lørdag 14. mai 2011

Aurikkelblomstringa er på høgda no









Aurikkelblomstringa har halde på ei stund no og eg går og beundrar dei og snusar inn den deilige lukta frå desse blomstrane som er så vakre. Eg veit ingen blomster som har ei så god lukt som auriklar. Etterkvart har eg opparbeidd meg ei rekke fargevariantar ved plantebytte og mange har eg sådd sjølv både av eigen avl og kjøpte frø. Spennande kvart år å sjå om det er nye variantar som dukkar opp.


Som før fortalt har hjorten teke seg av begrensinga av nye variantar dette året så det er ikkje så mange nyerverv å sjå fram til som eg hadde planlagt, men eg får så på nytt til hausten igjen og håpe det beste. Dei skal eg iallefall prøve å beskytte så godt eg kan mot hjortehordane som heilt sikkert dukkar opp att når kveldane vert mørkare på seinsommaren og utover vinteren.




God helg til alle aurikkelelskarar og alle andre! :)

9 kommentarer:

inger Lises quilt og hage sa...

Ja det er jammen forskjell på hageblomstring. Har mista neste alle mine eg. God helg Harald og hels Solfrid

Mia sa...

Otroligt att det finns så många olika sorters färger på dom, blommorna är verkligen söta, men bladen... Ha en bra helg du också :)

Frøya-Heidi sa...

Så mange flotte du har hajal! Mine blomstrer på sitt beste også nå, en herlig tid :)

God helg!

Mariann S sa...

Masse flott Auriklar :) Syns ej ser ett par Sunnmøringar der ;)) Mine er allerede litt på hell no, men fortsatt masse blomstring :)

krepsemor sa...

Nydelige aurikler! Likte spesielt godt den første, den lysblå! Jeg har ikke vært klar over at de har duft! Jeg skal jammen stikke nesa nedi mine, og kjenne!
Angående hjort, så var det ei som tipset meg om å raspe sterk såpe nedi blomsten, for da smaker de nok pyton =) Og hvis vi er heldige, så går de heller til naboen neste gang!
Ha en fin lørdagskveld!

RandiA sa...

Ja, der var det mange flotte. Det er høy-sesong her også. Tror du har flere varianter enn meg.

Mariann sa...

Så mange forskjellige aurikler du har. Nydelige. Synd at hjorten ikke kan la de være i fred.
Ha en fin søndag!

Tove sa...

Flott aurikkel blomstring hos deg i år også :-)Det er en del som er i gang her også, men kameraet er på verksted. Lurer litt på om jeg har litt mye å gjøre i år, for jeg får liksom ikke med meg alt ute i hagen. Ha en fortsatt flott vår :-)

hajal. sa...

Inger Lise:
Det var trasig at du har misst så mykje. Her er ein del avgang i hagen og, men auriklane har klart klimaet bra.

MariannS:
Javisst er der Sunnmøringar og i samlinga! ;)

Krepsemor:
Dei fleste duftar, men det varierar litt frå sort til sort. Sjølv syns eg a dei aat gule har mest duft.