
Rosa helenae 'Hybrida' er ei nydelig rose med god duft som brer seg i hagen i desse dagar.

'Symphatie' klatrar i armeringsnettet.

'Golden Showers' - ei flott klatrerose.

e

'Dronningen af Danmark'
.

Her er det "Eikefjordrosa" som eg har omtala før i bloggen min. Ukjent sort, men eit klenodium som har ein særeigen betydning i hagen min ettersom den kjem frå kona mi sine besteforeldre sin hage som ikkje lenger er i familien. Den vekker mange gode minner.
Dessverre har den lett for å få roserust og ofte vert blomstringa øydelagt av mykje regn som den tåler dårlig.
'Rose de Rescht' ein gamal og god sort som finst i mange hagar - denne fekk mor mi med seg frå sin barndomsheim og eg har fått den vidare til min hage.
Liljene er midt i den flottaste blomstringstida og her er nokre av dei :

Lilium pardalinum er eit fyrverkeri av fargar i raudt, orange, gult og brunt som ikkje kjem så godt fram på bildet her pga. lysforholda. Skal prøve å ta eit betre bilde av den når eg kjem heim - den fortenar det! ;)

'Pink Perfection' er ei nydelig lilje, syns det gulgrøne svelget gjer denne lilja til noko spesielt.

'Madame Butterfly' blomstrar rikt og sprer godlukt.

'TomPouce' luktar ikkje, men er ei flott liljelikevel.

'Schocking' har nokså store blomster og er ei flott lilje.

Lilium tigrinum splendens - eg likar spesielt godt kombinasjonen av varm gulorange og brunt. Dette er ei av dei flottaste variantane av tigerliljene syns eg.

Blomstringa er den ferdig med, men druene veks i klasane. Håpar på at det vert betre veir under modninga denne hausten enn i fjor då soppangrep øydela det meste av druene i ròteveiret vi hadde då!