søndag 25. september 2011

Sommaren som rann vekk

Då er det vel på tide å blåse liv i ein altfor lenge "sovande" hageblogg.
Denne sommaren må eg innrømme at hagen har vorte forsømt, dels på grunn av helsetilstanden og dels på grunn av prioritering på andre områder.
Veiret denne sommaren har som alle veit vore mildt sagt våt og miserabel for ein hageentusiast og hagelysta har i stor grad vore fråværande, iallefall i periodar.

Store delar av sommaren har dette vore utsikta vår, noko som ikkje bidreg positivt til det helsemessige når ein plagast med muskel og sjelettplager:

Men inn i mellom har det vore små lysglimt som gjev grunn til optimisme også på veirfronten...





Vi bur ikkje slik til at vi ser solnedgangen, men vi har desto meir glede av fagre soloppgangar og særleg på denne tida på året kan det være svært vakre morgontimar å glede seg over dersom overgartnaren viser godsida til.



og når skyene etterkvart forsvinn skin sola og gyllar fjorden



Nokre få dagar har til og med vore retteleg så fine - her ser dåkke indre delen av bygda eg bur i - Davik


Alle bileta er tekne frå veranden vår no i løpet av September.

onsdag 29. juni 2011

Ting som skal kastast.....



Ting som skal kastast kan få eit fornya liv ved feks. å bli beplanta med nokre av dine kjære hageplantar. Sedum og takløk egnar seg særs godt å bli planta i små "konteinera" som det eg har gjort her.
Denne skoen har for lengst sett sine beste dagar som det den var tiltenkt, men med takløken og Sedumen som bebuarar vil den truleg fortsatt få nokre gode år som "pensjonist" i hagen til glede og munterhet for forbipasserande.
Sender ei takk til Mariann i Ulsteinvik som eg har snappa ideen frå. :-)



Her der det botnen på eit fuglebrett som er snudd "opp-ned" og beplanta med takløk og stein
Forhåpentligvis veks dei seg til iløpet av sommaren og fyller meir ut.


Denne flettakorga skulle kastast og kva er vel betre enn å få tene som prydobjekt på hagebordet til den vert så skral at den går oppløysing ?

søndag 26. juni 2011

Pionblomstring I


Her ein flott rosa silkepion frå "Strand" - ukjend sort, men flott likevel.....


No er silkepionane (P. lactiflora) komme i blomst og dei tre som er fyrst ute er 'Festiva Maxima', 'Shirley Temple' og ein ukjent rosa eg har fått frå "Strand" på hagegal.
Eg viser alle tre sortane i begynnande opning og i open blomst. Dei fleste silkepionane står med knoppar no i varierande utviklingsgrad.
Tom. dei eg kjøpte gjennom importen frå Kina i fjor haust har knoppar, og eg har ikkje hjerte til å plukke dei av sjølv om eg eigentleg burde ha gjort det dette fyrste året slik at dei fekk bruke all kraft til vekst og utvikling av røtene.



'Festiva Maxima' er flott med den raude stripa i senteret av blomsten




'Shirley Temple' har svakt rosa knoppar, som utsprotten er den svak rosa som går over i kvitt med gult senter....


Klosterpionane (P. officinalis) er snart avblomstra for i år, men dei har stått fint lenge sjølv om veiret ikkje har vore av det beste. Heldigvis har det ikkje vore mykje kraftig regn som har gjort ende på dei, og den kjølege temperaturen vi har hatt har gjort sitt til at blomstringa har vart lenge (aldri så gale at det ikkje er godt for noko!).

Her har vi 'Rosea Plena' og 'Rubra Plena' med dei siste blomane for i år....


Fargen på 'Rubra Plena stemmer ikkje heilt, men den rette fargen ser ein på biletet under som viser siste resten av ein avblomstrande 'Rubra Plena'

Alle Peonane gjev eg ein neve beinmjøl i planteholet + ei god dose hønsegjødsel i botnen med jord over før eg plantar dei. Det ser det ut til at dei set svært stor pris på og iflg. "Pionmannen" kan dei ikkje få for mykje kalk.

Seinare i sesongen vil eg komme tilbake med bilder av dei andre Silkepionane som kjem i blomst seinare.

søndag 19. juni 2011

Arisaemaen er i blomst


Idag vil eg vise bilder av den flotte Arisaemaen min som no står i blomst for fyrste gong. På norsk heiter den visstnok snabelkala utan at det er eit namn som er særleg kjent trur eg.
Eg har hatt den 3-4 år trur eg, men dessverre er merkelappen borte så eg er ikkje sikker på kva art det er, og ikkje hugsar eg kvar eg har fått denne lekkerbiskenen frå heller.
Den ser ut til at den trivs godt der eg har plassert den, i skuggen i jamt fuktig jord og den har fått rikeleg "heimeavla" hønsegjødsel å kose seg med, noko den ser ut til å setje stor pris på for i år har det poppa opp nokså mange skudd der den står. og den kvitterar med to blomster noko eg set veldig stor pris på.

Den var veldig vanskelig å fotografere så eg måtte ty til ei kvit papplate som bakgrunn for å få skikkelig fokus og få klåre bilder.
Nokon som veit om den godtek å bli flytta i vekstsesongen eller om eg må vente til tidleg vår med å flytte knollar ?

Så må eg vise den frodige og fine kvite valmuesøstera mi - Meconopsis betonicifolia 'Alba' - den veks seg større og frodigare for kvart år, den óg likar seg i jamt fuktig jord i skuggen.


Så må eg vise bilde av den flotte flekkmarihanda Dactylhorzia maculata - ein orkide som det veks nokså mykje av her i gamal eng. Flott hageplante er den og. Nydelig mønster når ein får studere den på nært hold. Den trivst best i lett sur jord og halvskugge

onsdag 15. juni 2011

Mine namnlause Hosta

Då skal eg presentere dei 12 namnlause Hostane mine. Dei er alle flotte sjølv om dei er namnlause, men det er eno kjekt å ha eit namn å forholde seg til, ikkje minst vet bytting eller om ein skal kjøpe nye og står og lurer - "hm... har eg den skal tru...?"
Kom gjerne med namneforslag om du har! ;)


'Blue Cadet'


War Paint



Den over fant eg namnet på sjølv : Hosta minor




'Fracee'


H. fortunei ' Albopicta'

'Thunderbolt'


H. undulata 'Mediovariegata'

>H. undulata 'Snow White'


Desse to under er nokså like, men er IKKJE samme sorten.... (Den eine kan være 'Gold Standard' og den andre 'Inniswood')


mandag 13. juni 2011

Hostaene mine


Idag vil eg presentere Hostaplantane mine. Eg har 28 forskjellige, og litt over halvparten har eg namn på. Dei andre har eg enten fått som namnlause eller har mista namnelappen på.
Dei eg presenterer idag er dei eg har namn på ( håpar at namna er rette og hvis ikkje håpar eg på kommentarar med retting!) .
Dei namnlause presenterer eg i eit eller to nye innlegg og då vil eg sette stor pris på om nokon vil hjelpe meg med dei namna som manglar.
Hosta er flotte bladplantar som høver godt både i sol og skugge alt etter kva sort ein har med å gjere. Det finst både store sortar og nermast dvergsortar, heilt grøne, blågrøne, variegerte og tofarga i alle slags mønster, matte og glansfulle blad - i det heile alt mulig for ein kvar smak og til ein kvar plass - og ikkje minst veldig mange av dei høver godt i skugge og i tilknytning til stein og vatn, woodland, innramming osv.......

Ja då er det asltså klart at dette ikkje er Hosta sagae












n... og det rette namnet her er Frances Williams