søndag 10. mai 2009

Vekesrapport

Etter ein fantastisk april med gode temperaturar og svært lite nedbør har vi lagt bak oss godt og vel ei veke av mai som har bestått av mykje vind og nedbør med nysnø i fjellet - ja enkelte dagar heilt ned i skogen, regn og hagl i lavlandet.
I April fekk vi bare 38 mm nedbør og det var begynnt å bli farleg tørt med tanke på skog-og lyngbrandfaren rundt omkring.
Til no i mai har vi målt opp 106 mm i den offisielle målestasjonen vi har her.
Vi har fått rikeleg nok no til vekst og blomstring ei tid framover og sannelig varslar yr.no om "godt og tenleg veir" den kommande 10-dagarsperioden.
Mange av dei blomstrande plantane i hagen min ber sterkt preg av all nedbøren og vinden den siste tida - særlig auriklane ber preg av det. :-(


Ein av dei som ser ut til absolutt å like det fuktige veiret er denne dvergakeleia - Aquilegia flabellata 'Nana' , eit virkelig lyspunkt i fjellhagen.

Idag skal eg flytte på ein del av auriklane slik at eg har kvar farge samla, men eg har også mange som eg ikkje veit kva farge dei har.
Nokre er frøsådde og nokre har eg bytta til meg her og der.
Forøvrig var spiringa av auriklane svært god i år, både heimavla og frø frå Dansk Primulaklubb.
Dei siste dagane har eg prikla ein heil del både auriklar og andre Primula av årets sådd.
Eg har skifta mellom prikling i drivhuset og arbeid ute i hagen alt etter korleis veiret har vore.

På Onsdag var eg på hagevandring på andre sida av fjorden (Stårheim) ilag med andre medlemmer av hagelaget - ei triveleg stund til tross for kjølig og guffent veir den dagen og.

På fredag fekk eg spennande plantebyttepakke i posten som eg har potta og sett i drivhuset - idag skal eg plukke ut og pakke returpakke, alltid like kjekt begge deler. :-)

Igår fekk eg klipt buskbomhekken min så no ser den riktig så kjekk ut!!


Ein del av avklippet brukte eg som stiklingsmateriale - stakk dei rett i jord på ein skuggefull plass og håpar på godt tilslag.
Har god erfaring med det frå før ettersom heile hekken min er heimelaga, stiklingar frå ein gamal buskbom som stod i hagen då vi overtok her.

I fjellhagen blomstrar enkelte fint no :

Her er det ein Lewisia som akkurat har starta blomstringa for i år.

Denne har eg misst namnet på ... er det nokon som kan hjelpe meg med namnet ?
Blåfiolette blomster i hengande klasar, vintergrøne blad.



Den vesle Aquilegia canadensis nana ser eg hadde absolutt gjort seg med fleire eksemplar ilag, det må gjerast noko med.

No må eg gjere alvor av å gå ut og gjere noko med dagens oppgåver, veiret til tross !

Ha ein fin søndag alle saman ! :)

7 kommentarer:

RandiF sa...

Trur det er Wulfenia den du lurer på. Eg har den i kvitt.
Dårleg hagevær for tida, ja, det skal være sikkert. Har ikkje fått slått plenen endå. Men utsiktene er jo bra framover no, så hagen skal nok bli bra til 17. mai. :-)

hajal. sa...

Takk skal du ha Randi, Wulfenia carinthiaca er det rette namnet ja. Merkelappen var vekk og det samme med hukommelsen då eg skreiv innlegget :)

Marit sa...

Så flott buskbomhekk du har! Jeg sliter med å få buskbom til å trives her, for det er nok for kaldt om vinteren. Jeg har en kule som jeg nettopp har frisert, og har gjort som deg, stukket mange stiklinger. Lykke til med tilslaget!

Tove sa...

Flott hekk og blomstring. Aurikler er noe man aldri får nok av. Moro å samle på er de også. Ha en flott ny hageuke :-)

Røsslyng sa...

Flott jevn hekk du har. Det å ta buskbomstiklinger har jeg ikke tenkt på, men kjempesmart! Mine tre busker er knøttsmå ennå, men det står en stor uryddig busk langs veien i nabolaget som sikkert ikke hadde tatt skade av å bli kvi kvitt noen tupper...
Utrolig mye flott vårblomstring du har å vise frem! og eliatorprimulaene dine i forrige innlegg var virkelig oppmuntrende og fargesprakende :)

hajal. sa...

Takk for skryt alle saman.
Buskbomstiklingar set eg av greiner som eg kuttar opp i ca 15- 25cm lange bitar, tek av blada, sårar barken og stikk dei rett i bakken på ein skyggefull plass. Det er viktig at stiklingane er sett så djupt dei vert godt faste i bakken. Dei vil rote seg etter 1-2 år. Hugs å vatne godt dersom det er tørkeperiodar.
Ein kan og nytte korte skudd, men då er det best å stikke dei i potter, sette dei i skygge og passe på at dei ALDRI tørkar ut!

Janne sa...

oj, hekken er jo blitt flott! So fint det vart at den går heile vegen. Trur ikkje eg har sett at den har gått bak fontena før?! Gler meg masse til å komme heim til sommarlege nordfjord!!! :D