelag til Ålesund på hagevandring i hagen til Ole Jonny Larsen. Han er godt kjent blandt hagefolk som samlar av Rhododendron og barvekstar og har ei imponerande samling av Rhododendronartar frå dei som bokstavelig talt er krypane til dei som strekker seg fleire meter til veirs.På grunn av den kalde våren var det lite som var i blomst i hagen akkurat no - normalt var det mangt som skulle stå i full blomst på denne tida, men naturen styrer den slags der som over alt ellers.Ein engasjert og kunnskapsrik vert tok i mot oss i det kalde vårveiret og tok oss med på rundtur i hagen som var på 2 da (eller var det 2,5 da ?), inkludert lånt areal m.a frå kommunen som han har fått disponere.



Rhododendron pachysanthum var imponerande flott med sitt filtgrå belegg på blada. Ellers hadde han feire sortar med gulbrunt filt belegg på baksida av blada.
Variasjonen av artar var stor frå minimini til artar med kjempestore blad.

Ole Jonny Larsen ynskjer alle velkommen til samlarhagen sin. På veggen til høgre (utanfor bildet) hadde han eit imponerande espaliertre truleg epletre som eg gløymde å ta bilde av dessverre - det var flott!!!
Han sår og stikk plantar sjølv og produserar ein masse plantar frå importerte frø - noko kjøpt og noko i bytte med andre samlarar. Sjølvsagt bytter han plantar og frå andre Rhododendronsamlarar rundt i verda.
Arboretet i Bergen er ein av mottakarane hans, og han kunne fortelle at dei har alltid fyrstevalget når han legg ut plantelistene sine av dei plantane han har overskot av.


Her har han eit bed med diverse bartre, mange av dei frå New Zealand. Filosofien hans er den at han plantar tett og så skal plantane få stå der til dei vert for store, deretter flyttar han ut eller skjær vekk dei som "har gjort si teneste".


Viburnum x bodnatense blomstrar på bar kvist og strakte seg fleire meter oppetter husveggen

Denne Rhododendronen blomstra høgt der oppe... R. oredoxas var . fargesii var ein av dei få som blomstra då vi var der.

Rhododendron platypodum - vakre blad, ein treng nesten ikkje blomstre når ein ser slik ut .......

Over alt var det store eller mindre plantefelt, med mange spennande plantar i - eg trur vi kunne ha gått rundt i den hagen ein heil dag og heile tide funne noko spennande nytt.

Han fortalde at plantesamlinga hans starta med stauder for over 20 år sidan og har vore gjennom mange fasar - no er dei fleste staudene vekk til fordel for bartre og Rhododendron, men fortsatt fant vi nokre stauder som han hadde:

Celmisia spectabilis - ei staude frå New Zealand . Den held seg som fin rosett heile vinteren igjennom - dekorativ og flott.


Kvit nyserot - Veratrum album - ei kraftig staude som veks vill i Finnmark.



Lysiciton americanus - ein sumpplante han hadde ståande i kanten av dammen sin. Utruleg flott i blomst og etter blomstring overtek store blad utover sommaren.
Ein skikkelig sikleplante og eg er så heldig at eit par dagar før hagevandringa i ålesund hadde eg fått avtale om frøplantar av nettopp slike plantar frå einannan kant av landet. Det vert stas.

Etter omvisninga kunne vi få kjøpe av hans eigenproduserte plantar, men då løyste det seg ei kraftig byge med tjukt sludd så eg trur dei fleste fekk frosten i seg i griseveiret. Dei fleste let no likevel veir være veir og sikra seg nokre godbitar frå salgsborda han hadde sett opp.

Sjølv kjøpte eg ein Sorbus reducta - ein liten rogn som bare vert ca 1/2 m høg med rosa bær.
Ein Rhododendron mekongensis og ein R. pereclymenoides begge bladfellande og lave artar.

Etter besøket hos Larsen i Spjelkavik var vi innom Viddal Gartneri der eg m.a kjøpte meg ein reint kvit aurikkel som eg ikkje hadde frå før + nokre andre.
Så gjekk turen til Plantasjen - der var veiret så SURT at eg ikkje orka å gå å sjå på utearealet deira, men eg fant no litt likevel, m.a. Bycobact-gjødsel eg skal ha til blåveisbabyane mine!!!

Takk til Vågsøy Hagelag som inviterte med deltakarar frå nabohagelaget og på turen !

mandag 10. mai 2010

Wanted

Wanted



Det var dessverre ikkje lenge gleda av å ha Råger Mår, alisas James Bånd, alias 007 som inventar i hagen varte....
Synet som møtte meg idag tidleg eg kom og skulle fôre hønene mine var alt anna enn lystelig. Det fyrste eg såg då eg kom inn døra var at i fyrste "romet/buret" var det ein daud hane og ein hane som hadde misst det meste av velet ("halen"), men såg ellers ok ut. Når eg såg bortover dei andre bura var det daude fjørkre overalt......Alle dei flotte dverghønene mine låg daude på golvet og i kassene sine - hutte tu for eit syn - daude høner/hanar og fjør overalt!!!!!!!
Dei store wyandotthønene og- hanen sat mutte og forskremde i krå og hykte, dei hadde ikkje måren fått has på - ikkje ser det ut til at dei er fysisk skada heller...psyken er det vel verre med tenkjer eg!
Eg håpar at den store wyandotthanen forsvarte haremet sitt godt og gav måren juling så det forslo.
Det var ikkje anna å gjere enn å grave ei dugeleg hole å bære ut elendigheta og det var ikkje gode tankar og ord eg bar med meg på vegen må eg innrømme.Eg vurderte både det eine og den andre straffemetoden - alle med same endelikta sjølvsagt....... men så er det slik at han har vel ein familie måren og, og i desse tider har han sikkert ungar ein kvar stad - kansje ikkje så langt vekke, det står mange ubrukte uthus, gardfjøsar og låvar i nabolaget og når alt kjem til alt får ein prøve å være litt humane opp i det heile. Han gjorde jo bare det som er naturleg for ein mår......
Plassen der han hadde teke seg inn i huset har eg funne og gjort så godt eg kan til at måren ikkje kan komme seg inn der att iallefall, men kven veit - det er velkjendt at måren kan gnage seg gjennom nokså mykje treverk dersom han virkelig vil!

No håpar eg at eg får tak i ei rugemaskin eg kan låne slik at eg får ruge ut dei egga eg har liggannde etter dverghønene mine. Den rugemaskina eg har er i bruk og har ca 2 1/2 veke att til den er ferdig med sin prosess. I den maskina er det for det meste Wyandotte-egg som eg har love vekk kyllingar til andre. Skal eg vente til dei er ferdige vert mange av dei egga eg har for gamle for ruging.



Slik såg det ut i eit av bura då eg kom idag - eit trist syn .....

lørdag 8. mai 2010

Råger Mår - alias James Bånd - alias 007




Onsdags kvelden denne veka hadde vi besøk av ein gjest vi sjeldan observerar i dagslys; nemleg måren. Han var på tur i 19-tida om kvelden og fatta tydelig interesse for noko eg hadde kasta på nordsida av huset. Madammen hadde stått i badglaset og sett på han ei stund, men kom på at eg og sikkert ville sjå den, så då stiltra ho seg ned og gav meg beskjed . Eg fekk ta nokre bilder gjennom kjøkkenglaset før han fann det betimelig å forlate åstaden.Eg la straks ut bildene på facebook og der kom det nokså raskt namneforslag n oko overskrifta på dette innlegget vitnar om.Råger Mår talar vel for seg, men James Bånd skulle visst takast i bruk dersom han vart tam og vi fekk på han band..... hehe...eg syns for letthets skuld at vi likegodt berre kan kalle han 007.



Då kan eg likegodt vise eit bilde av katten vår Solo og - ein skikkelig stovegris om dagen, men om natta vil han som regel være ute no på denne årstid.
Av og til er han veldig skeptisk når vi skal sleppe han ut om kvelden og ikkje veit heilt om han vil ut eller ikkje. - Det er ikkje utenkjeleg at han har stifta nærare bekjentskap med Råger Mår både ein og fleire gongar.....


fredag 7. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 4

Då er eg kommen til det siste kapittelet i seiren om blomstrande stauder i hagen min den 1. mai i år. Har sett i ettertid at det er eit par eg har oversett m.a. kvit Arabis men den kjenner vel alle til så det er nok å bare skrive namnet. Det er utruleg kor fort det veks og utviklar seg no om dagen sjølv om temperaturen ikkje er noko å skryte av for årstida.


Omphalodes verna - vårkjærminne er ein plante som eignar seg både i sol og skugge og er fin å bruke der ein vil ha noko som skal bre seg raskt og være heildekkande.
I fjellhagen har eg forskjellige "miniplantar" slik som Draba sphaeroides (over) og Draba rigida (under). planteslekt Draba har ca 300 forskjellige artar, og dei fleste liknar mykje på kvar andre i vekst og blomst. Det er ypperlege plantar å bruke i fjellhagen då dei dannar små puter ellar tepper og trivst godt i grus/sandblanda jord.


Ei anna plantelekt i same kategori som Draba er Androsace som er ei planteslekt med ca 100 artar. Dei veks i Alpine områder i Asia, Europa og Nord-Amerika. Dete bildet vart ikkje særs vellukka, men det syner iallefall korleis eg har planta den i sandblanda jord mellom stein med eit godt topplag med grus over, trur eg skal ha på meir sand og singel på toppen etterkvart og.



Androsace carnea ssp. brigida ( eg trur det skal være det rette namnet) ) heiter denne arten


Bergenia er ei planteslekt som klarar seg både i sol og skugge.
Dette er sorten 'Bessingham White'


Denne Bergeniaen heite ' Rosie Klose'

Den blå Lungeurten - Pulmonaria angustifolia har ein frisk blåfarge som lyser godt opp om våren. Humlene er svært flittige i lungeurtgruppene på solrike vårdagar så det er nok rikeleg nektar å hente der.

Her er det Flekklungeurt - Pulmonaria saccharata som har masse lyse flekkar på blada.
Eg har også to andre lungeurtar i hagen min Rød lungeurt ( P. rubra) som er ein del kraftigare i veksten enn dei andre og med raude blomster og ein med sølvfarga blad med sortsnamnet 'Samurai' .
For flekklungeurten og ' Samurai' sin del er det blada som er pryden, får dei får lov å blomstre vert fargen i blada nokså blasse og mindre dekorative så dei skjær eg ned nokså tidleg for å få opp nye og dekorative blad.


Den siste som får være med i biletgalleriet denne gongen er vårlyngen Erica carnea. Syns dei er flotte, særleg i kombinasjon med stein .

onsdag 5. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 3

Mogop - Anemone vernalis veks vill i fjellheimen på kalkrik fjellgrunn. Hos meg trivst den godt i fjellhagen i grusblanda jord med mykje skjellsand innblanda. I år har den 10 blomster.


Blåveisane mine har fått hard medfart av veir og vind denne våren. Hagl, sludd, snø og regn har ført til at blomstrane har sett lite tiltalande ut til tider. Her er den fylte sorten 'Kyrvinberg'
som viser seg å være svært vanskelig å gjengje på foto med rett farge, men her er det beste bildet eg har fått av den i år.

Ungarsk blåveis - Hepatica transsilvanica her representert av sorten 'Weinreich Weize' Dei ungarske blåveisane er ikkje kalkelskande slik den vanlege blåveisen (H. nobilis) .


Den europeiske blåveisen Hepatica nobilis har blomstra ifrå seg for i år, der var mange blosmter på denne tua og humlene har nok gjort sitt i mellom regn- og snøbygene og no er frøproduksjonen i full gang.



Anemone vulgaris 'Alba' - Stor kubjølle finst i fleire fargevariantar - den kvite er fyrst ute her hos meg.


Anemone ranuncloides - Halvfylt gulveis har fuska litt ettersom den stod i potte i drivhuset i vinter og kom igang ein del før "normaltid" , men fin er den iallefall.

Kvitveis - Anemone nemorosa har eg mykje av i hagen min, både i bed og andre stader. Den vanlege viltvoksande er den tidlegaste, seinare føl andre sortar/variantar på.
I fjor fant ei gruppe med kvitveis der baksida av kronblada var grøne - ikkje så uvanleg det, men desse var nesten heilt grøne på baksida og eg tok med meg ein rotstokk. Idag planta eg den potta i eit bed, men rimeligvis er ikkje den blomstringsdyktig i år.

mandag 3. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 2

Primula vulgaris - Kusymre, vår eigen viltvoksande bodbringar om vår får innleie mitt biletgalleri over dei Primulane som er i blomst hos meg 1. mai i år.
Her i bygda veit eg ikkje om nokon stadar den veks vill, men ein skal ikkje så langt avgarde før den i desse tider pryder vegkantar og bratte lier langs fjorden.
Bildet viser ikkje rett farge - dei er lyst gule sjølv om dei ser nesten kvite ut på bildet.

Primula x pruhoniciana 'Wanda' - er ein av dei tidlegaste sortane som mange har i hagane sine og er ein årviss og hardfør sort.
P. x pruhoniciana er kryssninngar mellom P. juliae og P. vulgaris og finst i veldig mange fargevariantar

Her er ein annan variant som heiter. 'McWatts Cream' - kremgul med anstrøk av rosa til raudfiolett i seg.

Primula aff. uruminensis er ein art eg sådde for nokre år sidan og har sidan vore trufast kvart år.I år har riktignok nokre av plantane gått ut iløpet av vinteren.
Den minner om P. veris (Maria nøkkelblom) som eg for tida ikkje har i hagen min.

Primula elatior-hybrider - Hagenøkkelblom har eg i mange fargevariantar. Ofte kan dei ha ein og annan blomster heile vinteren igjennom slik det har vore desse siste milde vintrane, men i år har dei nett komme med dei fyrste blomane for ei god veke sidan. Desse er veldig lettstelte og hardføre, og trivst best i halvskugge.

Her ein art som heiter P. elatior var. Mayerii

Denne arten heiter Primula erosa har eg både i denne fargen og i kvitt og minner mykje om kuleprimula som også blomstrar hos meg no, men denne får representere dei begge denne gongen.

Så er vi over på dei Primulane som eignar seg best i fjellhagen. Denne søte vesle arten heiter Primula warschewskiana og er ein fin liten sak.

Primula marginata - Dvergprimula ein vakker art som også passar i fjellhagen - denne sorten heiter 'Sheila Denby' og har ein vakker himmelblå farge.
Spesielt med denne arten er den kvite kanten langs "egga" på dei sagtanna blada, det viser ikkje så godt på bildet pga ein del nedbør i det siste, men ved lenger oppholdsperiodar er dette markant og hevar prydverdien i den tida den ikkje er i blomst.

Primula aurikula - Aurikkel - Den opphavelege aurikkelen - (arten) som veks på kalkgrunn i Alpane har sitrongule blomster - den er eg på jakt etter og står på lista over frø eg skal skaffe meg til hausten. Denne varianten er raudfiolett med kvit midt - ikkje verst den heller ! :)

Primula x pubescens - Hageauriklane som dei fleste av oss feilaktig kallar auriklar er foredla kryssningar og finst i mange spennande fargevariantar. Hos meg har dei fyrste såvidt begynt å blomstre, men berre denne fargevarianter her. Etterkvart kjem det nok fleire og det mest spennande er dei frøsådde plantane som ikkje har blomstra før. Eg håpar at det dukkar op positive overraskingar der iløpet av våren.
Å kjenne den gode dufta av hageauriklane er ein av dei hageopplelsane eg set mest pris på gjennom heile hagesesongen. Dei er lette å ale opp frå frø og hauste frø av eigne plantar i hagen kan gje mange spennande variantar.

Dei som er spesielt interesserte i Primula har ei flott side å gå inn på med mykje informasjon om denne planteslekta : Dansk Primula Klub der ein kan teikne seg som medlem, kjøpe bøker om emnet og om hausten får ein kjøpte rimeleg frø der som er innsamla hos medlemmene i klubben og her kan ein finne mange godbitar for samlarar.

Det var min presentasjon av mine blomstrande Primula 1. mai i år (alle bilda er tekne 1. mai og er klikkbare)

Ein av dagane kjem det nytt innlegg med fleire blomstrande 1.maiplantar. :)