søndag 29. mai 2011

Endeleg har eg igjen fått kontakt med min eigen blogg og fått logga meg inn. Nokre dagar no i det siste har bloggtilgangen vore blokkert på eit eller anna vis så ikkje har eg fått logga meg på eigen blogg og heller ikkje fått lagt inn komentarar på andre bloggar. Ikkje var det hjelp i å pønsje inn passordet sitt på nytt heller det virka ikkje/vart ikkje godkjent så då var det bare å håpe at det retta seg med tida.

Parasollblada var store og flotte, men kraftig vind og slagregn har dessverre gjort at dei ser ikkje slik ut lenger. "Skjorteknappane" begynnte blomstringa like før 17. mai og står fortsatt i fin blomst under det misnt 50 år gamle morelltreet.


Aquilegia flabellata nana blomstrar rikt samtidig med auriklane. Auriklane er nesten ferdigblomstra, men akeleia fortset blomstringa ei stund til.



Veiret deen siste tida har vore kaldt og ufyselig og lite innbydande til hagestell. Litt ugrasreinsking har det vorte inni mellom, men eg ligg som vanleg godt på etterskot.

Den fylte soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex') blomstra overveldande i vår, men no er den snart heilt avblomstra. Den likar tydeligvis den fuktige og litt kraftige jorda der den er plassert.

Den vesle mini-akeleia Aquilegia canadensis nana passar fint i fjellhagen.

I fjellhagen lyt eg nok til med supleringsplanting då det er ein del som har gått ut iløpet av vinteren.

I woodlandet har det meste klart seg over vinteren og spesielt glad er eg for at denne har klart seg så godt. Acer japonica 'Orange Dream' . Bare litt tilbakefrosen i toppane og det må ein bare reikne med ein slik frostvinter.

Nydelege bladfargar både vår og haust.

Kusymrene har blomstra frå seg for i år. Ofte er dei litt vanskelege å fange rette fargen på, dei har lett for å bli altfor lyse på bilda, men her ser det ut til av eg var heldig med knipset.

Meconopsis quintuplinervia har blomstra ei heil stund og sender stadig ut nye utløparar, her har den selskap med vanleg kvitveis.

lørdag 14. mai 2011

Aurikkelblomstringa er på høgda no









Aurikkelblomstringa har halde på ei stund no og eg går og beundrar dei og snusar inn den deilige lukta frå desse blomstrane som er så vakre. Eg veit ingen blomster som har ei så god lukt som auriklar. Etterkvart har eg opparbeidd meg ei rekke fargevariantar ved plantebytte og mange har eg sådd sjølv både av eigen avl og kjøpte frø. Spennande kvart år å sjå om det er nye variantar som dukkar opp.


Som før fortalt har hjorten teke seg av begrensinga av nye variantar dette året så det er ikkje så mange nyerverv å sjå fram til som eg hadde planlagt, men eg får så på nytt til hausten igjen og håpe det beste. Dei skal eg iallefall prøve å beskytte så godt eg kan mot hjortehordane som heilt sikkert dukkar opp att når kveldane vert mørkare på seinsommaren og utover vinteren.




God helg til alle aurikkelelskarar og alle andre! :)

torsdag 12. mai 2011

Årets fyrste Peonen i blomst



Så er den fyrste peonen i blomst. Eg har mista namnelappen så eg er ikkje sikker på kva det er for ein art, men det er ein frøsådd sak. Truleg er det Paeonia veitchi, men eg er ikkje sikker for denne er bare ca 50 cm høg og den andre eg har som eg veit er P. veitchi er 70 cm høg. Eg veit ikkje om den arten kan variere så mykje i høgde. No er riktignok den lave 4-5 år yngre så det kan no ha litt å seie også. Dessutan syns eg det er litt forskjell i bladverket og, men det og kan ha litt med alder å gjere.

På biletet under ser vi den eg veit er P. veitchi som eg fekk som liten frå Toveve på hagegal for nokre år sidan og den har vakse seg jamt og trutt større og kraftigare for kvart år og i år kan eg telle 32 blomsterknoppar som no er begynnt å vise farge.


I år er det for fyrste gong knopp på Svovelpeonen (P. mlokosewitchi) også, frøsådd og etter det eg har forstått kan den variere litt i farge så den er eg spent på, men det tek ei god stund enno før den viser farge.

Det mest gledelege er at alle peonane eg kjøpte ved Kinaimporten i fjor har klart vinteren og er i god vekst. Dei var litt seine før dei begynte å vegetere så eg var litt i stuss om dei kom igjen i det heile.

Ein annan spennande Peon er den frøsådde trepeonen eg fekk frå Bina på Hagegal for nokre år sidan. Til no har den bare stått der og ikkje blomstra, men i år er det masse knoppar på den. Eg flytta den tidleg i vår og det ser den ut til å ikkje ha teke skade av heldigvis.

Så vil eg vise bilde av den flotte japanske lønnen min med namnet 'Orange Dream' nydelig bladverk både vår og haust.

Her er dei nye blada i ferd med å folde seg ut.....


No er dei pålag fullt utvikla flotte blad og flotte fargar....

Så litt på avstand så ein ser forma på busken. Ein slik lønn får plass sjølv i ein svært liten hage.

fredag 29. april 2011

Dufta av nyslega plen...

Idag har eg slege plenen for fyrste gong i år ... å så godt det luktar av nyslege gras og etter den fyrste slåtten er alltid lukta av nyslege plengras den aller beste. Dertil vinsten ved at hagen med eitt ser meir velstelt ut når plenen er klipt (Sjølv om langt ifrå alt er på stell ellers i hagen)!
Ei anna lukt som brer seg er pinsliljene som har slått ut i full blomst iløpet av dagen, ikkje rart så varmt og drivande det er i veiret no om dagen.

Ellers blomstrar mangt og mykje no etterkvart. M.a. Himalayfotblada (Podophyllum), den fylte Soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex), Blodrota (Sanguinaria) Tulipa urumiensis, Muscari og mange sortar Narcissar m.m. , men meste stolt er eg av Fritillariaen på bildet under - sådd hausten 2007 og planta under svarthyllen som gjer at den har det nokså tørt etter at lauvet er komme på hyllen, det trur eg er eit lurt trekk samt rikeleg med næring frå tidleg vår. Eg hadde ikkje venta at den skulle komme i blomst enno. Eg har også to andre Fritillaria som står med knoppar frå same årgang.


Ellers blomstrar fleire av auriklane mine og under er nokre av dei som no er i blomst. Det som er mindre kjekt i år når det gjeld auriklar er at "barnehagebedet" der eg hadde alle frøplantane som eg sette ut er herpa av hjorten i løpet av hausten og vinteren. Berre nokre er att der dei var planta resten et borte vekk eller eg finn ein og annan hist og her med inntørka røter på stadar dei "ikkje høyrer heime".



Dei siste dagane har eg omgjort "øvre morelltrebed" til blåveisbed og fått planta ut ein del blåveisplantar som var frøplantar i fjor og året før. Også orkideane Cypripedium og Brudespore (Gymnadenia) har fått plass i det bedet, kalkelskarar som dei er.

Ellers er tida for alt som har overvintra inne som skal ut i friluft igjen. m.a har Apeskrekkplantane mine klart vinteren fint, men må belage seg på fleire år enno i potter før dei er store nok til utplanting på det nye stykket vårt som foreløbig er fullt av kratt av hatl, hegg, lønn, or, bjørk og spisslønn (huff, der har eg ein langvarig og stor jobb å gjære og med min innsats for tida er eg redd det kan ta laaang tid å få rydda området)
Akkurat no er det store kvite tepper av kvitveis på det stykket. Her eit bilde frå nokre dagar sidan.På innefronten vil eg vise fram den flotte Cliviaen min som eg fekk av ein slektning for nokre år sidan. Tidlegare i vår var det masse blomster på den, men kom eg ihug å ta bilder av den då ...?
No kom den med eit lite etterflor og då nytta eg høve til eit bilde av den.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg! :)

mandag 25. april 2011

Hypertufatrauet mitt

Hypertufatrauet som eg lagde på kursdet i fjor vår står no i fullt flor no. Dei fleste har overlevd denne kalde vinteren som vart innleia med ein mnd.streng barfrost i november før snødekket kom.


Eg håpar at det som har klart seg vil vokse godt denne sesongen slik at til neste vår vert den enno flottare.

Draba, Primula og Androsace er i blomst....
nens Takløk og sedum gjer seg ofte betre utan blomster....


Hypertufatrauet som eg lagde på kurset i fjor. Eg skal nok lage fleire slike når eg får "ånda" over meg!


I kveld måtte eg bare lage ein prøveblogg for å sjå om eg får alt tilå fungere på den nye PCen min og det ser det ut til at det gjer. :D

fredag 1. april 2011

Årets fyrste........

Hepatica x media 'Buis' var raskast i blomst i år - vakker!


Idag har eg putla på med oppreinsking i hagen etter vinteren. Gamalt lauv og fjorårsvekst som skal på komposthaugen vart samla saman og transportert vekk i det fine vårveiret.
Det var ein hærleg følelse å ha jord under neglene igjen etter ein lang vinter og ekstra stas var det at eg hadde ein av dei få dagane med kroppen i nokonlunde form slik at eg fekk utnytte fineveiret til litt våronn.
Blåveisane og krokusane hadde sin fyrste dag med opne blomar og det er ein merkedag kvart år.
I år var det Hepatica x media 'Buis' (over) og H. transsylvanica f. rosea (under) som var fyrst ute med opne blomar, men dei andre er ikkje langt unna heller.


Hepatica transsylvanica f. rosea - rosa Ungarsk blåveis


Krokusar er det fleire sortar og artar som står i blomst -over trur eg det er Crocus tomasianus

Crocus saturnus - ein av dei flottaste krokuane syns eg.


Også påskeliljene er i rute og viser store knoppar no.
Ein utruleg flott dag med god temperatur, sol - iallefall fyrst på dagen, livlig fuglesong i busk og kratt og sannelig surra det ei humle kring meg og - også det den fyrste av året.

onsdag 23. mars 2011

Våren er på veg

Den eldste blåveistua mi av vanleg blåveis Hepatica nobilis har mange knoppar som no kjem litt etterkvart.


Etter å ha vore vekkreiste nokre veker i anledning nytt barnebarn som kom til verda i Valdres. - (ein staut og flott gut) kom vi heimatt til nesten bar mark forrige torsdag og nokre dagar etter var heile hagen snøfri. Snøklokkene stod i fint flor og både det som er gledeleg å sjå og det ein helst ville sleppe å sjå (alt som skal ryddast vekk i beda) kom til synes.

Fredag fekk eg meg ei fin økt og rydda vekk i Peonbedet, der store, svulmande raude knoppar bryt seg opp til lyset og bare ventar på sol og varme.....
Ekstra gledeleg var det óg at trepionen har overlevd denne svært kalde vinteren, som vart innleia med fire veker hard barfrost før snøen kom, står frisk og fin klar til ny dyst. Den MÅ flyttast til ein varig plass denne våren - eg må bare finne ut kvar fyrst...

Vi har hatt to svært så nedbørsrike dagar her i vest no noko dei fleste sikkert har sett i nyhetene, men i går var det lange periodar med opphald og då såg eg meg snitt til å ta med fotoapparatet for å knipse bilder av blåveistuene mine som no står med store knoppar.
Litt sol og varme no så står dei i fullt flor.


Dei ungarske blåveisane er to år gamle i hagen min og her er den fyrste blomstrknoppen i år av den rosa utgåva.

Her er det den kvite sorten ' Weinreichs Weize' som kjem med fleire knoppar.



Her den lyseblå sorten 'Weinreichs Blaue'
- Hjortane som har hatt tilhald her om natta mykje av hausten og vinteren har takka for opphaldet ved å legge att "gjødselkuler" - greit nok, men eg er ikkje verre enn at eg hadde klart å gjødsle beda mine sjølv dersom dei holdt seg i skogen der dei høyrer heime!



Til slutt sorten 'Konny Greenfield' - ein nydeleg flott utgåve av Ungarsk blåveis som eg gled meg til skal openbare seg.

No gjeld det bare at det som er att av vinter ( for den kjem nok heilt sikkert igjen både ein og fleire gongar før han må gje seg) ikkje vert av slikt slag at den gjer skade på dei flotte knoppane som gøymer på så mykje visuell glede.