I går fant eg dei fyrste kvitveisane i blomst, noko som eg held som ein merkedag kvart år. I år er det 14 dagar seinare enn i fjor då den fyrste opna seg 2. april noko som var svært tidleg.
Når eg fekk sjå meg rundt i gamalt fjorgras fant eg ei heil gruppe som var utsprotten.
Også påskeliljene ( Narcissus pseudacorus ) er komne i blomst her hos oss -
Også vårkålen (Ranunculus ficaria) er kommen i blomst (gløymde å ta bilde av den) men den er eg mindre glad for å ha i nærleiken - iallefall i hagen!
No har vi virkelig følelsen av at våren er komen, men skal vi tru veirmeldingane er det fare for snøfall i slutten av veka - typisk!
Ha ein fin vårdag alle saman! :-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Nydelig. Vi får håpe at ryktene om snø er overdrevet. Og så synes jeg på aktivitetsnivået på bloggen å kunne anta at du også er på bedringens vei? Håper det er tilfelle.
Ai, så nydelige! Tydelig at dere ligger lenger framme i løypa der nede i syden, jeg har bare knopper på begge.
Smgj:
Eg håpar inderlig at snøvarselet vert gjort til skamme! Når det gjeld auka aktivitet på bloggen er den dessverrem IKKJE proporsjornal med fysisk helbred, men absolutt proporsjonal med årstidsavhengig auka trivsel.
Berit:
Det er vel slik at vi her ved kysten strekker sesongen i begge endar. Hos deg er det vel meir som ein "eksoplosjon" når fyrst tida er komen ?
Lukke til med vårteikna hos deg og!
Legg inn en kommentar