Viser innlegg med etiketten Fuchsia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fuchsia. Vis alle innlegg

mandag 21. november 2011

Bonusblomstring i november

Kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum) - Hondeløfse er dialektnamnet på denne vakre tistelen som vanlegvis blomstrar i Juli-august. No har den teke seg på tak og remonterar i november.

******* ****** ******

Ja no er det lenge sidan eg har posta noko på bloggen min.
Denne sommaren og hausten har vore våt, våt og våt... men med november kom også mange fine dagar og temperaturen er for årstida svært behagelig. Nokre dagar har vorte utskjemde med tjukk skodde heilt i fjæresteinane og dei dagane har eg ikkje så mykje fysikk til å holde på i hagen.
Frosten er det knapt så vi har helst på. To gongar har eg skrapa is/rim av bilen og plengraset i hagen har bare såvidt vore rima eit par gongar. - Du verden kor flott når ein er komne til at vi snart skal starte på siste veka av november.
Eg kosar meg ute i hagen dei dagane eg er i stand til det.
Idag har eg reinska ugras i woodlandet i 10 varmegrader og heilt vindstille - ein heilt super dag!

I septiktankbedet mitt står fortsatt fuchsiane i blomst, og dei skal få lov å stå ute så lenge det ikkje er fare for skikkelig frost eller snø. Bare dei to stammefuchsiane mine har eg teke inn. Ikkje pga frosten, men pga. hjorten hadde lagt sin elsk på dei og friserte dei nokså bra så det var eigentleg lite å plukke vekk.








Rosa 'Queen Elisabeth' har eigentleg blomstra godt i heile sommar og haust til tross for mykje nedbør. Det er virkelig ei rose å anbefale på nedbørsrike stadar.
Også 'Golden Showers' og 'Symphatie' blomstra enno, men dei bileta vart altfor uklare til å ta med her...



Også Clematisane blomstrer flott no






Det er ikkje uvanleg at hageprimulane kjem med fornya blomstring om hausten, her er ein av dei


Doronicum er vanlegvis ein vårblomstrande plante, men denne har teke seg på tak og kjem no med ein blomst i slutten av november.


Hortensiane blomstrar enno, vakre bladfargar har dei og. Den rosa som eg fekk av naboen i fjor har eg ståande i ei potte og den skal inn når vinteren kjem for fullt. Neste år skal eg finne ein høveleg plass til den i hagen håpar eg...Den blå Hortensiaen kjem frå stiklingar eg tok med meg frå beplantinga ved Haukeland sykehus i Bergen for nokre år sidan. Dei har blomstra trufast her i mange år og er fine innslag når det meste har gjett seg med blomstringa om hausten.

Den kvite julerosa mi har starta blomstringa og stadfester at ringen er slutta, dei som har hatt sesongen sin er i ferd med den siste blomstringa si og dei som er på tur til ny blomstringsesong er igang med den.


PS! Alle bileta i innlegget er tekne den siste veka.

tirsdag 28. oktober 2008

Den fyrste snøen

Slik er utsikta vår idag innover Nordfjorden.
I natt kom det 7-8 cm snø, ikkje uventa, men heller ikkje vidare velkommen !

Dei to til venstre er sorten Brilliant og den under er Beacon.





Slik såg Fuchsiane mine ut på laurdag før eg starta å ribbe dei for vinterlagring.
Alle var i full blomst og riktig så vakre, men med snø og vintertemperaturar i vente var det bare å ribe dei og ta dei i hus, like hardt kvart år, men slik er det.

Her er dei tre stammefuchsiane mine, frå venstre: Sandboy, Beacon og Brilliant klare til å ta vegen inn i kjellaren.
Sandboy og Brilliant var små stiklingar i fjor vår så voksteren er det ikkje noko å seie på, ikkje blomstringa i år heller.




For den som hugsa historia frå juni månad med vinden som forsvant med heile kruna på eine stammefuchsiaen min så er det det til høgre på bildet til venstre, som dåkke ser har den teke det igjen i fullt monn med ny og stor krone.