Viser innlegg med etiketten sopp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sopp. Vis alle innlegg

fredag 3. oktober 2008

Soppflora og draum om fossefall






Det har atter vore nokre dagar utan nedbør, men eg har ikkje hatt anledning til hagearbeid desse dagane pga. masse anna etter jobb.
Det einaste hagearbeidet eg har teke meg tid til var plantepakke eg fekk frå akoen i går, dei plantane har eg midlertidig planta slik at dei klarar seg til over helga når vi kjem heimatt frå tur.
Vi reiser no i dag tidleg til Beitostølen der vi skal på namnefest til barnebarnet Sander.

Dei siste dagane har eg hatt med meg fotoapparatet og teke bilder av mange forskjellige sopp. Eg har ikkje så mykje peiling på sopp, men syns dei er spennande skapningar. Mange av dei er fargerike og lyser godt der dei står, men å plukke sopp til matauk har eg ikkje forsøkt meg på.
Ikkje veit eg om desse to eksemplara er matsopp, men flotte er dei i allefall.

Ellers kom eg over eit lite fossefall der eg tenkte - Oi dette hadde vore noke å ha i hagen, då hadde det blitt woodland då !!
Det var lite vassføring denne dagen, så det grøne og frodige mosedekke på berget og steinane i elveleiet kom til sin rett.Når vi kjeme heimatt frå helgaturen vert det spennande å sjå om ein kjenner seg att i hagegalforumet som denne veka er under oppdatering og fornying. Det vert nok bra tenkjer eg .

Sidan vi reiser opp i vinterlandet har eg lagt om til vinterdekk, men dei eg har er utslitt så før vi startar på vegen opp mot fjellet må vi bytte dekk på Eid. Har sikra meg plass til det så det er jo ikkje så lenge gjort heller.

Ha ei fin helg - eg gled meg til å treffe att barnebarnet på vel 4 mnd.