tirsdag 23. mars 2010

Vårteikn

Crocus chrysanthus 'Saturnus' er ein av dei flottaste krokusane og aller finast er den i knopp syns eg! - Godt å komme heim att å finne slike vårteikn!

Madammen og eg har vore 5-6 dagar i Valdres på besøk hos eldste datter med familie.
Dei har kjøpt seg hus som dei flytta inn i på nyåret og det var kjekt å sjå korleis dei har fått det i den nye heimen sin. Sander syntes det var kjekt å få besøk av Besta og Besten.
Ein aktiv krabat med mange jern i ilden som det høver seg ein gut på snart 2 år.
Vi har jamn kontakt på skype, men det vert sjølvsagt ikkje det same som personleg og nær kontakt med barnebarna.
Laurdag var eg på spabehandling på Beitostølen som eg fekk i gebursdagsgåve tidlegare i vinter og det var ein nytelse.
Igår (mandag) kom vi heimatt og det var godt å sjå at snøen hadde minka frå 77 cm då vi drog til 22 cm idag tidleg på den faste målestaden. Enkelte snøfrie bøter er det og her og der.

Eg syns det var stas at buskbomhekken min hadde dukka fram att frå djupsnøen, det går på fram! I bakrgrunnen skimtar vi eit av dei store morelltrea våre og under der det skal det omarbeidast til blåveisbed er tanken - om det vert til våren er enno uvisst.
Eg måtte bort å sjå om det var liv i blåveisane som alt har fått plassen der og det var det heldigvis i alle saman.

Under steinbenken ved morelltreet hadde eg gøymt tre potter med Hepatica - ein H. japonica frå Japan, ein H. henryii frå Kina og ein H. asiatica frå Korea godt innpakka i tørt lauv og granbar. Dei levde alle saman i beste velgåande. Den eine av dei jamvel nesten i blomst under der.

Påskeliljene er sprutfulle av kraft og er klar til blomstring straks dei er kvitt snødekket, med litt varme i veiret er det ikkje lang tid før den fyrste blomsten openbarar seg.

Snøklokkene blomstrar forskjellige plassar i hagen der det er fritt for snø, her representert ved den fylte utgåva eg har Galantus nivalis 'Flore plena'.

Den eine blåveisen som har lege i dvale, innpakka i tørt lauv og granbar under steinbenken har alt klar knoppar som snart vil sprette ut. Dette er ein japansk blåveis (H. nobilis var. japonica)

Julerosene med store knoppar. Her er det den gulkvite Helleborus orientalis 'Yellow Lady......og nedanfor er det H. atropurpurea som snart er i blomst.


Her er ein krokus som eg ikkje kjem ihug namnet på (namnelappen ligg under snødekke) som pressar seg gjennom bladverket til Tiarella grandiflora.

Den fyrste Primulaen i blomst etter denne merkverdige vinteren er P. pruhonichiana som hadde ein open blomst bare eit par dagar etter at snøen gjekk på den plassen den står.
Ellers er det mange Primula i knopp, men ingen andre som blømer akkurat no.
Tidlegare år har eg hatt Primula i blomst heile vinteren unntatt dei få dagne det har vore snødekke.
No har vi hatt konstant snødekke sidan 19. desember så det er temmelig uvanleg for oss dette.
Håpar bare at ikkje det kjem meir snø heretter, no vil vi ha VÅR!

søndag 14. mars 2010

Meir snø og nye showauriklar i blomst

Dette bildet er ikkje frå idag, men det siste døgnet har vi fått nye 25 cm snø og har no 67 cm. Det fortsette å snø så vinteren er absolutt ikkje over enno sjølv om meisene prøvar å innbille seg og oss at det er nært foreståande med vårstrofene sine og fakter som ikkje er å misstyde.
Det går på solsikkefrøa og småfuglane er flittige gjestar på matstasjonen på varandaen. Kjøttmeisene er i fleirtal, men vi har også mange blåmeiser, granmeiser, 3-4 spettmeiser og svarttraster av og til er raudstrupen og eit dompappar innom og i går var ein grønnsisikhoe på besøk.

Eg hadde håpt på at regnet vi fekk denne veka skulle ta med seg det meste av snøen og renne til havs, men den gang ei!!! :(

Då lyt vi trøyste oss med andre gleder og i kjellaren under plantelyset har eg fått dei tre siste showauriklane mine i blomst og etterkvart som knoppane utvikla seg vart eg meir og meir spent på fargen - eg vart fort klar over at dei var av den attraktive "grønblomstra" sorten og heldigvis tre forskjellige!
Alle desse tre pluss dei tre eg viste i eit tidlegare innlegg er alle sjølvsådde av frå frå det franske frøfirmaet Barnhaven- eit frøfirma eg varmt kan anbefale til alle som likar Primula av alle slag.
Dei har godt utvalg både i Auriklar og andre Primula så det er vel verdt å ta turen innom deira sider på nettet.

Den raude kransen syns eg er lekker mot det grøne, kvite og gule. (klikkbare bilder)

Denne går meir over i raudfiolett, noko som viser betre på bildet under (same planten)


Den siste er mykje mørkare på farge, nesten over i det svarte og med god melering på blomst og stilk - utruleg lekker må eg seie!


Eg gled meg veldig til Hageauriklane ute i beda startar blostringa si, håpar det vert rikeleg blomstring denne våren, både på auriklar og dei andre Primulane når dei fyrst kjem igang.
Dei siste vintrane har eg hatt Primula i blomst stort sett heile vinteren, no er vi komne til midten av mars og snøen ligg djup over alt og gøymer alt det vakre som berre ligg å ventar på få utfolde seg. Tippar det vert litt av ein"eksplosjon" i fargar når fyrst snøen smeltar dei slepper til .

God helg til dåkke alle!

fredag 5. mars 2010

Uoffisiell snørekord


Drivhuset er snart nedsnøa, snart kan eg grave meg tunnell for å komme til dørene der.


Idag har vi virkelig fått påfyll av snø. No måler snødjupna på flat mark 93 cm og eg kan ikkje hugse å ha målt så stor snødjupne på dei 20 åra vi har hatt målestasjon for Det meterologiske Institutt. Hugsar vi eit år var oppe i "nokre og åtti cm" men hugsar ikkje i farten korkje år eller nøyaktig mål. (gidd heller ikkje finne fram alle notatbøkene og sjekke det ;-)
Enno meir sjelden er det at snøen har lege fast i 11 veker - snøen la seg den 19. desember og sidan har den lege utan opphald. Slikt er sjeldan kost her i fjordfylket.
No høyrer eg at det går ras mange stadar og mange vegar i fylket er stengt pga ras og fare for ras. I morgon varslar dei om meir snø før det på søndag skal gå over i synnjaveir og regn og når eg skal være ærleg syns eg det hadde vore godt no å bli kvitt snøen.

I dag fekk eg måka av drivhustaket og med den nedbøren som kom utover dagen er eg sikker på at det hadde vore ein ruinhaug no dersom eg ikkje hadde fått det gjort på føremiddagen.



Småfuglane stakkar har harde kår for tida, men her har dei matstasjon på verandaen der vi forar dei som best vi kan og kjøtmeis, blåmeis, granmeis, spettmeis, raudstrupe og svarttrast har vi der kvar dag . I dag eg var ute og måka snø høyrde eg jammen nokre av dei var begynnt å øve seg på vårstrofene sine, iallefall kjøtmeisa og spettmeisa var i vårstemning ei lita stund då sola nesten braut gjennom skydekket. Kort tid etterpå vart det plutseleg temmeleg mørkt og når eg sår rundt meg var eg omkransa av tjukke snøbyger på tre kantar og det skulle vise seg at dei ikkje gav seg før det leid på sein ettermiddag.

Spettmeisa



Morelltrea i vinterdrakt

I kjellaren er det no like før dei to siste showauriklane opnar blomstane sine og eg har ein mistanke om at dei har mykje grønt i seg, fargevariantar eg ikkje har noko imot å ha i mi eige.
Eg får komme attende med bilder når dei har sprotte ut.

God helg til alle som er innom ! :-)