onsdag 5. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 3

Mogop - Anemone vernalis veks vill i fjellheimen på kalkrik fjellgrunn. Hos meg trivst den godt i fjellhagen i grusblanda jord med mykje skjellsand innblanda. I år har den 10 blomster.


Blåveisane mine har fått hard medfart av veir og vind denne våren. Hagl, sludd, snø og regn har ført til at blomstrane har sett lite tiltalande ut til tider. Her er den fylte sorten 'Kyrvinberg'
som viser seg å være svært vanskelig å gjengje på foto med rett farge, men her er det beste bildet eg har fått av den i år.

Ungarsk blåveis - Hepatica transsilvanica her representert av sorten 'Weinreich Weize' Dei ungarske blåveisane er ikkje kalkelskande slik den vanlege blåveisen (H. nobilis) .


Den europeiske blåveisen Hepatica nobilis har blomstra ifrå seg for i år, der var mange blosmter på denne tua og humlene har nok gjort sitt i mellom regn- og snøbygene og no er frøproduksjonen i full gang.



Anemone vulgaris 'Alba' - Stor kubjølle finst i fleire fargevariantar - den kvite er fyrst ute her hos meg.


Anemone ranuncloides - Halvfylt gulveis har fuska litt ettersom den stod i potte i drivhuset i vinter og kom igang ein del før "normaltid" , men fin er den iallefall.

Kvitveis - Anemone nemorosa har eg mykje av i hagen min, både i bed og andre stader. Den vanlege viltvoksande er den tidlegaste, seinare føl andre sortar/variantar på.
I fjor fant ei gruppe med kvitveis der baksida av kronblada var grøne - ikkje så uvanleg det, men desse var nesten heilt grøne på baksida og eg tok med meg ein rotstokk. Idag planta eg den potta i eit bed, men rimeligvis er ikkje den blomstringsdyktig i år.

mandag 3. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 2

Primula vulgaris - Kusymre, vår eigen viltvoksande bodbringar om vår får innleie mitt biletgalleri over dei Primulane som er i blomst hos meg 1. mai i år.
Her i bygda veit eg ikkje om nokon stadar den veks vill, men ein skal ikkje så langt avgarde før den i desse tider pryder vegkantar og bratte lier langs fjorden.
Bildet viser ikkje rett farge - dei er lyst gule sjølv om dei ser nesten kvite ut på bildet.

Primula x pruhoniciana 'Wanda' - er ein av dei tidlegaste sortane som mange har i hagane sine og er ein årviss og hardfør sort.
P. x pruhoniciana er kryssninngar mellom P. juliae og P. vulgaris og finst i veldig mange fargevariantar

Her er ein annan variant som heiter. 'McWatts Cream' - kremgul med anstrøk av rosa til raudfiolett i seg.

Primula aff. uruminensis er ein art eg sådde for nokre år sidan og har sidan vore trufast kvart år.I år har riktignok nokre av plantane gått ut iløpet av vinteren.
Den minner om P. veris (Maria nøkkelblom) som eg for tida ikkje har i hagen min.

Primula elatior-hybrider - Hagenøkkelblom har eg i mange fargevariantar. Ofte kan dei ha ein og annan blomster heile vinteren igjennom slik det har vore desse siste milde vintrane, men i år har dei nett komme med dei fyrste blomane for ei god veke sidan. Desse er veldig lettstelte og hardføre, og trivst best i halvskugge.

Her ein art som heiter P. elatior var. Mayerii

Denne arten heiter Primula erosa har eg både i denne fargen og i kvitt og minner mykje om kuleprimula som også blomstrar hos meg no, men denne får representere dei begge denne gongen.

Så er vi over på dei Primulane som eignar seg best i fjellhagen. Denne søte vesle arten heiter Primula warschewskiana og er ein fin liten sak.

Primula marginata - Dvergprimula ein vakker art som også passar i fjellhagen - denne sorten heiter 'Sheila Denby' og har ein vakker himmelblå farge.
Spesielt med denne arten er den kvite kanten langs "egga" på dei sagtanna blada, det viser ikkje så godt på bildet pga ein del nedbør i det siste, men ved lenger oppholdsperiodar er dette markant og hevar prydverdien i den tida den ikkje er i blomst.

Primula aurikula - Aurikkel - Den opphavelege aurikkelen - (arten) som veks på kalkgrunn i Alpane har sitrongule blomster - den er eg på jakt etter og står på lista over frø eg skal skaffe meg til hausten. Denne varianten er raudfiolett med kvit midt - ikkje verst den heller ! :)

Primula x pubescens - Hageauriklane som dei fleste av oss feilaktig kallar auriklar er foredla kryssningar og finst i mange spennande fargevariantar. Hos meg har dei fyrste såvidt begynt å blomstre, men berre denne fargevarianter her. Etterkvart kjem det nok fleire og det mest spennande er dei frøsådde plantane som ikkje har blomstra før. Eg håpar at det dukkar op positive overraskingar der iløpet av våren.
Å kjenne den gode dufta av hageauriklane er ein av dei hageopplelsane eg set mest pris på gjennom heile hagesesongen. Dei er lette å ale opp frå frø og hauste frø av eigne plantar i hagen kan gje mange spennande variantar.

Dei som er spesielt interesserte i Primula har ei flott side å gå inn på med mykje informasjon om denne planteslekta : Dansk Primula Klub der ein kan teikne seg som medlem, kjøpe bøker om emnet og om hausten får ein kjøpte rimeleg frø der som er innsamla hos medlemmene i klubben og her kan ein finne mange godbitar for samlarar.

Det var min presentasjon av mine blomstrande Primula 1. mai i år (alle bilda er tekne 1. mai og er klikkbare)

Ein av dagane kjem det nytt innlegg med fleire blomstrande 1.maiplantar. :)

lørdag 1. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 -del 1



I år har eg bestemt meg for å dokumentere kva slag plantar eg har i blomst i hagen min pr. den 1. i kvar månad gjennom sesongen. Eg får starte no 1. mai og så får vi sjå om eg klarar å halde lovnaden utover resten av sesongen......
Alt no har eg altfor mange artar i blomst til å poste alle i eit innlegg så eg må spre bileta på fleire innlegg.
Ein del av løkblomstrane har alt avslutta blomstringa si og har starta på neste steget - frøproduksjon slik som snøklokke, Krokus og Eranthis.
Dei "gamaldagse" påskeliljene er vel snart på hell, og pga. regn, hagl sludd og snøbyger i det siste (dei seinaste hagl- og snøbygene hadde vi idag) ser dei litt tafsete ut, men held koken enno nokre dagar.

"Gamaldagse påskeliljer" - Narcissus pseudonarcissus syns eg er dei aller flottaste av alle påskeliljene. Dei er lavare enn mange av dei meir foredla sortane og er svært vanlege "over alt " her på Vestlandet iallefall.

Desse fylte påskeliljene var i hagen då vi flytte inn her og namnet er ukjent. Eg har tre andre fylte sortar og. Den eine er nokså spesiell, men den har ikkje begynt å blomstre enno - nokre få dagar til så er den og i blomst.



Muscari - Perleblomst er ein vakker løkplante som finst i mange forskjellige variantar.
God duft har dei og! -Eg har to av dei:


Muscari armeniacum har eg i grupper fleire plassar i hagen i bed har dei nesten litt for god spredningsevne syns eg og kan på få år bli litt vel mange eller få det for trangt og må tynnast.



M. latifolium under gullregnen og seinare på sesongen kjem Allium aflatuense 'Purple Sensation' forhåpentligvis samtidig med gullregnblomstringa.

Russeblåstjerna - Scilla siberica har ein vakker blåfarge som viser godt igjen i bed, men aller best passar den ved og under busker der den kan få stå og visne ned på naturleg vis. Den har stor spredningsevne dersom den får stelle seg sjølv. Mauren bidreg og til at det dukkar opp eksemplar på stadig nye stadar i hagen.

Den einaste tulipanen eg har som er i blomst no er den botaniske tulipanen Tulipa urumiensis, den har sikkert hatt det for magert for den skal eigentleg ha fleire blomster på kvar plante, noko den ikkje har i år - ut med gjødslingskanna å få drift i sakene må være mottoet her!

Det var løkblomstrane for denne gongen, neste kapittel vert truleg om Primulane mine - der må det biletprioritering til og det vert vanskeleg......

Ha ein fin laurdagskveld alle saman. :)

tirsdag 27. april 2010

Ligularia - Nøkketunge

Ligularia przewalskii - Aksnøkketunge


Eg har fire forskjellige Ligularia i staudesamlinga mi.
Dei trivst best på litt fuktig jord i sol eller halvskugge og er fine å bruke på plassar nær dammar eller grover med rennande vatn. No har eg ikkje dam, grover eller rennande vatn i hagen min så dei må klare seg med den plassen eg kan tilby og det ser ut til at dei trivst godt der dei står.
Særleg fine syns eg at dei mørkblada sortane er om våren når dei nye blada held på å folde seg ut.


Ligularia dentata 'Britt-Marie Crawford' er den absolutt mest dekorative nøkketunga eg har - iallefall no om våren. Den har ein mørk, lekker farge på blada som den beheld gjennom heile sesongen. Den vert ca 125 cm høg og i Juli-September har den varmgule blomster.


Ligularia dentata - Vanleg nøkketunge er også kalla Breinøkketunge med gule til gul-orange blomster. Den vert mellom 100 til 150 cm høg alt etter kor godt den trivst. På undersida av blada er den raudfiolett , det same er blada med det same dei sprett opp om våren men dei går over til mørkt grønt etterkvart på oversida.

Ligularia stenochepala 'The Rocket' - Søylenøkketunge heiter denne sorten. I Juli-August får den ca 150 cm høge spir med gule blomster . Også denne sorten har raudfiolett underside av blada noko ein kan skimte i needre bildekant.

Ligularia przewalskii - Aksnøkketunge vert ca 150 cm høg og har gule aksforma blomsterstandar i juli - september. Dekorative blad.



Ligularia przewalskii sjølvsår seg i beda dersom ein ikkje passar på å ta vekk blomsterstandane før dei set frø. Her er ein liten przewalskii som har fått rotfeste i utkanten av perleblomstgruppa. (Muscari). Dersom nokon er interessert har eg nokre plantar av desse å avsjå.

Eg trudde eg hadde bilder av alle Ligulariane mine i blomst, men det syner seg å ikkje stemme så det får halde å presentere den eg har. (Øverste bilde).

torsdag 22. april 2010

Hypertufatrauet

No har eg endeleg fått planta og laga til hypertufatrauet mitt.
Som det går fram av bildet brukte eg ein kartong som ytterforskaling som var for lite kraftig slik at den seig litt utover. Det same var tilfelle med den eg brukte som innerforskaling slik at den seig innover, noko som syner godt på bilde 1.
Detter er ei erfaring å ta med seg til neste forsøk. Eg vil tru at det hadde hjelpt ein del om eg hadde forsterka kartongen med kraftig tape på utsida både på ytterkassa og innerkassa, eller evt. laga ei ramme rundt av eit eller anna for å halde på fasongen.
Men altså bruk kraftig kartong som forskaling, eller ein anna metode er å grave seg ut ei hole i bakken, då treng ein bare innerforskaling og den ytre forma kan ein variere i langt større grad slik ein vil.

Her har eg fyllt singel i botnen for å sikre drenering. Under singelen la eg små, flate steinar opp på dreneringshola så ikkje singelen skulle ramle ned i, det er nok ar dei er så store at dei dekkjer hola.
To av hjørna har fått sprekker under handteringa med flytting og transport, det gjenstår å sjå kva det fører til når den har lagt bak seg ein vinter eller to.


Opp på singelen har eg lagt ei matte for å hindre at jordmassen sig ned i singelen.
Plantejorda består av plantejord, skogsjord og sand i like deler, men det kan ein variere etter kva ein har tenkt å dyrke i trauet.

I dette trauet har eg planta typiske fjellhagestauder som takløk, Sedum, Androsace poisonii, Androsace x pedemontana, Androsace hederantha og Primula dinyana.

På toppen dryssa eg ca. 1 cm med sand for ekstra god drenering rundt rothalsen på plantane.

Det er litt vanskelig å få gjengje trauet full rettferdighet på bilda syns eg, men det vert nok lettare å sjå korleis det ser ut etterkvart som plantane veks seg til utover sommaren.

Eg ser på dette som eit prosjekt i forsøksstadiet og kjem nok garantert til å lage fleire trau etterkvart.

Dersom nokon som les bloggen min har gode råd og nyttige tips å gje ang. laging/bruk av hypertufa tek eg gjerne imot råd og vink i kommentarfeltet . Eg reiknar med at dei som har gjort dette før har både pluss og minus dei kan dele med oss nybegynnarar. ;-)


Her er eit nærbilde av Androsace poisonii som eg har planta i trauet mitt.



Mogopblomstring i fjellhagen.
Til slutt vil eg vise eit bilde av Mogopen min ( Pulsatilla vernalis/Anemone vernalis) som i går opna dei fyrste blomane av året.
Den er tre år gamal no og har 8 knoppar som skal sprette ut etterkvart så den ser ut til å trivast godt i grusblanda skredjord med mykje skjellsand i.

tirsdag 13. april 2010

Hurra, eg fant kvitveis i blomst.

I går fant eg dei fyrste kvitveisane i blomst, noko som eg held som ein merkedag kvart år. I år er det 14 dagar seinare enn i fjor då den fyrste opna seg 2. april noko som var svært tidleg.


Når eg fekk sjå meg rundt i gamalt fjorgras fant eg ei heil gruppe som var utsprotten.


Også påskeliljene ( Narcissus pseudacorus ) er komne i blomst her hos oss -

Også vårkålen (Ranunculus ficaria) er kommen i blomst (gløymde å ta bilde av den) men den er eg mindre glad for å ha i nærleiken - iallefall i hagen!

No har vi virkelig følelsen av at våren er komen, men skal vi tru veirmeldingane er det fare for snøfall i slutten av veka - typisk!

Ha ein fin vårdag alle saman! :-)

søndag 11. april 2010

Kurs i hypertufa

I går. laurdag. var eg på Hypertufakurs på Nordfjordeid ilag med 8 andre kursdeltakarar.
For dei som ikkje veit det er hypertufa plantetrau som er laga av 3 deler sand, 1 del sement 1 del ugjødsla torv + høvelege mengder vatn.
Høveleg tjukkelse i botn og sider er 3-4 cm så å finne kartongar som passar til kvarandre er ikkje alltid like lett.

For nokre år sidan las eg om hypertufa i Norsk Hagetidende og har mange gongar tenkt at eg skulle prøve det "på eiga hand". No fekk imidlertid Eid Hagelag tak i kurshaldar Gro Haga frå Viksdalen til å halde kurs og då melde eg meg på ilag med 7 andre. I eit strålande flott vårveir var det ein kjekk samankomst og eit nyttig kurs for oss alle.
Personleg lærte eg iallefall at det er ein fordel med kartongar som er litt kraftige - både den innerste og den ytterste.
På leiting etter høvelege kartongar....

Her er støypinga i full gang. Vi brukte betongblandar i tillegg blanda kvar enkelt kvar til seg i bøtter og det gjekk heilt fint, særleg er murerbøtter praktiske til dette om det er små arbeider ein held på med.

Kassa lengst til høgre var for svak og seig litt vel mykje utover på sidene og innover i midten så den måtte få "magebelte" på for ikkje å sige for mykje utover. Sterkare kartong må til eller evt. forsterkast før støypinga tek til med kraftig tape. Evt. oppstøtting på sidene med eit eller anna så den held forma til betongen har storkna.

Her vert det mange fine plantetrau som i slutten av veka er klare for finpuss og beplantning med fjellhagestauder. Dei vert nok flotte utover sommaren etterkvart som det veks seg til .


Etter støyping er det bare å vente "ei lita veke" på at betongen skal herdne. I mellomtida må den påpassast med ein svak dusj eit par gongar pr. dag for at betongen skal bli sterk nok.

Hypertufa plantekar kan ein lage i alle slags former, bare fantasien set grenser eigentleg.
Får ein ikkje tak i høvelege kartongar kan ein også grave ut hol i bakken og bruke det som forskaling. Då treng sin evt. bare ein kartong, ei bøtte eller kva som måtte passe som "innerforskaling".
Det er og ein fordel å ha klar treklossar å sette den i botnen av trauet ved støyping for å få dreneringshol så slepp ein å bore hol i etterkant.

Undervegs i kurset hadde vi det også sosialt med måltid og god prat i godveiret.
Takk til deg som let oss disponere plass på tunet - ikkje bare på kursdagen, men også nesten ei heil veke i etterkant.