No har eg fått vore Besten for Mikael (8 mnd) sidan mandag og det er stor stas.
Sidan dei bur i Turku (Åbo), Finland er det ikkje ofte ein får vere Besten i praksis naturligvis.
Eg henta dei på Sandane lufthamn sist mandag og det var naturligvis stor gjensynsglede for begge partar. Dei skal vere hos oss heilt til 13 januar så vi får no kose oss i lag ei god stund.
Han er stort sett ein blid og fornøgd gut. Tilfeldigvis har eg funne ut at han er veldig glad i jodling og tirolermusikk så det er eit godt middel når guten treng trøst av ein eller anna grunn.
Han vert heilt andektig når eg finn tirolermusikk på YouTube som på biletet under.
Han krabbar rundt i full fart og kjem seg stort sett der han vil og eg vil tru at iløpet av den tida han skal vere her hos oss tek han dei fyrste stega. Det er iallefall moro å følge med på utviklinga.
Hannu sagar årets juletre.
Her er to stolte juletrejegerar
På mandag kjem det meir julegjestar, då kjem Sander, det andre barnebarnet vårt med mor og far og sidan det bare er fem vekers aldersforskjell på dei to gutane vert det moro å sjå kor fort dei finn tonen som syskenbarn, dei har jo ikkje sett kvarandere tidlegare heller.
Den yngste dattera med sambuar kjem på julafta og mine foreldrer skal og vere ilag med oss på julekvelden så då vert det fullt hus med 4 generasjonar i stova rundt middagsbordet og utover kvelden.
Ellers fekk eg to frøkatalogar i posten idag, den eine ei tilleggsliste frå Leüthens og den andre frå Konnässörklubben som eg hadde heilt gløymt av at eg hadde meldt meg inn i (rødme). Den siste har eg såvidt kikka litt i og der er det mykje snacks ser eg, masse løkvekstar, stauder og busker som vekker interessa mi så det går nok heilt sikkert ei bestilling der og.
På torsdagskvelden var eg på "Dampen", restauranten i bygda på julebord med masse god mat ilag med andre medlemmer i styret for utviklingslaget - ei trivelig stund.
I morgon er jo den stooore dagen for oss som lengtar etter lysare tider. Då snur nemleg sola som vi seier og vi kan bare begynne å sjå fram til at dagane lengnar og det går mot vår.
Ynskjer alle ei god førjulstid desse få dagane som er att til julekvelden, det går fort no men vi er stort sett ferdige med både julegåver, kakebaking og andre forberedingar, så no er det stort sett bare kosen framover.