Idag har eg vore på jobb etter to dagars sjukefråvær. Sykja sit so pass kraftig i kroppen enno at det bare vart fotorunde i hagen no med eg ventar på middagen, og seinare idag ei ny jobbøkt i fjøset. Det kosta bra mykje kroppslig å ta tunge løft på jobben idag så både vedkløyving og opprensking heime i hagen lyt vere til eg er restituert igjen.
Idag er det strålande veir med sol frå klar himmel etter at morgonskodda som kom sigande ut fjorden i 6-tida idag tidleg (eller fjordskodda som vi kallar den her) trakte seg tilbake ut på føremiddagen.
No blomstrar krokusane rund i beda for fullt og bakken bak huset der dei har fått sådd seg fritt og spreidd seg er det etterkvart mange og.
Eg har vore ute i hagen og fanga ein del krokusgrupper med fotoapparatet.
Alle bileta er klikkbare (håpar eg)!
- vær så god!
Dagens ekstramelding:
Då eg var i hagen og fotograferte krokusane såg eg fyrste humla av året ( det er forøvrig ein merkedag det.....) som var på leiting etter nektar i krokusblomane på plenen, men då eg nærma meg for å ta bilde tok den til vengjene, litt sky og redd etter ein lang vinter må vete, men kjekt å sjå den iallefall.