mandag 14. mai 2012

Litt av vårblomstringa på Nordåker

Ja det er på høg tid med ei oppdatering av bloggen igjen.
Dagen idag er prega av det ein meir kan kalle "ei haustanatt" enn ein vårdag midt i mai månad.
Kraftige vindkast så det knakar i veggane til tider og ditto regn som piskar sidelengs er ikkje maiveir vi likar. Eg var bekymra for Peonane mine som er blitt nokså høge no i morgontimane idag, men etter ein rask sjekk kunne eg stadfeste at dei foreløbig er i god behald.
Eg har merka meg at i år er den vanlegvis tidlegaste Peonen, P. veitchii er nokså sein i utviklinga i forhold til dei andre som er kommme mykje lenger i utvikling.

Så får eg presentere eit lite utvalg av dei plantane som blomstrar i hagen min nett no. Alle bilda er teke for ei veke sidan, men det er dei siste oppdaterte bilda eg har.

Darmera peltata (Peltiphyllum peltatum) er ein plante som kjem med blomster før blada kjem (blada på bildet tilhøyrer ballblomen (Trollius) som står like ved.  Denne planten tilhøyrer Sildrefamilien og veks i woodlandområder i vestlege Nord-Amerika. Blada vert forholdsvis store og dekker eit godt areal. På dette bildet som er omlag ei veke gamlat har blomsterknoppane såvidt begynnt å opne seg.
Fotblad  -  Podophyllum hexandrum (P. emodi) blomstrar fint no. Den har sitt opphav fråHimalaya
Det spesielle med den er at blomsten kjem på toppen av kvar blad og utover sommaren utviklar det seg ei frukt som vert hengande under bladet. Fruktene liknar på paprika, raud på farge og skal visstnok være etande. Dei svarte frøa som er inne i fruktene er lette å så og dei kan sjølvså seg i bedet dersom dei får lov til det. 






Den kvite soleihoven Caltha leptosepala er ein slektning til vår heimlege Soleihov (C. palustris) som veks vill på fuktige stadar, gjerne langs bekkar og små elvefar og sumpmarker. Her blomstrar begge artane nett no. C. leptosepala veks opprinnelig i vestlege Nord-Amerika frå Alaska til New Mexico  og ser ut til å trivast godt her og. Denne fekk eg som prikleplante i fjor eller året før meinar eg.

Også vår heimlege Caltha palustris blomstrar nett no, dette er ein fylt kultivar som heiter 'Muliplex' og er svært blomsterrik.
Blandt andre i Soleifamilien i tillegg til ymse former for kvitveis har eg også ein gulveis som blomstrar no, nokre av blomstrane er enkle og nokre er halvfylte. Tua legg på seg litt for kvart år og ser ut til å trivast godt i bedet under eit av dei store morelltrea våre. 
Primula har eg mange av som blomstrar no - ei av plantelsektene eg set mest pris på av alle. Denne har eg fått som prikleplante for nokre år sidan som Primula aff. urumiensis.
Primula denticulata - Kuleprimula finst i mange fargar, denne lyser godt opp.
Blandt tulipanane er det denne sorten som eg trur heiter 'Pinoccio' som tek seg best ut, dei høgare Darwintulipanane i raudt og gult eg har i eit anna bed får bra med juling idag i vindkasta.
Rhododendron 'Baden Baden' som dei site åra har starta blomstringa siste dagane i april er i år tilbake i "gamleruta" dei hadde for 15-20 år sidan med å være på topp kring 17. mai.
Her er eit bilde av hypertufatrauet mitt som er beplanta med Primula didyma  (lilla blomst til venstre), Sedum og .Androsace. Ikkje noko godt bilde, men det var det eg hadde for hand. Takløken har hatt det for vått i vinter så den må eg vel plante på nytt i trauet.
Frittillaria er ei planteslekt som fasinerar meg og eg har frøsådd ei rekkje artar. Ikkje alle av dei har eg hatt like god suksess med, men Fritillaria pallidiflora (over) og F. tubiformis (under) er to av dei som ser ut til å like seg godt i skuggen av svarthyllen der eg har plassert dei.
I tillegg til mange blomstrande plantar, har eg nokre som eg kun betraktar som bladplantar sjølv om også dei og kjem med blomster som eg ofte klipper vekk. Her er det Barbarea som har eit fargerikt bladverk, men blomsterstanden kan eg "styre meg for" så den klipper eg vekk og får oppatt ny bladvekst seinare.


Ellers har eg merka meg  som nokså uvanleg at den store bøka vi har på garden var nesten like tidleg ute med bladsprett som bjørka i år. No er heile heile bøka grøn og dei andre bøkene i området har bare såvidt begynnt å vise grønt.... eg undrast på kva grunnen til det kan være.

lørdag 21. april 2012

Vårblomstring på Nordåker

Eg merkar at er skikkelig dårleg på å oppgradere bloggen min... no får eg ta eit tak idag å presentere nokre bilder frå hagen og noko av det som blomstrar akkurat no.
Mange PRIMULA er typisk vårblomst  og eg har fleire artar i blomst no framover og fleire kjem det etterkvart.

Til høgre er det Primula x pruhonicensis'Wanda' som er ein av dei sikraste og mest blomsterrike i min hage. Den set pris på omplanting år om anna og jamn tilgang på næring og fuktighet i jorda.

Primula elatior var mayerii er ein annan tidleg og flott vårblomstrande som har lang blomstringstid og som gjerne kjem att med blomstring seinare i sesongen og, særleg på seinhausten.
Denne var faktisk i blomst med nokre få opne blomster rundt juletider også.
 Denne Primulaen har eg gløymt namnet på. Namneskiltet er vekk og, men flott er den uansett.

 Fylt Soleihov - Caltha palustris 'Multiplex' trivst godt i fuktig og humusrik jord



Under ser vi Primula rosea 'Gigas'  ein bytteplante eg har fått for eit par år sidan. Veldig flott liten Primula.
 Pionbedet mitt ser det svært lovande ut. Alle Peonane kjem att i år, og mange av dei har lagt godt på seg siste sesongen





 Trepionen min skyt rikt frå basis i tillegg til at det som er over bakken ser ut til å ha klart seg fint denne vinteren og. Eg var redd det kansje hadde vore for vått i vinter med alt det regnet vi har hatt så det var ein gledeleg overraskelse.

 Scilla siberica eller Othocallis siberica
  som den skal heite no, sår seg svært villig og kan nokså raskt bli til store matter med lysande blå blomster. Nydelege er dei når dei står i blomst og dei har lag å dukke opp både her og der i hagen, truleg er det mauren som syter for å spre frøa rundt ikring.


Blomstrande rips - Ribes sanguineum blomstrar ilag med Pulmonaria angustifolia. Humlene er like glade i begge to og vitjar dei jamt på fine varme vårdagar.


Kusymra - Primula vulgaris veks vill i kystnære strøk. Eg har "importert" den til hagen min der den ser ut til å trivast godt, ialle fall blomstrar den villig nett no.

 
Av og til finn eg forskjellig i hagen når eg grev i jorda. I går fant eg ei lommebok som har lege ca 1 meter ned i jorda i +/- 40 år vil eg tru. Dessverre følgde det ikkje rikdom med den i form av klingande mynt eller sedlar... det hadde gjort seg det! 







Då ynskjer eg alle ei god helg både til dei som skal grave i hagen og til dei som vel andre fritidssyslar eller har helgevakt i jobben.

mandag 2. april 2012

Etter at vi torsdags kveld om heimatt frå ein 7 dagars tur på besøk hos dattera vår i Charlottenberg i Sverige der vi hadde eit strålande veir nesten heile tida kom vi heim til grønt gras og blomstrande hage - alle bilda er tekne fredag 30. mars så nær som det siste som eg tok i dag tidleg.

Ribes atrosanguineum - blodrips er snart klar til å sprette ut

Påskeliljene er i full blomst

Denticulaten får representere Primulane denne gongen

Cypripedium er godt på veg, håpar det vert blomstring denne sommaren

Peonane var på full fart opp gjennom baret som eg la på ved juletider for at ikkje komposten eg fylte på ikkje skulle bli skylt vekk iløpet av vinteren og det trur eg var lurt etter alt regnet vi har hatt og mange omgangar med svært kraftig regn.

Den fylte soleihoven er klar til å springe ut om ikkje lang tid

Ei av dei store gruppene med Dryopteris filix-mas - Ormeteglsbregne som eg har i hagen. Syns dei er fine eg, både i kvilande tilstand og når dei veks til.

Meconopsis betonicifolia 'Lingholm* har klart vinteren og er i fin utvikling

Men så kom tilbakeslaget, idag - 2.april har vi 20 cm snø og istappar frå taket....
Får håpe det er dei siste krampetrekningane denne vinteren, men det forundrar meg ikkje om vi får smake på vinteren fleire gongar..... mor natur kan være lunefull!

torsdag 22. mars 2012

Den fyrste kvitveisen -



Idag har eg funne den fyrste kvitveisen i blomst ute i hagen.
22. mars må være rekordtidleg, etter å ha sjekka min 7. sans frå dei siste åra er det tidlegaste eg kan finne 29. mars tidlegare år så ja, i år kom våren tidlegare enn "normalt".
Alltid stor stas å finne den fyrste, då veit ein at det er ikkje mange dagane så dukkar det opp kvite felt både her og der iallefall dersom lovnaden om pent veir dei næraste dagane held stikk.
Idag må vi nok finne oss i å ha enkelte byger hengande over oss.
Eg har som tradisjon å plukke den fyrste kvitveisen eg finn kvart år og sette den i vase ved mi kjære fru sin sitjeplass. Ei markering av det viktigste vårteiknet!




I hyperturfatrauet mitt blomstrar denne Drabaen fint - har blomstra ca ei veke alt og viser virkelig godt att sjølv om den er å reikne som ein "nærsyntplante".

Ellers poppar det opp med spirar som veks alle stadar, snøen som kom natt til mandag har ikkje gjort nemneverdig skade anna enn på krokusane der mange ser noko pjuskete ut og ligg langs bakken, men mange står også like fine som før snøfallet.

søndag 18. mars 2012

Vårblomstring - tidleg vår til glede for dei fleste av oss

Det er å reikne som full vår her no og blomstringa er i full gang. Snøklokkene her blomstra sidan 23. januar og dei vanlege snøklokkene er etterkvart i ferd med å avslutte blomsterpryden, medan dei fylte snøklokkene som blomstrar lenger framleis står like fine som då eg tok dette bildet for 10 dagar sidan. I går såg eg den fyrste humla flaug frå blomst til blomst blandt krokusane og idag såg eg jamvel at den fyrste påskelilja viste farge, Svarttrasta har starta med morgonkonsertane sine og i dag tidleg høyrde eg tjelden for fyrste gong - Då er det vår!!

Blåveisane har alt blomstra ei heil stund. Her er det H. transsylvanica - Ungarsk blåveis som viser seg fram...

her er det H. transsylvanica 'Buis'

Denne skulle være H. nobilis marmorata, dvs skulle den ha marmorerte blad men ved feillevering frå produsenten veit eg ikkje kva sort det er - den har iallefall ikkje marmorerte blad, men uansett er iallefall blomane fine!

Den vanlege blåveisen Hepatica nobilis har rik blomstring kvar vår, denne varianten syns eg har ekstra små blomster.

Krokusane blomstrar flittig og er absolutt kjærkomne uansett farge







Her er det samla forskjellige fargar krokus i tillegg til snøklokker rundt sommarfuglbuska

Eranthis hiemalis er ein av dei tidlege vårblomstane og, men eg slit litt med å få dei til å trivast i hagen min av ukjent grunn.


Haquetia fekk eg som bytteplante for eit par år sidan og har planta den ved sida av ein Rhododendron. Liten plante som ikkje gjer så mykje av seg, men er kjærkommen når den blømer så tidleg som no.

Dette er skot av ein Sassaurea, men eg veit ikkje artsnamnet - også det ein bytteplante eg har hatt nokre år som får nokså store blad etter at den har blomstra frå seg. Heldigvis berga den knoppane då hjorten var der og forsynte seg med dei fyrste grøne skota som stakk opp tidlegare i vinter.

Så til slutt vil eg vise kva eg fant i hagen hin dagen då eg var ute og grov litt i hagen. Denne metallboksen med Niveakrem har lege i jorda iallefall meir enn 30 år, kansje over 40 år, frå tida før det vart tvungen renovasjon her i kommunen og det som ikkje kunne brennast vart gravd ned i hagen.......
Godt nedgravd som den var, har den bevart teksten som om den nettopp var blitt tømd og kasta. Det andre som var kasta og nedgravd i same hola var forvitra og bare restane igjen av og omdanna til produktiv jord og mineral.
- Eg er iallefall overtydd fabrikken har sine ord i behald når det gjeld teksten på boksen: " gir en pålitelig beskyttelse mot skadelige innflytelser...."