lørdag 9. juni 2012

Forsommarblomstring på Nordåker

Då er det på høg tid med ei oppdatering av bloggen igjen. Må innrømme at den blir litt forsømd for tida, men slik er det.
Vi har hatt 3-4 dagar med varmt og fint veir noko som var svært velkomment etter den kalde våren og forsommaren så langt, med unntak av pinsa som var utruleg flott.
Forrige søndag hadde eg og to andre hagar i nabolaget besøk av Gloppen Hagelag med ialt 12 deltakarar. Kald vind og tidvis regnbyger gjorde at det vart litt i suraste laget, men var likevel ein koseleg dag med mykje planteprat i hyggjeleg lag.
Idag tok eg ei fotorunde i hagen og vil vise nokre av dei bileta eg tok + nokre andre som er litt eldre, men frå no i år.

Det flottaste bildet eg tok idag må være dette av Blå valmuesøster (Meconopsis betonicifolia)

Kvit valmuesøster (M. betonicifolia 'Alba') står i knopp og, den står litt meir skyggefult og er nokre dagar seinare, men sjølv syns eg knoppane i seg sjølv er nokså vakre og.

Auriklane mine er på retur, dei fleste har blomstra frå seg, men andre Primulaartar tek over.

Her er det Primula chungensis som har blomstra ei god stund. Dei er nokså vanskelege å få nærbilde av så det får klare seg med dette gruppebildet. Om ein studerer det nøye ser ein at kvar plante har fleire etasjar (kransar) med blomster på kvar blomsterstilk. Nokså stilige plantar syns eg.

Her er det Primula polyanthus som er veldig blomsterrik. Eg hadde mykje av dei tidlegare, men vinteren for to år sidan med sterk barfrost ein heil månar i november- desember gjorde sterkt innhogg i bestanden. Dei finst i mange fargar og trivst best i halvskugge.

Primula waltonii kan være nokså variabel i fargen, men min er burgunder på utsida og fløytefarga innvendig. Trivst best i skuggen på fuktig, men ikkje våt jord. Min trivst veldig godt ilag med Arisaema som er svært sein før den dukkar opp etter vinterkvila. Eg såg den var på veg opp idag så den har iallefall overlevd denne vinteren også.

Desse to under er  variantar av Primula japonica- ein villig og god Primula for woodlandet.


På bildet under er det  Euphorbia griffithi 'Fireglow' som har blomstra fint lenge. Den blir ca meteren høg og sprer seg sterkt dersom den har fritt spelerom. Min har i år komme under muren og opp i drivhuset som ikkje har støypt plate. Eg må gjere noko med det slik at den ikkje overtek heile drivhuset.



Tilslutt vil eg vise eit parti frå woodlandet mitt som eg er bra fornøgd med. Den mørkblada planten framme t.h er Ligularia 'Britt-Marie Crawford' ellers er det m.a.  fire forskjellige Acer. Den gulorange heite Acer palmatum 'Orange Dream' og den lyse t.v er Acer shirasawanum aureum som gjer seg godt mot dei raudblada Acerane.


10 kommentarer:

Blomsterguri sa...

Flotte blomster du har! Det er veldig hyggelig å få en titt innimellom. Ditt Woodland var nydelig!

Frøya-Heidi sa...

Det siste bildet likte jeg kjempegodt, du har så mange vakre bladvekster. Den rødbladete ligulariaen kommer på må-ha-lista mi :-)

Blå valmuesøstre er jo råflotte da, enig med deg der.

BjørgSoo sa...

Kjekt å se fra hagen din. Mye fint og spennende der. Woodlandpartiet ditt ser ut til å være veldig flott.

Northern Shade sa...

Your blue Meconopsis betonicifolia is wonderful. I grew these at my last garden, and should add some to my garden now. They didn't always last for me, but the blooms look great in part shade. Your Primula are looking good, and the purple and yellow polyanthus is very showy.

hajal. sa...

Takk for det alle saman. :)

Elin sa...

Takk for titten, Harald!
Har laga meg ønskeliste på telefonen vha 'Evernote', så no fekk eg putta Ligulariaen på den. Den var virkelig lekker!

hajal. sa...

Ja den Ligulariaen er virkeleg flott, men det finst mange andre flotte Ligulariar og, . Trur eg må ha meg fleire ! ;)

krepsemor sa...

Så mange fine Primula du har! Likte veldig godt japonica. Og det siste bildet du viser var spesielt fin sammmenplanting!

RandiF sa...

Veldig fin den Primula chungensisen, lyser godt opp. Og Britt Marie Crawford står høgt på ønskelista mi. Flott sammenplanting i woodlandet ditt. :-)

hajal. sa...

Takk for det Krepsemor og RandiF.
P; Japonica er blomsterrike og flotte Primula som finst i fleire fargar og nyansar og er ein Primula eg anbefaler. P. chungensis er nokså spesiell med sin orange/gule blomster i som regel tre kransar oppover blm.stengelen.Her er sjølvsår dei seg villig om dei ikkje frøskolmane vert plukka bort.
Britt Marie er bare nydelig og den mørke fargen held seg heile sesongen :)