Viser innlegg med etiketten Sander. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sander. Vis alle innlegg

tirsdag 23. mars 2010

Vårteikn

Crocus chrysanthus 'Saturnus' er ein av dei flottaste krokusane og aller finast er den i knopp syns eg! - Godt å komme heim att å finne slike vårteikn!

Madammen og eg har vore 5-6 dagar i Valdres på besøk hos eldste datter med familie.
Dei har kjøpt seg hus som dei flytta inn i på nyåret og det var kjekt å sjå korleis dei har fått det i den nye heimen sin. Sander syntes det var kjekt å få besøk av Besta og Besten.
Ein aktiv krabat med mange jern i ilden som det høver seg ein gut på snart 2 år.
Vi har jamn kontakt på skype, men det vert sjølvsagt ikkje det same som personleg og nær kontakt med barnebarna.
Laurdag var eg på spabehandling på Beitostølen som eg fekk i gebursdagsgåve tidlegare i vinter og det var ein nytelse.
Igår (mandag) kom vi heimatt og det var godt å sjå at snøen hadde minka frå 77 cm då vi drog til 22 cm idag tidleg på den faste målestaden. Enkelte snøfrie bøter er det og her og der.

Eg syns det var stas at buskbomhekken min hadde dukka fram att frå djupsnøen, det går på fram! I bakrgrunnen skimtar vi eit av dei store morelltrea våre og under der det skal det omarbeidast til blåveisbed er tanken - om det vert til våren er enno uvisst.
Eg måtte bort å sjå om det var liv i blåveisane som alt har fått plassen der og det var det heldigvis i alle saman.

Under steinbenken ved morelltreet hadde eg gøymt tre potter med Hepatica - ein H. japonica frå Japan, ein H. henryii frå Kina og ein H. asiatica frå Korea godt innpakka i tørt lauv og granbar. Dei levde alle saman i beste velgåande. Den eine av dei jamvel nesten i blomst under der.

Påskeliljene er sprutfulle av kraft og er klar til blomstring straks dei er kvitt snødekket, med litt varme i veiret er det ikkje lang tid før den fyrste blomsten openbarar seg.

Snøklokkene blomstrar forskjellige plassar i hagen der det er fritt for snø, her representert ved den fylte utgåva eg har Galantus nivalis 'Flore plena'.

Den eine blåveisen som har lege i dvale, innpakka i tørt lauv og granbar under steinbenken har alt klar knoppar som snart vil sprette ut. Dette er ein japansk blåveis (H. nobilis var. japonica)

Julerosene med store knoppar. Her er det den gulkvite Helleborus orientalis 'Yellow Lady......og nedanfor er det H. atropurpurea som snart er i blomst.


Her er ein krokus som eg ikkje kjem ihug namnet på (namnelappen ligg under snødekke) som pressar seg gjennom bladverket til Tiarella grandiflora.

Den fyrste Primulaen i blomst etter denne merkverdige vinteren er P. pruhonichiana som hadde ein open blomst bare eit par dagar etter at snøen gjekk på den plassen den står.
Ellers er det mange Primula i knopp, men ingen andre som blømer akkurat no.
Tidlegare år har eg hatt Primula i blomst heile vinteren unntatt dei få dagne det har vore snødekke.
No har vi hatt konstant snødekke sidan 19. desember så det er temmelig uvanleg for oss dette.
Håpar bare at ikkje det kjem meir snø heretter, no vil vi ha VÅR!

mandag 13. april 2009

Heime igjen



Dagane med påskeferie på Beito gjekk fort saman med denne karen.



Det vart ein del turgåing med Sander i bæresele og i vogn, eg trur han likte vogna best.
Ellers vart det god tid til avslapning, god mat og litt datasurfing inni mellom.


No er vi atter på plass heime på Nordåker og du verden kor mykje som har forandra seg på dei dagane vi var på Beito.

Her har stadig fleire plantar komme i blomst og enkelte lauvtre er i ferd med å bli grøne, m.a rogn, hegg og bjørk.
Plenen ser ut til å måtte slåast innan ei veke om dette veiret fortset og eg føler at eg er akterutsegla når det gjeld vårarbeidet. Skal få gjort ein del idag, men så er det arbeid igjen resten av veka, minus to dagar som går med til andre gjeremål, m.a. ein tur til augespesialist.

I går etter at vi kom att frå tur måtte eg sjølvsagt ut i hagen med kameraet og fange opp blomstringa rundt om i beda.

Draba dedeana - Klipperublom er ein av dei som blomstrar i fjellhagen min no.

I den nyetablerte (og uferdige) fjellhagen min blomstra fleire sortar Draba, Thalapsi, Androsace og Primula, ein Sedum viser og farge.



Krokusane er for det meste avblomstra, medan påskeliljene no står på det flottaste, både dei vanlege og dei fylte sortane. Pinsliljene kjem snart og om nokre få dagar ser det ut til.

Pulsatilla vulgaris 'Alba'


I woodlandet blomstrar fleire slags Primula m.a. kuleprimula, P. elatior, P aff. urumensis og fleire. Klosterklokke, Blodrot, lungeurt, kvit kubjølle og mykje anna.
Blåveisen nesten avblomstra no, men 'Kyrvinberg' held stand og kjem med enno ein knopp - den tredje.


Sanguinaria canadensis - Canadablodrot



Russeblåstjernene gjer mykje av seg den korte stunda dei varer og avløyser snøklokkene som no er ferdige med si blomstringstid. Snøklokkene er det no på tide å grave opp og flytte på, dei som det skal.


På stykket nedanfor hagen min, der eg har hogge ut i vinter blømer kvitveisen i rikt monn. Vi ser den så mykje betre no når alle trea og krattet er borte. :)

To av fargane primula elatior-hybrider som eg har.


Idag er det lettskya, fjorden ligg så blank og stille - det er heilt vindstille og fuglane syng ute - reine konserten. I går såg eg forresten linerla på fergekaia på Fodnes på veg heimatt. Då kan det hende eg får sjå den her heime idag og då !
Sola glytter fram mellom lette skyer - det vert ein flott dag i hagen idag!

fredag 10. april 2009

God påske til alle



I år feirar madammen og eg påska på fjellet - i vinterland for fyrste gong .
Vi reiste frå blomsterprakt og fuglekvitter heime i hagen der påskeliljene, mange slags Primula og mykje anna blømde fint i beda.......




...til Beito like ved Beitostølen......




med fin utsikt over den is- og snødekte innsjøen Øyangen......
Her og er våren så smått i kjømda. Det smeltar og tinar smått om senn og temperaturen er ikkje så gale om dagen,men om natta er det nær null grader. I dag har det vore oppe i ca 13 grader sjolv om sola ikkje har vore heilt framme.
Sjølv om det er mykje snø på bakken er vegane heldigvis berre så det er fint å gå tur også for oss som ikkje likar å binde plankar på føtene.......


...her har Sander (10 1/2mnd) og besten tenkt seg på tur så Sander vinkar "nanna" til mamma og besta.


Eg ynskjer alle ei GOD PÅSKE - Sander helsar alle og !